Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Kleppestøylen



Kleppestøylen ligg ca. 655 m o.h., og høyrer til Kleppe, gard nr. 91 i Gloppen. Frå bygdeboka: "Kleppsstølen ligg oppe i fjellsida til høgre og aust for Svoda. Her finst også eldre namn som vitnar om stølsdrift. Såleis finn vi Flatestølen, Klepps-flatestølen, Gamlestølen eller Klepps-gamlestølen. Desse namna er festa til staden der torvladene til Moldestad seinare har stått. Ofte finn vi ikkje rester etter hus på namn som ovanfor. Truleg har vi her plassar der buskapen samla seg, og i tidlegare tider også vart mjølka. Husa på stølen har stått nokså tett. I dag er her tre sel som er godt istandsette. Av fjøsa er det stort sett berre murrestar att.

Stemne på Kleppestølen. Sel og fjøs bak.

Stemne på Kleppestølen. Sel og fjøs bak.

Eigar: ??.

Datering: 1941.

Fotograf: ??.

Tilkomst

I dag er det ca 0,5 km kjørbar rås frå riksveg 60 som går over fjellet. Tidlegare var det å fylgje gamlevegen over Moldestad og med rås som ovanfor, til stølen.

Bruk av stølen

Etter Kjell Råd: "Stølen ligg solvend til, berre 650 m o.h. Difor var det tidleg vår og tidleg beite. Kyrne vart jaga opp i marka rundt 17. mai og så reiste dei kyrne på stølen rundt midten av juni. Så tilbake til gardfjøsane i slutten av august. Var veret godt, reiste dei ikkje heim frå stølen før i oktober."
Bruken av stølen tok slutt i 1942. Kulturbeitet tok over for mjølkekyrne. Berre storfe som ikkje mjølka blei sende på fjellbeite heretter.

Nokre fakta

Kleppe, gard nr. 91, Breim sokn, hadde 3 bruk i 1890.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 5. (Upublisert, november 2000).
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR