Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. mars 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kommune

Rå-data

1905 - Reint flagg for prinsepar på Sindre i 1898



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Reint norsk flagg utan unionsmerke var kampsak i 1890-åra (flaggsaka). Denne artikkelen handlar om ei lokal "flaggsak" i 1898, då eit kongeleg fylgje fór framom på garden Sindre i Stryn.

Sindretunet sett mot aust, måla av Eilert Mehl sommaren 1900. Sindre ligg i Markane mellom Hornindal og Faleide/Stryn på nordsida av Nordfjord. Hovudvegen Den Trondhjemske Postvei gjekk gjennom tunet på Sindre. Det kongelege fylgjet kom nordfrå (frå venstre på biletet).

Sindretunet sett mot aust, måla av Eilert Mehl sommaren 1900. Sindre ligg i Markane mellom Hornindal og Faleide/Stryn på nordsida av Nordfjord. Hovudvegen Den Trondhjemske Postvei gjekk gjennom tunet på Sindre. Det kongelege fylgjet kom nordfrå (frå venstre på biletet).

Eigar: Svein Sindre

Datering: Måleri frå 1900 fotografert 2005.

Fotograf: Svein Sindre.

Reint flagg på Sindre

Svein Sindre, busett på Sindre i Markane i Stryn, har fortalt om ei hending på Sindre frå slutten av unionstida med Sverige. Han har ho etter far sin, Hallvard Sindre. Dette vesle livsminnet frå 1898 knyter seg til unionsoppløysinga ved at me høyrer om eit kongeleg besøk kort tid før 1905, og om privat bruk av flagget ved eit slikt høve.

Frå 1844 hadde Sverige og Norge unionsmerke i flagga sine. Den indre ruta øvst hadde felles mønster og fargar. Eit reint norsk flagg vart etter kvart symbol på fullt sjølvstende og ei kampsak for mange. I 1898 vedtok Stortinget - for tredje gang - at flagget skulle vera slik vi har det no. Men orlogsflagget skulle framleis ha unionsmerket. Det vart skifta ut 9. juni 1905, to dagar etter 7. juni-vedtaket. Alt i åra før 1898 tok somme til å bruka det reine flagget, som eit uttrykk for fullt sjølvstende, og for det "det norske og nasjonale".

Og så til forteljinga om "flaggsaka på Sindre". Prins Carl og prinsesse Ingeborg reiste sumaren 1898 forbi Sindre. Den Trondhjemske postvei gjekk den gongen gjennom tunet. Husbonden, Rasmus Sindre (1859-1908), var bortreist, og dei hadde besøk av ein slektning, Endre Rasmussen Ytreeide. Flagget måtte sjølvsagt heisast når eit kongeleg fylgje var ventandes, men det fekk dei ikkje til, av di snora var avsliten. Men Endre visste råd, - det skal vi greia, meinte han. Han fann fram ei stong, festa flagget i toppen og stakk stonga ut gjennom takvindauga, slik at flagget vart hangande rett over vegen.

Då fylgjet passerte, stogga dei. Prinsen reiste seg, løfta på hatten og takka for helsinga med flagget. Svein Sindre spurde seinare far sin om det var eit reint flagg. Han svarde då at " her på garda har kje de vore anna enn reine flagd."

Oppslag i Fjordenes Blad

Fjordenes Blad hadde reportasje om det kongelege besøket i Nordfjord sommaren 1898. Av stykket går fram at fylgjet kom til Grodås i Hornindal fredag 24. juni, etter alt å døma frå Geiranger og Hellesylt på Sunnmøre. Etter ein stogg på Grodås der prinsen inspiserte fire kompani frå Fjordenes linjebataljon, heldt prinseparet fram på Norges-reisa si til Visnes i Stryn der dei overnatta. Nedanfor fylgjer stykket i ordrett attgjeving:

"Prins Carl og prinsesse Ingeborg i Hornindal. Oberst Holtermann hilser de kongelige. Fjordenes linjebataljon har opvisning for prinsen.

Gjennem telefonen meldes os, at igaaraftes kl. 7 ankom prins Carl og prinsesse Ingeborg til Grodaas i Hornindal, hvor Fjordens linjebataljon da var oppstillet langs veien. Prinsen med følge kjørte hilsende langs rækkerne. Ved Navelsakers hotell stod oberst Holtermann med de andre officerer og modtog de kongelige. Derefter marcherede bataljonen tilbage til leirpladsen, hvor en opvisning i marcher og haandgreb foretoges.

Strax efter fortsatte de kongelige reisen til Visnes, hvor de skulde overnatte. Prinsen og prinsessen ledsages paa sin norgesreise af to herrer og to damer.

Om prinsens videre reise i Nordfjord savner vi underretning.
Obersten indskibede derpaa 2 compagnier i baadene for at paabegynde tilbageturen til Meleim og Eid. De øvrige 2 compagnier skulde senere paa aftenen afhentes af transportbaaderne."

Påtenkt som Norges konge

Ved Stortinget sitt vedtak 7. juni 1905 var kong Oscar 2. ikkje lenger Norges konge slik dei norske styresmaktene såg det. Same dagen sende Stortinget ei "adresse" (brev) til kongen med tilbod om å medverka til at Norge seinare kunne velja ein svensk prins til den ledige trona. (Kongen nekta fyrst å ta mot denne adressa, og takka seinare på året nei til Bernadotte-tilbodet.)

Hadde Stortinget ein bestemt prins i tankane? Var det prinsen som "gjorde honnør" til det reine norske flagget på Sindre sju år tidlegare?

Søndfjords Avis kunne 22. juni visa til spekulasjonar i ei bestemt retning:

"et Forlydende, som antager mer og mer bestemte Former, og som vistnok ogsaa er vel begrundet, gaar ud paa, at af de Bernadotteske prinser er [det] Prins Carl (...) man nu nærmest tænker paa som Norges vordende Konge."

Sindretunet

Litt meir om Sindretunet. I framgrunnen på biletet - fremst i artikkelen - ser vi grova (bekken) med dæla (vassrenna). Vatnet måtte i turre periodar kome til gards gjennom eit system av grøfter og slok (vassrenner) gjennom skogen frå elva ved Nybøsaga, ca 2 km lenger oppe i skogen. For å få trygt vatn dit, måtte ein heilt opp i fjellet ved Sindresetra og grøfte deler av elva Kvithella over i eit anna far.

Husa er frå høgre Masstova, bygd kring 1840, riven ca 1935. I framgrunnen er stabburet nærast og skykkja så å seia vegg i vegg. Stabburet vart rive i 1918 og tømmeret sett opp inne i "Nyehuset" som vart bygt til venstre for skykkja. Ho vart riven kring 1930. Nyehuset vart frå 1960 gjort om til familiebustad og nytta av ungfolket fram til ca 1980. Dei eldre fekk behalde sin bustad i Gamlehuset. I dag er det sameleis. Ungfamilien som eig og driv garden, har nyehuset medan den eldre generasjonen bur i Gamlehuset midt på biletet.

Eldste delen av Gamlehuset vart bygt kring 1850 som ei tradisjonell Nordfjordstove med gang, sperrestove, kove og kovelem. I 1892 vart huset ombygd, gjort lenger, påbygd ei andre høgd og ark mot aust, og gjort om til sveitserstil som var på moten den gong.

Lada er bygt i 1887 og er så romsleg og sterk at ein kan køyre inn på øvste lada med traktor. Konstruksjonen er grindverk med "stavar og betar" ytterst, slik at indre konstruksjonar kan fjernast utan å rive noko anna. Det har vore gjort ved fleire høve seinare.

kjelder:

Avisa Søndfjords Avis. 22.06.1905.
Fjordenes Blad. 24.06.1905.

PERMANENT IDENTIFIKATOR