Plass på Hovland
Ivarsplassen var husmannsplass under garden Hovland. Kring 1900 hadde Hovland 13 husmannsplassar, og mange av desse låg på terrassane ned mot fjorden. I alt var det ni hus på plassen, der tre sauehus var gravne inn i bakken så berre taket og eine veggen var synleg. Til plassen høyrde sletta frå tunet til naustrekkja ved sjøen, inkludert det eine naustet. I tillegg hadde husmannen utmarksteigar i utmarka til Hovland, og stølsrett i Årøydalen. Plassen fødde nokre få kyr, sauer, geiter, griser og høner.
Terrasselandskap
Plassen ligg i eit typisk terrasselandskap der vide flater vert brotne av bratte skråningar. Husklynga, som i dag er samansett av fire små hus, ligg på flata like inntil ei terrasseskråning om lag på 10 meters høgde. Kring husa låg engareal som var avgrensa dels av terrassenivået i aust og av den oppmurte grendavegen i vest. Fleire steinanlegg delte opp og avgrensa engarealet, m.a. som bakkemurar og mindre gardar. Stein var også nytta som sidevegger i det eine uthuset. Ned mot fjorden grensar engarealet til ei naustrekkje samansett av seks naust. Ut i fjorden går fleire båtstøer parallelt med nausta.
Plantevekst
Kring husa står nokre gamle epletre, kirsebærbusker og nokre unge bjørketre. Engarealet, som ligg på ein grusterrasse, hadde tidlegare fleire vatningsveiter. I dag er ikkje desse synlege. Enga på flatene er prega av moderne drift med rikeleg innslag av engsoleie, engsyre, engrapp og løvetann. I terrasseskråninga er det større innslag av turrengartar og samstundes ein meir variert samansetnad. Artane ryllik, blåklokke og følblom er mest talrike, medan artar som fuglevikke, raudkløver, minneblom, gjeldkarve, raudsvingel og firkantperikum har ei meir spreidd utbreiing. I overgangen mot den "moderne" enga kjem meir kravfulle artar inn, som t.d. hundegras og raud jonsokblom.
Husa på plassen
Husa vert ikkje nytta, og står i dag til forfall. Naustrekkja er i god stand. Engarealet vert slått og beita av sau. I soneplan for Naddvik har Årdal kommune sett av området til offentlege føremål.
Husa med engarealet og naustrekkja ligg i eit heller tettbygd område. Bygningsmiljøet og landskapet kring husmannsplassen er intakt og utan inngrep, og er såleis heller sjeldan. Mange husmenn var knytte til garden Hovland i tida 1850-1900, og denne husmannsplassen gjev god dokumentasjon på korleis husmennene levde og korleis husmannsvesenet var organisert.
Naustrekkja dokumenterer bruk av fjorden som ferdselsveg samstundes som fiskeressursane og var viktige i den gamle jordbruksdrifta.
Skjøtsel
Eit riktig bilete frå husmannsmiljøet krev at det er samanheng mellom bygningar og omgjevande landskap. Engarealet på flata frå tunet til naustrekkja bør restaurerast, anten som åkerland eller urterik eng. Om mogleg vil vatningsveiter gjere biletet endå meir fullkoment, då all vatning tidlegare føregjekk på denne måten. Engarealet må som no slåast og beitast, men gjødslast svakare om enga skal bli meir urterik. Dei unge bjørketrea kring husa kan lauvast og vil slik vere eit innslag som elles er svært vanleg i terrasselandskapet i dalføret.
Til husmannsplassane fylgde ofte lauvingsteigar, og ein slik teig kan det vere naturleg å knyta til husmannsplassen. Ein sti kan til dømes knyte bjørkehagen til plassen.
Mange av bygningane på Ivarplassen er bevart frå husmannstida, medan kulturmarka er endra. Det som truleg før var åkerland vert no nytta som beite- og slåttemark.