Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Sogndalsfjøra



Sogndalsfjøra var namnet på det tettbygde område ved fjorden, på nordsida av Dalaelvi, som var ein gamal "landsby". No vert gjerne heile sentrumsområdet i Sogndal kalla for Sogndalsfjøra, eller Fjøra.

Denne kartskissa laga Ivar Aasen då han budde i Sogndalsfjøra i 4 månader vinteren 1842-43. Det eigentlege Fjøra er husklyngja som har nummer 1 på teikninga.

Denne kartskissa laga Ivar Aasen då han budde i Sogndalsfjøra i 4 månader vinteren 1842-43. Det eigentlege Fjøra er husklyngja som har nummer 1 på teikninga.

Allmenningen

I Sogndal som i andre fjordbygder der ein hadde mange gardar som ikkje grensa direkte til fjorden, utvikla det seg tidleg ein allmenning ved fjorden, der gardane hadde felles opplagsplass, og plass for båtar og naust. Området frå elva og inn forbi den kommunale kaien var slik allmenning i Fjøra, og det var her det gradvis voks fram ei husklynge. Det var fattigfolk som slo seg ned her, fordi det enten ikkje vart kravd jordleige på almenningen, eller i alle fall ei jordleige som var så lita at dei kunne ha råd til å betala ho.

"Landsbyen" veks fram

Vi veit ikkje nøyaktig kor gamal denne "klyngjebusetnaden" er, men det første sikre provet på han finn vi i skattemanntalet frå 1664-66. Då finn me namnet på tre menn, Palle-Oluff, Ingebret Skaffer og Endre, som alle var "Husmænd, tilholdende paa Almindingen". På 16- og 1700-talet vart folketalet i Sogndal mest tredobla, og det var i denne tida den husklynga ved fjorden utvikla seg til ein liten "landsby". Dei som heldt til her vart kalla for strandsitjarar, eller jordlause husmenn.

Ein bygdeslum

I 1801 budde det 222 menneske i Fjøra. Av desse var det ei klar overvekt av eldre kvinner, og her fanst mest ikkje ungdomar. Dei fleste som var yrkesaktive livberga seg ved å kombinera lausarbeid på gardane kring Fjøra med fiske i fjorden. Nokre få var handverkarar, men den aller største gruppa var dei som var fattigunderstøtta, nytte almisser som det heitte. Heile samfunnet i Fjøra bar preg av å vera ein bygdeslum. Dei fleste husa var små, og fattigslege, mange hadde berre eitt rom. Berre gjestgjevarstadene på Nytappen (ved Fossetunet) og i Hofslund (like utanfor det eigentlege Fjøra), skilde seg ut med større og staselegare hus.
Dette var samfunnet som den mest berømte sogndølen nokon gong - Gjest Baardsen, voks opp i.

Frå bygdeslum til bygdesenter

Fram gjennom 1800-talet skifta samfunnet i Fjøra langt på veg karakter. Gradvis utvikla den gamle bygdslumen seg til å verta eit bygdesenter. Heilt utan sentrumsfunksjonar var ikkje landsbyen frå gamalt av heller. I eller ved Fjøra låg dei få sentrumsfunksjonane bygdesamfunnet hadde: Her budde presten, her var tingstaden og her var to handels- og gjestgjevarstader.

"Spesialisering"

Det som framfor alt endra Sogndalsfjøra utover på 1800-talet, var den gradvise spesialiseringa i samfunnet, med stadig fleire spesialiserte handverkarar, og auken i handel og varebyte, med stadig fleire handlande i Fjøra. Folketalet voks mykje meir i Fjøra enn i bygda elles, og då det var folketeljing 3. desember 1900, budde over 500 menneske i Fjøra. 75 av dei var hybelbuarar, og elevar på Sogndal folkehøgskule (Helgheim). Staden hadde og fått ein heilt annan utsjånad. Husklyngja var vorten mykje større, og dei mange nye husa var mykje større enn dei gamle strandsitjarstovene.

1900-talet

No er Sogndalsfjøra det definitive handelssentrum i Sogn. Handel og anna tenesteyting dominerer i dagens Fjøra. Endringane på 1900-talet var endå meir omfattande enn i hundreåret før, og særleg store var endringane i tida frå midt på 1950-talet og framover. Fram til då stod det gamle bygdehandverket enno sterkt, og handelsnæringa var organisert i ei rekke små verksemder.

Frå krambuer til storsenter

I siste halvdelen av 1900-talet er dei gamle handverka så godt som borte. Stadig større bygningar har romma stadig større butikkar, og fleire og fleire offentlege og private kontor. Fordi den gamle landsbyen Sogndalsfjøra har utvikla seg til ein moderne bygdeby og senter - ikkje berre for Sogndal men for heile Indre Sogn - er det ikkje så mange fysiske minne att etter den gamle tida, men noko er det. Spaserer ein på Elvabakken, i "Ytsta Fjørao", eller i geilane i "strondi" innanfor den kommunale kaien, kan ein enno få ei aning av det gamle landsbysamfunnet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Engesæter, Aage: Ein norsk "landsby". Strandstaden Sogndalsfjøra på 1800-talet. I Syn og Segn nr. 1, 1979.
Engesæter, Aage: Sogndalsfjøra. Nokre drag frå Fjøra si soge. Lokalhistorisk undervisningsstoff frå Sogn og Fjordane distriktshøgskule, 1979.
Ivar Aasen: Reise-Erindringer og Reiseinberetninger 1842-1847. Trondheim 1917.
Engesæter, Aage: Sogndalsfjøra 1801-1875. Trekk av den sosiale og økonomiske historia i ein strandstad. Hovudoppgåve i historie. Universitetet i Bergen, 1976.

PERMANENT IDENTIFIKATOR