Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. juli 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

100 års veghistorie: Faleide-Lote



I 2005 var det endeleg samanhengjande veg mellom Faleide og Lote. Ein gamal draum var oppfylt, og ein lang strid var over. Då var den siste vegbiten mellom Hopland og Hennebygda ferdig.

Utsyn frå Nosakleiva. 850 menneske har no fått samanhengjande veg mellom Stryn og Eid, og lettare framkomst vestover og sørover. Stryn har samstundes fått ein fantastisk turistveg.

Utsyn frå Nosakleiva. 850 menneske har no fått samanhengjande veg mellom Stryn og Eid, og lettare framkomst vestover og sørover. Stryn har samstundes fått ein fantastisk turistveg.

Eigar: Nils Støyva.

Datering: 2006.

Fotograf: Nils Støyva.

Veg fram

Alt i vegplanen av 1906 var det planlagt å byggja veg mellom Faleide og Hopland. Planen var at heile vegstrekninga skulle vera ferdig i løpet av den første 30-årsbolken. Innvik kommune kravde at det skulle byggjast veg mellom Blakset og Nos etter at vegen mellom Stryn og Olden var ferdig. Blakset-Nos var difor sett opp i perioden 1910-1914.

Vegarbeidet byrja i 1912, men vegen var ikkje ferdig før i 1928. Då gjekk det ein enkel bygdeveg frå Blakset kai til Nos, ei strekning på 14 km. Heile vegstrekninga mellom Faleide/Bleksvingen og Lote er 40 km. I 1937 vedtok Fylkestinget at Faleide-Lote-Nordfjordeid skulle ha førsteprioritet mellom hovudveganlegga i Nordfjord, utan at det hjelpte stort. Det var smått med midlar og det vart inga samanhengjande vegbyggjing. Det gjekk mange år mellom kvar vegstrekning som vart påbyrja.

Vegbyggjing med lånte midlar

Neste løyving vart gitt til strekninga frå Hopland kai til Tvinnereim, med arm til Hoplandstunet. Vegarbeidet byrja 1936, og den 6 km lange vegbiten var ferdig i 1948. Frå 1946 vart det løyvd litt midlar til strekninga mellom Faleide og Blakset, men for lite til at det vart særleg fortgang i arbeidet.

Grendelaga var utolmodige og ville byggja vegen for forskotsmidlar. Det godtok styresmaktene, og Innvik kommune gav garanti for lånet. Vilkåret var at lånet vart tilbakebetalt når Faleide-Blakset var ferdig løyvd, og at folk frå Innvik kommune fekk arbeid på vegen. I 1954 gav Innvik sparebank eit lån på 150 000 kroner. Det tilsvarer 4 mill. kroner i 2005. Same året kom gladmeldinga om at Stortinget hadde løyvd 500 000 kroner. Pengane kom frå ei særskilt avgift for import av traktorar! Dette var det første store løyvinga til vegen.

Blakset fekk førstesideoppslag

I jula 1955 vart den veglause Blaksetbygda sett på Noregskartet. Årsaka var ein særdeles dramatisk sjuketransport over fjellet for å berga ei 18 år gammal jente med blindtarmbetennelse. Det var meinis på fjorden, og det var vanskeleg å komma seg over fjellet til Faleide, då stien var svært isete etter lang tid med regn og berrfrost. Med hjelp av ein nyskodd hest og ni sterke karar, vart jenta likevel frakta til Faleide, der ho vart transportert til sjukehuset på Nordfjordeid. På dei verste stadene måtte dei bera sleden med jenta.

Bergens Tidende hevda i leiarspalta at det var ei skam at ei så stor bygd som Blakset ikkje hadde vegsamband. Det budde den gongen 450 menneske på Blakset og Fjelli. Året etter auka løyvingane monaleg slik at vegen kunne byggjast ferdig. Då vegen opna 2. november 1959, var det den reinaste 17.-mai-stemninga.

Lote-Hennebygda

Vegløyvingane kom no fortløpande, sjølv om beløpa ikkje var store. I løpet av 6 år bygde dei 3,3 km frå Nos til Tvinnereim, men før tunnelarbeidet kunne byrja måtte dei byggja ein transportveg over Nosakleiva, slik at tunnelen kunne drivast frå begge sider. I 1966 fekk Randabygda og Hopland vegsamband til Stryn. Men framleis var Hennebygda utan veg. Fylket gjekk inn for å prioritera å gi Hennebygda vegutløysing til Lote før Hopland-Hennebygda (Fylkestinget 1968).

Fylket gjekk inn for at vegen til Lote skulle byggjast som riksveg, men departementet føreslo fylkesveg på det siste stykket. Det betydde at fylket måtte ta større del av kostnadene med vegen. Reglane tok utgangspunkt i folketalet, som var for lite til at vegen til Hennebygda kunne få riksvegstatus. Trass i det gav Stortinget 50% statstilskot. Vegen Lote-Hennebygda vart bygd i 1976-1980. Folk i Hennebygda kunne då køyra til Nordfjordeid.

Uvurderleg lokal innsats

Vegen mellom Faleide og Lote er blitt til gjennom mykje strid og lokalt press. Det har vore mange vegnemnder som har stått på for vegsambandet opp gjennom åra. Mellom anna gjorde dåverande vegnemnd fleire forsøk på å få fylket til å framskuva prosjektet Rand-Hopland-Hennebygda til 1982-85, slik at dei kunne dra nytte av den statlege tilskotsordninga med 50 %, som kom vegen mellom Lote og Hennebygda til del. Det var viktig å framskunda anlegget då denne ordninga skulle avviklast i 1985. Stortinget hadde gitt signal som vart oppfatta som positive, men korkje fylket eller kommunane følgde opp.

Usemje om linevalet

Den siste vegstrekninga som sto att var mellom Rand, Hopland og Hennebygda. Her vart det føreslege fleire ulike vegtraséar. Det som var avgjerande for vegsjefen si tilråding var at vegen skulle vera eit gjennomgåande samband, som ikkje var for bratt - og ikkje for dyrt. Rand-Hopland vart bygd frå 1991 til 1994. Då stogga vidareføringa til Hennebygda, etter ein hard politisk dragkamp i Fylkestinget. Hopland-Hennebygda vart stroken på prioriteringslista til fylket.

Først i 2003 vart det gitt sluttløyving til den siste vegbiten - til Hennebygda. Men då dekka Stryn og Eid 30 % av anleggskostnadene, avgrensa til 9 mill. kroner. Det var sjølvsagt stor folkefest i Randabygda då vegen var ferdig. Folk i alle grendene frå Lote til Blakset gjekk saman for å laga ein vegfest med smell i. Tre heile dagar til ende var det fest og aktivitetar. Eit 100 år gamalt vegkrav var endeleg realitet takka vere spleiselaget mellom fylket og kommunane Eid og Stryn på den siste etappen.

"Panoramavegen"

Vegen har fått namnet "Panoramavegen". Køyreturen går mellom 200-500 m over fjorden og gir eit fantastisk utsyn. For Eid og Stryn er vegen ein viktig del av satsinga på reiselivet. Han er alt vorten ein populær tur for turistane som kjem med cruiseskipa inn til Olden. Samstundes er vegen ei viktig transportrute mellom Stryn, Eid og Gloppen. Reisetida er kortare, noko som betyr eit utvida bu- og arbeidsområde for grendene langs "Panoramavegen".

Vegutbygginga mellom Faleide-Lote:

1912-1928 Blakset-Nos 13,7 km
1937-1948 Hopland kai-Tvinnereim med arm til Hoplandstunet 6,0 km
1946 Faleide-Blakset; tilfeldige løyvingar
1956-59 Faleide-Blakset med ordinære løyvingar 6,6 km
1960-1966 Nos-Tvinnereim 3,5 km
1976-1980 Lote-Hennebygda 9,0 km
1976 Utbetring Blakset-Nos (ikkje fullført)
1991-1994 Rand-Hopland/Stokken 2,0 km
2003-2005 Hopland-Hennebygda 5,0 km


 

kjelder:

Fylkestingsforhandlingane 1937. Leikanger 1937.
Støyva, Nils og Bergset, Alv O.: Panoramavegen Faleide-Lote og litt til . Powerpoint-framstilling 2006. Informant Nils Støyva.

PERMANENT IDENTIFIKATOR