Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Åsnes skifabrikk



På Åsnes ligg den siste norskeigde skifabrikken. Ein familie frå bygda har bygt opp fabrikken som produserer innanfor ein nisje der konkurransen til tider har vore sterk.

Nesalandet sett frå vest med Straumsnes til venstre og Åsnes med skifabrikken i midten og til høgre.

Nesalandet sett frå vest med Straumsnes til venstre og Åsnes med skifabrikken i midten og til høgre.

Eigar: I Dalsfjordboka.

Datering: Etter 1970.

Fotograf: Sigvald Vårdal.

Lokalt initiativ

Den første bølgja med industrivekst kring Dalsfjorden rundt 1900 var basert på utanbygds kapital og kom i stand i stor grad etter initiativ frå Johan Jenssen i Holmedal. Slik var det ikkje med dei som starta opp i dei vanskelege tidene i 1920-og 30-åra, som knivfabrikken i Holmedal og skifabrikken på Åsnes. Dette var bedrifter som starta i det små og som bygde seg opp litt etter litt til hjørnesteinsbedrifter.

Materialar for fisk

Arne Åsnes, den eldste i ein søskenflokk på ni, fekk seg arbeid på Hagens skifabrikk i Oslo i 1910. Etter kort tid fekk han selskap av tre brør, men dei reiste vestover att, og i 1922 starta dei opp skiproduksjon på Åsnes. I byrjinga vart materialane kjøpte på rot i Holmedal og skorne opp på sagbruket i Flekke, og betalinga var sjølvfiska fisk frå Dalsfjorden. Mot slutten av 1930-åra kunne produksjonen aukast, ikkje minst etter ei tinging på 1800 par ski frå Forsvaret.

Ekspansjon i skiftande tider

Dei nokså nye fabrikklokala vart totalskadde i brann i 1948, men bygde opp att. I 1950-åra kom så Åsnes skifabrikk opp i patentstrid med konkurrenten Splitkein. Trass i desse problema gjekk produksjonen godt, og med vegsamband til bygda i 1968 auka optimismen. På det meste hadde fabrikken opp i 70 tilsette. Åsnes takla overgangen frå tre til glasfiberski og satsa sterkt på produktutvikling, men frå 1970-talet og utetter vart konkurransen stadig hardare. I løpet av 1990-talet vart Åsnes den siste norskeigde skifabrikken, og i 1999 gjekk det mot konkurs. Det lukkast likevel å skaffe nye eigarar med frisk kapital, og produksjonen kunne halde fram under namnet Åsnes Ski.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Losnegård, Gaute og Rolf, og Rivedal, Henning: Dalsfjordboka. Leikanger 1999.

Nettstader:

PERMANENT IDENTIFIKATOR