Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 08. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Hestad kapell



På ein idyllisk holme ved Hestadfjorden ligg det vesle Hestad kapell. Det har røter attende til mellomalderen.

Hestad kapell vart bygt opp att på same staden som det som vart rive i 1805. Innvendig vart lite endra, medan tak og tårn vart ombygde i 1864.

Hestad kapell vart bygt opp att på same staden som det som vart rive i 1805. Innvendig vart lite endra, medan tak og tårn vart ombygde i 1864.

Eigar: I Bygdebok for Gaular, band III.

Datering: 1990-talet.

Fotograf: Dagfinn Vasstrand.

Kapellet og Øyrakyrkja

"En liden vakker, skogklædt holme i et langt bugtet vand, der smalner av til et trangt sund paa sydsiden, rundt omkring fjeld og aaser, dels nakne, dels klædd av furuskog, bare av og til litt lyst løv til at mildne indtrykket, - slik ligger Hestadkapellet i Viksdalvandet."

Slik innleier Gerhard Fisher i ein rapport om Hestad kapell i Fortidsminneforeningen si årsmelding i 1912. Holmen vert av folk i bygda kalla Øyra, og sjølv om det er vanleg å bruke nemninga Kapellet, vil eldre folk helst bruke Øyrakyrkja.

Bilete av plasseringa til kapellet.

Ei av fem kyrkjer

Kapellet har røter attende til mellomalderen. Segna seier at det stod kyrkje på Øyra på 1100-talet, men i skriftlege kjelder er ho først nemnd i ein paveleg rekneskap frå 1327. I ein oversikt over lokalkyrkja sine eigedommar frå ca. 1350 er Øyrakyrkja nemnd som ei av dei fem kyrkjene i Gaular. Etter Svartedauden var kyrkja ute av drift, og vi finn ho fyrst att som soknekyrkje på slutten av 1500-talet.

Nytt kapell i 1805

Før vegen på sørsida av vatnet vart opna i 1884, var vatnet framkomstveg. Dermed vart også kapellet liggjande midt i leia. Sommarsdagen gjekk båttrafikken gjennom sundet, og om vinteren gjekk sledefarten over Øyra. Kapellet vart rive i 1805 og bygd opp att på same staden. Innvendig vart lite endra, medan tak og tårn vart ombygde i 1864.

Bilete av interiøret.

Hestad landskapsvernområde

Ved Kongeleg resolusjon i 1971 vart det vedteke å opprette eit landskapsvernområde ved Hestad kapell. Området omfattar eit areal på omlag 35 dekar. Føremålet er å verne det særmerkte i eit vakkert naturlandskap som ramme om eit kulturminne. Eit samspel av varierte naturelement gjev landskapet ein eigenarta idyllisk atmosfære. Seinare vart området kjøpt av staten.

Bilete av detalj på benk.

kjelder:

Søgnen, Ludvig: Hestad kapell. I Jul i Sunnfjord. 1994.
Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular. Band 1. 1990.
Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular. Band 4. 1998.

PERMANENT IDENTIFIKATOR