Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 24. mars 2014

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Grunnlovsjubileum – 1814 i Sogndal prestegjeld



1814 – merkeår i Noregssoga: Kielfreden, prins Christian Frederik midtpunkt for norsk sjølvstenderørsle, stormannsmøtet på Eidsvoll, særskild bededag og val på utsendingar til riksforsamling, Eidsvoll, grunnlov og kongeval, krig med Sverige, konvensjonen på Moss, omframt storting og union med Sverige. - Sogndal prestegjeld heldt bededag og val på valmenn til Eidsvoll-forsamlinga fredag 18. mars. Om hausten var hovudkyrkja vallokale for andre gong.

Stedje kyrkje, «Hoved-Kirke», var vallokale  i 1814. Kyrkja vart riven il 1867.

Stedje kyrkje, «Hoved-Kirke», var vallokale i 1814. Kyrkja vart riven il 1867.

Eigar: Seljar forlag

Datering: ukjend

Fotograf: faksimile frå bok

«vigtigste Næringskilder»

Hausten 1816 oppsummerte soknepresten i Sogndal siste året i ministerialboka (kyrkjeboka) si. Han skulle og svara på nokre spørsmål, mellom anna om «Næringskilder» og koppevaksinasjon.:

«(…) Hvilke ere Indvaanernes vigtigste Næringskilder?
Agerbrug, Hæste- og Fæhandel, Brisling-Fiskerier, Furre-Tømmer og Saugbrug.
(…) Ere Vaccination tilstrækkeligen bekjendt og udbredt?
ja! Især siden 1811 har her stedse været auctoriseret Vaccinataur, hidintil notteret i Sognepræstens Annotions Protocol (..).

 Særskild bededag – eidsavlegging og val

Tidleg i mars 1814 fekk soknepresten brevsending frå biskopen i Bergens Stift. Det var kunngjering frå prins Christian Frederik, Norges Regent, om at det i heile landet skulle haldast særskild bededag fredag 25. februar, eller ein av dei påfølgjande fredagane, alt etter som bodet nådde fram. Bededagen skulle haldast i hovudkyrkja i prestegjeldet.

Innhaldet i kyrkja denne dagen var føreskrive frå Regenten. Kvar prest skulle lesa opp kunngjeringar og halda «en kort, men kraftfuld Indlednings-Tale» før han skulle be kyrkjelyden sverja høgtidleg eid på å hevda sjølvstende for landet, og om nødvendig «vove Liv og Blod for det elskende Fædreneland». Deretter skulle presten be ei bøn for et norske folket og halda ei preike over bibelteksten i Salmane, kapittel 62, vers 8-9, og heilt til slutt avrunda med «den anbefalede Bøn.»
Og så skulle det veljast to valmenn til eit amtsvalmøte som skulle velja tre utsendingar frå Nordre Bergenhus amt til ei riksforsamling på Eidsvoll 10. april. Dessutan skulle det setjast opp ei fråsegn (adresse, fullmakt) til Regenten. Fråsegna skulle underskrivast av 12 av «Menighedens Agtverdigste Mænd».

Alt dette stod å lesa i brevsendinga frå biskopen. Soknepresten si oppgåve var nå å varsla folket i prestegjeldet om den særskilte bededagen. Det skulle først og fremst gjerast frå «Prædikestolen» i kyrkjene. I Nordre Bergenhus amt vart bededagen halden fredag 18. mars med unntak av «Evindvig» (Gulen) som heldt bededag 11. mars.

Sogndal prestegjeld 1814

Sogndal prestegjeld 1814 omfatta hovudsoknet Stedje og annekssokna Norum og Kaupanger. Prestegjeldet hadde skuleordning (omgangsskule) og fattigstell etter forordningar 1739/1741 og 1755, og forlikskommisjon/råd frå 1798). Vaksinasjon mot kopper (barnekopper) var kome i gang. Sorenskrivaren i Indre Sogn heldt i 1814 til på Loftesnes. (I 1818 flytte sorenkrivaren til Solvorn i Hafslo prestegjeld.)

«Stedje Hoved-Kirke»

Kyrkja på Stedje var vallokale i det første valet på nasjonalforsamling i Noreg. Det var ei stor og velhalden stavkyrkje, bygd på 1100-talet. I boka På kyrkjeferd (2000) står:

«Gamle visitasmeldingar fortel om ei kyrkje som var usedvanleg godt halden. Ho hadde svalgangar på begge sidene, og på begge sider av tårnfoten. I overveggen på langsidene var det 6 lysgluggar på kvar side. Tårnet (…) vart teke ned i 1680. Det nye (…) hadde eit åttekanta, høgt tak som enda i ein vêrhane.»

Soknepresten i Sogndal 1814

Sokneprestane hadde på fleire måtar ei hovudrolle i 1814. I Sogndal var Claus Winther Kamstrup sokneprest i grunnlovsåret. Han var fødd i Stavanger i 1759 og var son til prost og sokneprest same same stad, Hans Kamstrup og Helene Ellingers Winther. Han vart teologisk kandidat 1778, personell kapellan i Stavanger 1793, sokneprest i Håland 1794, i Sogndal 1806, og i Fåberg 1818. C.W. Kamstrup gjekk av i 1835 og døydde 26. mai 1841.

Brev til Sogndal om val og eidsavlegging i Bergen

Ludolf Johan Eide (1781-1846) budde på Hovland. Han var «proprietaire», det vil seia jordeigar. I veka før bededagen i Sogndal fekk han brev frå Bergen. Det handla om val og eidsavlegging i Bergen. Tønnes Rolfsen fortel begeistra om tilskiping i Komediehuset (teaterbygning på Engen) med songar av «Biskoppen» og «Sagen» på programmet (nasjonal-patriotane Lyder Sagen, skulemann og forfattar, og biskop Johan Nordahl Brun). Vidare skriv han utførleg om eidsavlegging og val på utsendingar til «Rigsmødet» i «hver sin Kirke», og om val av utsendingar frå militæravdelingar. «De militære afsagde Eden paa Engen under Musik, 9 Gange Hurra for Norge, 9 Gange for Prinds-regenten, og 9 Gange for Krigerne.» Brevet sluttar med ei setning om føreståande bededag og val i Sogndal (fredag 18. mars). Tønnes Rolfsen «og mange andre» trur at mottakaren av brevet, Ludolf Johan Eide, kjem til å verta vald som utsending frå Nordre Bergenhus amt.

Bededagen 18. mars 1814 i Sogndal

Vi veit lite og ingenting om korleis valet føregjekk i Sogndal. I kyrkjeboka for Sogndal (ministerialbok) 1809-1821 står innført:

«Fredagen den: 18de Marti. Blev den overordentlige Bededag og Eeds Afleggelse om at forsvare Norges Selvstændighed afholdt i Stedje Hoved-Kirke. Copie af Adressen til Prints Regenten Pag. 182. samt Copie af Vidnesbyrd om Eedens Afleggelse Pag: 183.»

 Merknad: Innføringa viser til at avskrift (copie) av adressa står innført på pagina (blad) nr. 182 og avskrift av attestasjon (vidnesbyrd) på eidsavlegginga, pagina 183 i same protokoll.

Underskriven adresse og fullmakt

Soknepresten hadde rolle både som prest og «valstyre», og det var presten som forfatta og sette opp fråsegna (adressa) til Regenten. Adressa fungerte og som fullmakt for utsendingane til amtsvalmøtet. Utsendingane avleverte fråsegna på amtsvalmøtet. Alle fråsegnene vart i neste omgang tekne med til Eidsvoll og avleverte til Regenten. Fråsegna frå Sogndal prestegjeld har denne ordlyden:

«Sognedals Hoved-Kirke i Indre Sogns og Nordre Bergenhuus Amt den 18de Martii 1814

Til Hans Kongelige Høyhed Norges Regent,
Prinds Christian Fredrik.

Rygtet om Norges Afstaalese til Sverrige naaede ogsaa til denne Egn, forinden vi endnu turde haabe at Deres Kongelige Høyhed vilde tage sig af vort forladte Fedreneland. De mørke Ahnelser, som vare en naturlig Følge af denne Uvished, forsvandt hældigen da Deres Kongelige Høyhed i denne Nødens Tiidnaadigst behagede at forsikkre Norge Deres høye Beskyttelse, og ifølge deraf, som Tronarving at gribe det forladte Statsroe. Ene dette kunne rædde vort Fædreneland hvis Selvstændighed og Uafhængighed, under Deres Kongelige Høyheds vise Regiæring, ved Guds Bistand og formedelst den Samdrægtigheds Aand som besieler hver Nordmand, aldrig skal undertrykkes.

Med de meest levende, Taknemmeligheds Følelser erkiænde vi den store Velgiærning Deres Kongelige Høyhed herved har viist det norske Folk, hvorfor allene vor indreligste Troeskab og Hengivenhed kan blive en svag belønning. Villige til at opofre alt for Fædrenelandet, skal Deres Kongelige Høyhed aabne Brev af 19de f. M. og Reskript til Geistligheden af samme Maaned har denne Menighed udvalgt tvende Mænd: S.T. Hr Cancellieraad og Sorenskriver Irgens og Lehnsmand for Sogndahls Præstegjæld Lars J. Westreim, for at møde med de flere Valgmænd fra det Nordre Bergenhuusiske Amts øvrige Præstegielde den 30: d: Maaned paa Wiigøren, for der at velge mellem sig de 3 Deputerede der fra dette Amt skal afgaae til den berammede Rigsdag, og hvilke vi herved bemyndige til at stemme for og antage en Regiæringsform, der saavel er overeensstemmende med Folkets Friehed og Statens Tarv, som den Ret, Deres Kongelige Høyheds Fødsel og Fortienster giver dem til at Regiære det norske Folk.

Allerunderdanigst

Irgens, [-] Virkelig Cancellieraad og Sorenskriver over Indre Sogn.
C.W. Kamstrup, [-] Sognepræst til Sogndahls Prestegiæld i Indre Sogn.
Schreuder, [-] Prøve-Procurator i Nordre Bergenhuus Amt.
L.J. Eide, [-] Første Forligelses-Commissaire for Siøstrands Hoved-Sogn med Rinde og Feios Annexer og Proprietaire.
Thron Jonsen Ølnes.
L. Westrem, [-] Lensmand for Sognedahls og Norums Skibreder.
Ellev Sørensen Ulvisager.
Hermund Ellendsen Hundere.
Tommes Johansen Tuftene.
Tosten Espensen Stennehjem
Johannes Jørgens Slinde, [-] med ført Pen.
Johannes Larsen Øhre, [-] med ført Pen.
Lars Jensen Dahlager, [-] med ført Pen.
Jens Sjursen Høstager. [-] med ført Pen.
Peder Nielsen Staaeteig, [-] med ført Pen.
Peder Erichsen Stedje, [-] med ført Pen.

Dei to valmennene frå Sogndal

Ein regel for valet på valmenn var at minst ein skulle vera bonde. Sogndal valde ein embetsmann (sorenskrivar) og ein lensmann, som også var bonde. Dei to valmennene var:

1. «Irgens». Sorenskrivar Lars Johannes Irgens, 1775-1830, var son til til presten Hartvig Irgens og Marthe Margrethe Steen. Han tok jurdisk embetseksamen i 1803 og vart same året sorenskrivar i Indre Sogn. I 1801 vart han gift med Christiane Louise Smith, fødd 1778. Irgens budde fyrst ei kort tid i Ambla, deretter på Loftesnes, før han i 1816 flytte til Solvorn. Der bygde dei seg eit herskapeleg hus som fekk namnet Christianelyst. Irgens døydde i 1830 og vart gravlagd i Solvorn. Enkja flytte til Sørlandet og døydde i Lyngdal 1858.

I Riksforsamlinga slutta Irgens seg frå fyrste stund til sjølvstendepartiet. Fleire av dei tolv sorenskrivarane på Eidsvoll sette sterkt preg på forsamlinga, men Irgens deltok sjeldan i debattane. Ved handsaminga av grunnlovsparagrafen om røysterett, tok han til orde for at næringsrivande på landsbygda skulle ha røysterett sjøl om dei ikkje åtte jord.

2. «L. Westrem». Lars Ivarson, fødd 1749 på Tang i Hafslo, budde på Vestreim i Kaupanger sokn. Han vart gift 1776 med Gjertrud Larsdotter Lystrup på Vestreim. I 1781 vart lensmann i Sogndal skipreide. Lars Westrem døydde 1827 på Vestreim.

Dei som skreiv under

Eidsvollsfullmakta frå Sogndal er underskriven av 16 personar; to embetsmann (prest og sorenskrivar), ein jurist (prokurator), ein gardeigar (proprietær), ein lensmann (som var bonde) og 12 utan yrkestittel/ombod. Det kan sjå tur til at 12 er bønder. Det tilsvarar ca 75 % som er det same som amtet under eitt. Begge valmennene skreiv under. Underskriftslista inneheld namn frå heile prestegjeldet.

Amtsvalet

Herman Gerhardt Treschow var amtmann i Nordre Bergenhus amt i åra 1811-1814. Treschow var dansk embetsmann og budde ei tid på Askelund i Balestrand. Han slutta i embetet våren 1814. Første mars sende amtmannen rundskriv til alle prestegjelda om tid og stad for amtsvalet, den 30. mars i Vik:

« [Til] samtlige Sognepræster: Herved underrettes Deres Velærverdighed om at Giestgiverstedet Wiigøren i Wiigs Prestegield i Yttre Sogns Fogderie er udseet til Forsamlingsplads for de af de respective Menigheder i Overeensstemmelse med Regentskabets ved Biskoppen den …: Circulaire udvalgte Mænd, som at Tiden til denne Forsamlings Afholdelse, er berammet til den 30de i denne Maaned.
Treschow»

Amtsforsamlinga skulle velja tre utsendingar til Riksforsamlinga på Eidsvoll. Minst ein skulle vera frå bondestandet. Valet blei halde på garden Vange, i huset som seinare vart kalla Lyche-huset, etter ein kaptein Lyche som budde der. Desse blei valde:

  • Bonde Peder Hjermann, Lærdal.
  • Sorenskrivar Lars Johannes Irgens, (SogndaL, Indre Sogn sorenskrivardøme).
  • Sokneprest Niels Nielsen, Ytre Holmedal (Fjaler)

Merknad: Bergenhusiske infanteriregiment valde to representantar. Begge var frå Sogn og Fjordane; kaptein Ole Elias Holck, Lavik prestegjeld, og musketer Nils J. Loftesnes, Sogndal prestegjeld.

To eidsvollsmenn kom frå Sogndal prestegjeld:

  • Lars Johannes Irgens (sjå omtale ovanfor)
  • Nils Johannesson Loftesnes, var fødd på Loftesnes i Sogndal 1789. Han var son til Johannes Nilsson Loftesnes og Marta Espensdotter. I 1813 fekk han skøyte på garden Loftesnes av Ola Larsen Qvam. Han selde garden til Peder Eriksson i 1820, og flytte til Stenahjem, der han hadde kjøpt gard 1818. Han var gift med Berta Olsdotter, og let garden frå seg 1840 til dottera Marta. Nils Loftesnes døydde 1848, 59 år gamal.

    Nils Loftesnes var musketér (feltsoldat oppsett med muskett, ein børsetype) i det Sogndalske kompani i Det Bergenhusiske regiment. I 1813 var han ein av alle bergenhusingane som same år marsjerte til Austlandet. Styrken var oppsett av to marsjerande bataljonar og ein skarpskyttarbataljon. Bataljonane reiste frå Bergen i dagane 26. mai - 8. juni 1813. Ferda gjekk inn Sognefjorden, over Filefjell, til Hadeland og Smålena (no Østfold). Loftesnes var i ein av dei marsjerande bataljonane.

    I Henrik Wergelands konstitusjonshistorie står Nils Loftesnes omtala som: "En rask, vakker kar, fuld af sogningens næsten sydlandske livlighed."

«Takke- og Bøn-Fest»

Den 17. mai 1814 var grunnlova ferdig og riksforsamlinga på Eidsvoll valde prins Christian Frederik til Noregs konge. «Denne Dag er en af de vigtigste i Norges Aarbøger», uttalte den nyvalde kongen. «Det verk er fuldendt, som skal grundfeste det Norske Folks held. Constitutionen er et Palladium [finaste sort sølv] for Folkets Frihed, som selv Uretfærdighed og Vold ikke ustraffet skal antaste.»
 

Den nyvalde kongen følgde opp med kunngjering til det «Elskede norske Folk» og sende ut kongeleg «Rescript» til «Rigets Biskopper» om takke- og bønnefest. På andre søndag etter «Trinitatis» (19. juni 1814) står det notert i kyrkjeboka:

«Stedje. I anledning af Vor allernaadigste Konge Christian Frederiks vælgelse til Norges Konge, af forsamlingen paa Eidsvold den 17de Mai; blev i Følge Kongel. Befaling af 19de f.M. en Takke- og Bøn-Fest afholdt i Hoved-Kirken.»

Ny amtmann

Konstituert amtmann, futen Rasmus Endresen, busett i Balestrand, styrde amtmannsembetet frå Treschow gjekk av våren 1814 til ny amtmann, Christian Magnus Falsen (betre kjend som Grunnlovens far, enn som amtmann i Nordre Bergenhus amt), tok over embetet ca 20. oktober. Falsen styrde embetet frå Bergen.

Val til omframt storting om hausten

Valet til omframstortinget var betre førebudd enn valet til Eidsvoll-forsamlinga. No førelåg det valmanntal. Kongeleg reskript til biskopane datert 13. juni 1814, fastsette at det i samsvar med grunnlova, paragraf 51, skulle setjast opp manntal over røysteføre. Artikkel 1 i Konvensjonen på Moss av 14. august, fastsette at eit storting skulle koma saman, og kongeleg kunngjering av 16. august fastsette tid og stad: Kristiania, 7. oktober. I Nordre Bergenhus amt skulle det no veljast fire representantar fire representantar, og kvart prestegjeld valde denne gongen valmenn i høve til tal på "stemmeberettigede"; 0-100, ein valmann, 100-200, 2 valmenn osb.

Representantar på omframstortinget

Amtsvalet om hausten, den 23. september, vart på same måten som valet til Eidsvoll-forsamlinga, halde på garden Vange i Vik. Det møtte 58 valmenn. Ingen av Eidsvolls-mennene vart valde til omframstortinget.

Dei valde vart:
1. Sokneprest Niels Griis Alstrup Dahl, Eivindvik prestegjeld, Sogn.
2. Bonde Torger H. Næss, Luster prestegjeld, Sogn.
3. Bonde Ole Torjussen Svanøe, Kinn prestegjeld, Sunnfjord.
4. Bonde Erik O. Nord, Eid prestegjeld, Nordfjord.

Mobilisering og krig

Boka Syvårskrigen for 17. mai 1807-1814 (1914) av Henrik Angell, fødd i Sogndal, handlar om krigstilstand og krigshandlingar fleire periodar denne tida. Siste akt var krig mellom Sverige og Noreg i dagane 27. juli – 14. august 1814.. Krigen enda med våpenstillstand og fredstraktaten kjent som Konvensjonen på Moss, datert 14. august. Mange frå Sogn og Fjordane var med, og fleire miste livet.

Minnesmerke

Fram mot hundreårsjubileet for Grunnlova i 1914 vart det mange stader reist 1814-minnesteinar. Indre Sogn har tilsaman 10 bautasteinar reiste til minne om forsvaret av landet i åra 1807-1814, - åtte krigsminnesteinar og to minnesteinar over Eidsvoll-menn, dvs. representantar i riksforsamlinga på Eidsvoll. Dessutan står det ein sjømilitær minnestein ved Korskirken i Bergen med to namnet på to soldatar frå Sogn.

Området Sogndal prestegjeld 1814 har to minnesmerke, det eine står i Fardal, det andre på Lægreidsplassen i Sogndalsfjøra. Begge blei reiste i 1914.

kjelder:

Cappelens Forlag: Eidsvoll 1814. 1914.
Timberlid, Jan Anders og Selseng, Berit: Sogndal bygdebok. Gods, gardar og folk. Kaupanger sokn. Band 1. 2012.
Sogns Tidende, 1914

Statsarkivet i Bergen: Soknepresten i Sogndal, ministerialbok 1809-1821 (også digitalarkivet) , korrespondanse og saksdokument 1811-1818.