Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. november 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Oppstryn kyrkje



Oppstryn kyrkje er ei langkyrkje i tre på garden Fosnes i Stryn kommune. Kyrkja, som har 300 sitjeplassar, vart vigsla 1. november 1863 av prost Wilhelm Frimann Koren. Kaptein Ludolph Rolfsen laga teikningane, basert på arkitekt Linstow sine typeteikningar. Oppstryn kyrkje er soknekyrkje for Oppstryn sokn i Stryn prestegjeld.

Oppstryn kyrkje ligg på garden Fosnes på sørsida av Strynevatnet.

Oppstryn kyrkje ligg på garden Fosnes på sørsida av Strynevatnet.

Eigar: Stryn fellesråd.

Datering: 2003.

Fotograf: Svein F. Rønne.

Ulik nabokyrkja

Berre fire år etter at nabokyrkja i Nedstryn stod ferdig, var det tid for å vigsle den nye kyrkja ved Strynevatnet. Det vitnar ikkje berre om den sterke byggjeånda som rådde i denne perioden, det fortel også om eit stort løft som samtlege husstandar i området deltok i.

Oppstryn kyrkje ligg fint til på ei slette nede ved vatnet, godt synleg like attmed vegen. Kyrkja hadde same byggmeister som nabokyrkja, men bygningane er likevel ulike. Innvendig har Oppstryn kyrkje lyse vegger og varme fargar; oransje, grønt og ein slags gråoker. Kyrkja har eit alminneleg våpenhus, plassert i nedste delen av tårnfoten. Utvendig er denne nokså ruvande og reiser seg over gavlen på kyrkjetaket. Over er der tårnhals med takmøne på sidene.

Gravlagde under golvet

Tidleg på 1900-talet vart det flate taket måla kvitt både i skipet og koret. Galleriet var lysfiolett med kvitmåla ruter. Desse fargane gjekk òg att i interiøret elles. Til 100-årsjubileet i 1963 vart kyrkja pussa opp att, og fekk då gule tak med oransjeraude bjelkar. Veggene vart måla gråkvite, og benkene og alterringen i nyansane grønt, grått og kvitt. Galleriet fekk etter oppussinga nyansane raudt, grønt, grått og gult. Det same har preikestolen. Til 100-årsjubileet vart det også bygt nye sakristi i forlenginga av koret, og i samband med det grave ut kjellar til bårerom, reiskapsrom og toalett. I samband med utgravinga av kjellaren vart det funne ei mengd menneskebein, og det er tydeleg at skikken med å gravleggje folk under golvet i koret, og elles i kyrkja, har vore vanleg. Her som i Nedstryn har gravene eller kistene fått vere i fred.

Til jubileet vart kyrkja også utvendig pussa og måla opp att i kvitt. Kven som kan skuldast for at muren ikkje var godt nok fundamentert er ikkje kjend, men i 1908 vart det oppdaga at grunnen under tårnfoten var i ferd med å sige unna. Delar av kyrkja vart heva ved hjelp av jekteskruar, og det var bygt ny grunnmur under tårnet.

Interiør

Til liks med Nedstryn kyrkje er galleriet bygt fram langs veggene i skipet, men her er hjørna kanta i staden for avrunda. Galleriet vert halde oppe av seks kraftige søyler. I skipet er der inngangsdør berre på nordsida, med to store vindauge på kvar side. På sørsida er der tre vindauge. Det mest spesielle vindauget er det som står over inngangdøra på sideveggen. Det vert fortalt at dette vindauget skal vere frå den aller fyrste kyrkja i bygda, den gamle stavkyrkja på Nesi.

Det er gjort små endringar i interiøret. Stolbenken til prestefrua står framme på nordsida i koret slik han alltid har gjort. Stolbenkene som tilhøyrde klokkaren og medhjelparen til presten står på sørsida. I dag er det berre klokkarstolen som er i bruk.

Kunst og inventar

Altertavla kom på plass i 1910. Ho er måla av Ferdinand Kierulf Tranaas og motivet er "Jesus i Getsemane".
På alteret står fire lysestakar i messing, to udaterte frå ei eldre kyrkje og to frå 1975.

Nattverdsutstyret i sølv, som er i bruk, er ein kalk, ein disk, ei brødøskje og ei vinkanne, truleg frå 1863. Ein kalk og ein disk i sølv frå 1600-talet i seingotisk stil, er ikkje lenger i bruk. Kalken er eit sjeldant prydverk og er vurdert som den største og vakraste på våre kantar. Han er svært høg, 27,5 cm, sekskanta og påsett eit støypt krusifiks. På alteret ligg også eit eksemplar av Fredrik IIs Bibel, utgjeven i København 1589, og åtte salmebøker frå før 1600.

Ein kvit messehakel med svart kross, er truleg frå kring 1600.
Den femkanta preikestolen på åttekanta fot og den åttekanta døypefonten er begge frå 1863. Dåpsfatet i messing frå før 1600 er ikkje i vanleg bruk. Dåpsfatet i messing frå 1863 og dåpsmugga i sølvplett er i bruk.

Måleriet frå 1622 var tidlegare brukt som altertavle. Det vart vurdert som eit mindre vellukka måleri, sjølv om det følgde med inn i nye kyrkja. Biletet var ein kopi av eit måleri av Carlo Doliez "Kristus signar brødet". På baksida står det skrive Olaus Petri Hjolstrensis 1622.
Benken frå før 1600, kan vere del av eit alter frå stavkyrkja som stod her til 1662. Almissepungen på stang med bjølle er frå ei eldre kyrkje. Døra frå før 1600, er utstilt på veggen i våpenhuset.
Måleriet frå 1704 som framstiller "Jesus i Getsemane", og måleriet frå 1714 som framstiller "Dei ti brurmøyane" (Matt. 25,1-13), er måla av Jørgen Clausen Berge.

Her er to kyrkjeklokker. Den eine er frå 1702, men kan vere omstøypt av ei eldre klokke. Ho har innskrifta "Soli Deo Gloria" (Åleine Gud skal ha Æra) og "F4" (Fredrik 4). Den andre er truleg frå 1863.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR