Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 15. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Det store hamskiftet i Stongfjorden



Stongfjorden var ein av dei første industristadene her i fylket, med den første aluminiumsfabrikken i Skandinavia.

A/S Stangfjorden Elektrokemiske Fabriker starta i 1908 med produksjon av aluminium. Dette var den første aluminiumsfabrikken i Skandinavia.

A/S Stangfjorden Elektrokemiske Fabriker starta i 1908 med produksjon av aluminium. Dette var den første aluminiumsfabrikken i Skandinavia.

Eigar: I Paul Stang-samlinga i Fylkesarkivet.

Datering: Før 1923.

Fotograf: Paul Stang.

Starta av bergensar

Framveksten av industri i Stongfjorden tok til i 1897, då industripioneren konsul Peter Jebsen frå Bergen fekk vite om fossen og vassdraget her. Han fekk i stand kontrakt med grunneigarane om bortleige av elva samt rett til oppdemming av Stongsvatnet, og fekk bygd dam og kraftstasjon. Straumen gjekk dei første åra til to fabrikkar som produserte jod og torvkol.

Bilete av røyr som førte vatnet frå inntaksdammen i åsen og ned til kraftstasjonen.

Stongfjorden - tidleg industristad

Men produksjonen av torvkol og jod synte seg ikkje lønsam, og vart stogga etter få år. I staden overtok BACO (British Aluminium Company), og bygde den første aluminiumsfabrikken i Skandinavia her. Utbygginga her skjedde parallelt med den i Vadheim, og desse bygdene var dei første eigentlege industristadene i fylket, tidlegare enn både Høyanger, Svelgen og Årdal. Tettstaden Stongfjorden hadde i 1930 faktisk større folketal enn Førde.

Arbeidarrørsle

Arbeidarane i Stongfjorden budde tett saman i husa i "Gata", i motsetnad til gardane elles i bygda, som låg nokså spreidde. Det vesle miljøet fekk tidleg ei aktiv fagrørsle. Truleg gjekk den første høgtidinga av 1.mai i vårt fylke føre seg i Stongfjorden. Men leiinga ved fabrikken arbeidde aktivt for å styrkje arbeidarane sine sosiale kår, slik at konfliktnivået på arbeidsplassen heldt seg relativt lågt gjennom dei vanskelege og ustabile 1920- og 30-åra. I tillegg til dei nemnde arbeidarbustadene, som hadde vassklosett og elektrisk lys, bygde fabrikken eigen skule med lærarbustad og heldt mykje skulemateriell. Fabrikken gav dessutan arbeidarane bustadlån og heldt skyssbåten til Askvoll. Bygda fekk gatelys då fabrikken starta drifta i 1908, og seinare vart det også bygt folkebad.

Bilete av arbeidarbustadene.

Bilete av fem skiftarbeidarar.

For liten blant dei store

Diverre vart det driftsstogg rett som det var på grunn av låg vassføring, og leiinga sa ofte opp arbeidarar på grunn av dette. Frå 1918 og utover stod fabrikken stille i nær tre år, og mange arbeidarar reiste då til Høyanger. For å stabilisere produksjonen vart det oppretta kontrakt med kraftlaget Ålfotselskapet om straumleveranse i 1928. Etter dette fekk ein ei meir kontinuerleg drift. Men fabrikken i Stongfjorden var liten samanlikna med dei store produsentane i Høyanger, Glomfjord og Tyssedal, og noka utviding kunne det ikkje bli tale om, då kraftreservane var fullt utnytta. Dessutan svinga prisane på aluminium, og det var ikkje alltid lett å få selt metallet.

Bilete av ain oksidbåt ved kaia.

Slutt under krigen

Den utløysande årsaka til at drifta i Stongfjorden tok slutt, var den andre verdskrigen. Som britisk statsborgar måtte den dåverande fabrikkstyraren Maurice Russel Turner rømme landet i 1940. Tyskarane overtok, og heldt fram drifta til februar 1945. Fabrikken vart ein viktig del av krigsmaskineriet, men måtte innstille på grunn av råstoffmangel.

Då freden kom, var det ikkje aktuelt for britane å starte opp att. Til det var nok ikkje produksjonen i Stongfjorden lønsam nok. I staden etablerte Norges Fiskarlag i 1948 båtbyggeriet A/S Stangfjordanleggene, og på kaia vart det sett i gong eit notbøteri. Det var store forventningar til desse bedriftene, men begge vart nedlagde i 1952. Mange arbeidarar flytta då til andre industristader, særleg Høyanger, Årdal og Sunndalsøra.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Hansen, Kari Norunn: Holmedal jernarbeidarlag avdeling 139, Fellesforbundet. I: Sogehefte for Askvoll kommune nr. 10 1997. Askvoll 1997.
Stang, Anton: 70 år sidan British Aluminiums Company starta aluminiumsfabrikk i Stongfjorden. I: Firda 14.1.1978.
Grøneng, Aud Elsa: Arbeidarrørsla i industribygda Stongfjorden 1907-1940. Semesteroppgåve i lokalhistorie 1996.
Grøneng, Aud Elsa og Stang, Malmfrid: Stangfjordalbumet. Askvoll 1999.
Losnegård, Gaute og Rolf, og Rivedal, Henning: Dalsfjordboka. Leikanger 1999.

PERMANENT IDENTIFIKATOR