Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 21. februar 2001

Sist oppdatert 02. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Totland kyrkje



Totland kyrkje er ei langkyrkje i tre som står på indre Totland, langt aust i Vågsøy kommune. Kyrkja, som har 250 sitjeplassar, vart vigsla 8. august 1912 av biskop Johan Willoch Erichsen. Arkitektane Lars Sølvberg, frå Utvik, og Jens Sølvberg, frå Bryggja, laga teikningane. Totland kyrkje vart soknekyrkje i 1964, og i 1967 vart soknet overført frå Davik til Vågsøy prestegjeld. 1. januar 2002 vart dei tre sokna i prestegjeldet slått saman til eitt, slik at Totland kyrkje miste sin status som soknekyrkje.

Totland kyrkje er eit harmonisk byggverk, og ein ser at arkitekt Sølvberg har teke med seg fleire av detaljane frå den fem år eldre Sør-Vågsøy kyrkje.

Totland kyrkje er eit harmonisk byggverk, og ein ser at arkitekt Sølvberg har teke med seg fleire av detaljane frå den fem år eldre Sør-Vågsøy kyrkje.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1997.

Fotograf: Alfred Solibakke.

Kyrkje på nordsida?

Fastlandskyrkja i Vågsøy vart bygd medan området enno høyrde til Davik kommune, og dei strevsame kyrkjereisene vinterstid over Nordfjorden til Rugsund var ein av grunnane til at kyrkja på Totland vart bygd. Rundt 1900 var plassmangelen i Rugsund-kyrkja eit stort problem. Men skulle dei få ny kyrkje, eller skulle Rugsund-kyrkja flyttast til Totland? Kanskje var det best å satse på ei ny og større kyrkje i Rugsund, og ei lita hjelpekyrkje på andre sida av fjorden? Ulike alternativ vart diskuterte, og ingen var usamde i at det kunne vore høvleg med ei kyrkje på nordsida som kunne nyttast vinterstid når kyrkjesøkinga i Rugsund var svært liten.

Det fyrste vedtaket soknestyret gjorde i saka, i 1899, var at Rugsund-kyrkja (bygd 1837) skulle flyttast til Totland. Dinest skulle det byggjast ny og større kyrkje i Rugsund. Det nekta Kyrkjedepartementet å godta. Rugsund-kyrkja var stor nok dersom soknet skulle delast. Året etter vart det difor gjort eit nytt vedtak, og no skulle kyrkja på sørsida i staden utvidast. Men kva med ei kyrkje på Totland? I 1903 hadde kyrkjetilsynet møte utan at dei makta å fatte noko vedtak. Eit par år seinare fekk dei samla seg om eit vedtak der dei gjekk inn for bygging av kapellkyrkje på Totland. Det vart etter kvart også semje om kyrkjestaden, som vart i tilknyting til gravstaden Kvile på Totland, og rundt jonsok i 1911 kom trelasta frå Nordmøre på to store prammar innover Nordfjorden.

Lokale arkitektar

Arkitekt Lars Sølvberg vart sjuk før han rakk å gjere ferdig teikningane til kapellet, og Jens Sølvberg, som hadde gått i lære hjå arkitekten, måtte fullføre dette arbeidet. Teikningane vart godkjende av Statens Bygningsinspektør med berre mindre endringar. Kortilbygg var ikkje teke med på teikningane til Totland-kyrkja frå fyrst av. Eigentleg var det ikkje pengar til slikt. Men når tida nærma seg for byggjestart tok bygdefolket eit samla løft og fekk inn pengane som skulle til. I alt kom kyrkja på 17 000 kr.

Bilete av Totland kyrkje frå utsida.

Lars T. Kinsarvik dekorerte interiøret

Kyrkjebygget er alminneleg og pent, bygt med dei vanlege sakristia framme på sidene av koret. Inngangspartiet er særleg forseggjort og har ei staseleg hovuddør med smijernsbeslag. Men det er fyrst når ein kjem inn at ein vert overraska. Her møter ein ei vakkert dekorert kyrkje. Kunstnaren er Lars T. Kinsarvik dekorerte Totland-kyrkja, før han laga dekorasjonane i Eid kyrkje. Saman med gode hjelparar utførte han eit vakkert målararbeid og pryda delar av interiøret med utskjeringar. Den lokale handverkaren Rasmus Bortne vert rekna for å vere mannen som ved sida av Kinsarvik utførte mest arbeid i kyrkja.

Bilete av innsida til kyrkja.

Utskjeringar og rosemåling om einannan ser ein mellom anna på strekkfiskane i taket, på preikestolen, ramma rundt altertavla, på korbogen og døypefonten. Elles er både veggene og gallerifronten særleg forseggjorde med rosemåling. Kinsarvik henta motiva frå Bibelen, og utførte arbeidet svært samvitsfullt. Nokre meinte at ein slik nærast nasjonalromantisk pryd hadde lite i ei kyrkje å gjere. Kunstnaren sjølv understreka at Bibelen var rettesnora og inspirasjonskjelda når han arbeidde i Guds hus. Folk flest let seg begeistre. Fargane er fine i lag og til å verte både glad og høgtidsstemd av.

Tilbygg i 1971

Tårnet på denne kyrkja er likt tårnet i Sør-Vågsøy kyrkje, og ein ser at det er same arkitekt som har teikna begge kyrkjene. Kortilbygget har fem sider av åttekanten (oktogonforma) og eit tak som skrånar ut mot sidene. I samband med bygging av bårehus i 1971 vart det også innreidd toalett i eit tilbygg ved kyrkja. Totland kapelldistrikt vart skilt ut frå Rugsund sokn i 1953 og fekk då eige sokneråd. Frå den tid vart nemninga på gudshuset endra frå kapell til kyrkje.

Kunst og inventar

Altertavla frå 1912 har følgjande innskrift på baksida: "Kopi efter sir Johs Reynolds 'Den hellige familie' i det engelske National Gallery. Udført af Miss F. Howarth, som skjænket den til Totland Kapel ved Indvielsen 8de Aug. 1912." Miss. F. Howarth skal ha vore ven av prestefolket i Davik, og var mykje på gjesting der. Ramma til tavla er skoren og måla av Kinsarvik. Tavla framstiller Josef og Maria med Jesusbarnet, og Johannes Døyparen med kjenneteiknet sitt, stavkrossen. Jordanelva kan skimtast til venstre, fjella i bakgrunnen er truleg Libanon og Hermon.

Bilete av altertavla.

På alteret står i alt fire lysestakar i messing. To er frå 1912, og to frå 1926 med innskrifta "Gloriam Dei" (til Guds ære), og "Rasmus L. Rimstad MCMXXVI." Nattverdsutstyret er ein kalk, ein disk, ei brødøskje og ei vinmugge frå 1912. Dåpsfatet har innskrifta "Lader de små barn komme til mig" (Matt. 19,14). Dåpsmugga i sølv er til liks med det meste av inventarer frå 1912. Lysekrona, som heng i taket i kyrkjeskipet, har 24 armar. Orgelet frå 1996 har sju stemmer, og er laga av Orgelmakerij Steendam i Nederland. Kyrkjeklokka frå 1912, har innskrifta "Geg. V-Bochum Verein in Bochum", og er laga av der Bochumer Verein für Gußstahlfabrikation.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR