Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 24. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Borgund stavkyrkje



På Borgund i Lærdal kommune står Borgund stavkyrkje. Kyrkja skal vera bygd kring 1150 og vert rekna som den best ivaretekne av alle stavkyrkjene i Norge. Fortidsminneforeininga overtok kyrkja i samband med bygginga av ny kyrkje for Borgund sokn. Ho er den mest besøkte stavkyrkja i landet. Det er planar om å byggja eit besøkssenter her, til avlastning for den gamle kyrkja.

Det er ikkje rart at turiststraumen gjennom Lærdal stansar opp framfor nettopp dette heilnorske minnesmerket. Borgund stavkyrkja har eit imponerande ytre med den eine takflata over den andre i seks høgder, og skremmande drakehovud på kvart møne.

Det er ikkje rart at turiststraumen gjennom Lærdal stansar opp framfor nettopp dette heilnorske minnesmerket. Borgund stavkyrkja har eit imponerande ytre med den eine takflata over den andre i seks høgder, og skremmande drakehovud på kvart møne.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2000.

Fotograf: Ukjend.

Kyrkjestaden

Alt tidleg på 1700-talet, i ei tid då stavkyrkjer var eit vanleg syn rundt om i bygdene, vart Borgund stavkyrkje omtala som ein uvanleg bygning, ein "Ekstraordinaire sær Stave Bygning". Alt på den tida vart kyrkja rekna som svært gammal. Den meir nøyaktige tidfestinga, til kring 1150, har ein komme fram til ved å studere runeinnskriftene.

Stavkyrkja ligg om lag tre mil aust for Lærdalsøyri, der dalen vidar seg ut til ei slette. Ein reknar med fleire årsaker til at dette vart kyrkjeplassen i Borgund. Ei viktig årsak var at staden er den gamle kultplassen i området. Oppe på kyrkjebakken låg sjølve offerplassen, og her er det funne dyrebein frå langt tilbake i tida. Det gamle steinaltaret i kyrkja stod truleg på denne offerplassen. Ei anna årsak til stadvalet var nok at der var mykje furuskog i åsane like ved. Det var naudsynt å byggje ein stad der tømmeret ikkje låg for langt unna. Kyrkjestaden er etter måten ganske lun samanlikna med tilhøva lenger oppe i dalen.

Utvendig særpreg

Dei sentrale trekka ved sjølve bygget er dei heva midtromma både i det rektangulære skipet og i det smalare koret som merkar seg ut. Utvendig er ho mest særprega, og det er verd å merke seg det runde tårnet over den austlegaste delen av koret. Det sylinderforma tårnet og spiret er eit særsyn, og øvst på taket står takryttaren som gir kyrkja eit ekstra høgreist preg. Dette har tydeleg også vore modell for tårnet på 1800-talskyrkja like ved. Dei oppgjevne måla på kyrkja er tekne innvendig, og her er skipet 7,35 m langt og 6,10 m breitt. Koret er 3,4 m i firkant og apsis 1,88 m djup og 2,98 m brei. Frå golvet og opp til takmønet i skipet er høgda vel 11 m.

Klokker og svalgangar

Dei fyrste hundre reknar ein med at stavkyrkja var utan svalgangar, apsis og takryttar. Vidare hadde ho nok liggjande kledning, ikkje spon. Ein gong kring år 1300 kom tilbygga og stopulen på sørsida. Her heng dei store klokkene. Etter å ha stått for vêr og vind i meir enn 350 år, måtte stopulen gjennom ein større reparasjon i 1660-åra. I sjølve kyrkja var der også klokker, både ei klokke i tårnet over apsis, og nokre små som hang i takryttaren. Når desse skulle nyttast under messene, vart dei truleg manøvererte ved hjelp av tauverk som hang ned i sjølve kyrkjerommet. Klokka som hang i takryttaren, var ei lita tintinnabula (bjølle). Klokka i koret reknar ein med var den presten ringde med når han under messa framførte lovsongen før nattverdshandlinga.

Rundt heile kyrkjebygget går svalgangane, bygde til vern mot vêr og vind. Desse vart også nytta til prosesjonar og sjølvsagt som opphaldsstad for kyrkjelyden før og etter messe. Svalgangane har brystning, og høgre opp små søyler i rekkjer med såkalla dvergarkadar. Opphavleg kan dei ha vore opne, slik som i vestenden på Urnes stavkyrkje.

Endra etter reformasjonen

Kyrkja hadde glas i vestveggen, men elles var ho utstyrt med gluggar. I vestveggen ser ein enno gluggen der døypefonten stod. Benker, som gjorde nytte som sitjeplass for gamle og sjuke, fanst på begge sider av hovuddøra langs vestveggen. I skipet var der, som i dag, dører både i vestenden og på sørsida. I koret er der frå gammalt av ei dør på sørsida, og dessutan ein glugge som kan ha vore nytta av spedalske og andre svært sjuke menneske når dei trong kontakt med presten. På nordveggen i koret er der eit hol som kan ha vore nytta til skriftemål. I denne forma, nesten utan benker og vindauge, stod stavkyrkja fram til reformasjonen.

Kort tid etter reformasjonen vart det sett inn vindauge, bygt til sakristi på sørsida, der kom benker i skipet, og det vart sett opp eit galleri som gjekk langt fram i skipet, like fram til stavane. På same tida fekk kyrkja preikestol, og i denne perioden vart det bygt kvelving i skipet. Den vart til liks med veggene rosemåla, og to bygningsdelar frå denne er framleis tekne vare på. Korskiljet vart opna, og det vart sett inn traleverk. I 1738 vart det laga nye kopiar av drakehovuda. Vidare vart store delar av taket skifta, og slik såg stavkyrkja ut like til Fortidsminneforeininga overtok bygningen etter at den nye kyrkja var bygd. Før ein kom så langt var det på tale å utvide stavkyrkja. Noko måtte skje ettersom folketalet i Borgund hadde auka kraftig på midten av 1800-talet. Løysinga vart at soknet skulle få ei ny kyrkje, for ein stor del finansiert av Fortidsminneforeininga. På det viset betalte foreininga for stavkyrkja. Stopulen fekk dei hand om i 1920.

Tilbakeført til mellomalderpreg

Under leiing av arkitekt Christie vart det frå slutten av 1860-åra utført ein god del restaureringsarbeid. For å få tilbake mellomalderpreget vart kyrkjebenkene fjerna. Berre dei originale benkene langs veggene, frå 1150-talet, fekk stå att. Himlingen var teken ned alt på 1820-talet, og no vart i tillegg veggene restaurerte og resten av målinga fjerna. Vindaugsopningane som vart sette inn etter reformasjonen, vart fjerna, med unnatak av vindauget i vestgavlen. Denne opninga er truleg frå mellomalderen, til liks med tilsvarande opningar i fleire andre stavkyrkjer. Stavkyrkja har to portalar, og av portalen i sørdøra i koret finst det berre eit lite fragment på toppen.

Hovudportalen i vestenden har meir varierte motiv enn den kjende portalen på nordveggen på Urnes stavkyrkje. Her er det i tillegg til dyremotiv også akantusrankar, kjempande ormar og flygande drakar. Sjølve relieffet er lågare skore og heile komposisjonen er tettare. Utskjeringane høyrer til ein type som finst mange stader i Sør-Noreg, og har fått namnet Sogn-Valdresgruppa. Halvsøylene på kvar side av portalen er noko øydelagde etter at kyrkjedøra vart ombygd på 1820-talet, for at ho skulle vende utover. Etter at 113 menneske omkom i ein brann i Grue kyrkje i 1822, kom det påbod om at alle kyrkjedørene i landet skulle vende utover.
Vestportalen har så store fellestrekk med portalane på den tidlegare stavkyrkja i Sogndal, at fagfolk meiner dei kan vere laga på same verkstaden.

Turiststraumen slit på kyrkja

Samanlikna med Urnes stavkyrkje, er interiøret i Borgund strengt og mørkt. Dei opne dørene og sommarsola gir likevel lyset ein treng for å få eit inntrykk av det gamle gudshuset frå innsida. Vedlikehaldet på ei kyrkje som denne er tjørebreing om lag kvart fjerde år. Sommaren 2000 hadde stavkyrkja tydelege merke av for lite tjørebreing, mellom anna over inngangane. Tilstanden var verst på sørsida, der både vêr og sollys tek hardast på. Det vert også slitasje på golvet inne i kyrkja. Det er lenge sidan det har vore halde vanlege gudstenester i Borgund stavkyrkje. Men Borgund er den stavkyrkja i landet som suverent har størst besøk. I 1999 var det om lag 37 000 besøkande, og Fortidsminneforeininga kunne notere ei årsomsetjing på rundt 2 millionar kroner. Dessutan vert det halde ein god del gudstenester, både langfredag, påskeaftan, jonsokdag og pinsedag. Dette har vorte ein tradisjon dei siste 5-6 åra. I tillegg er her ein del konsertar og brurevigsler.

Dei mange tusen turistane set sine spor, men i dag har kyrkja eit slags vernegolv som hindrar trakking på det gamle tømmeret. I mange år har det også vore arbeidd med planar om eit stavkyrkjemuseum, som kunne avlaste den gamle trebygningen. Ingen stad i landet kunne høve betre til eit slikt museum enn her. Eit museum kunne fortelje dei mange besøkande om det som forskarane kallar det viktigaste norske bidraget til verdskulturarven, nemleg stavkyrkjene.

Kunst og inventar

Altertavla frå 1600-1620 er ei renessansetavle, ei kombinert tekst- og bilettavle. Ho har stort gavlfelt, svarande til den frå Årdal. Årstalet 1654 er måla på altertavla, og daterer målararbeidet. Midtbiletet viser Golgatagruppa med den krossfesta, Maria og Johannes. I gavlfeltet er det måla ei kvit due på blå botn, symbolet for den heilage ande. Under hovudbiletet er det innskrift med gylte bokstavar på svart bakgrunn.

Alterbordet frå mellomalderen har rom for relikviar. Preikestolen frå kring 1550 er den eldste etter-reformatoriske preikestolen i Norge, ved sida av den i Holdhus i Hordaland (1570). Døypefonten frå mellomalderen er i kleberstein.
Inngangsdøra med portal er frå mellomalderen. Ho har smijernsbeslag og ei utskoren løve i tre.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.
Bjerknes, Kristian: Borgund stavkirke. Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring. Bergen 1956.

PERMANENT IDENTIFIKATOR