Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 16. desember 2014

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Grunnlovsjubileum – 1814 i Førde prestegjeld



I løpet av fire månader gjekk Noreg frå union med Danmark til sjølvstende med Grunnlov og valt konge. Alt som eit opprør mot Kielfreden 14.januar der danskekongen gav frå seg Noreg til Sverige. I spissen for opprøret stod den danske statthaldaren i Noreg, prins Christian Fredrik og den norske eliten. Før hausten var omme, kom Noreg likevel i union med svenskane, men no som sjølvstendig stat. I Førde prestegjeld, som elles i landet, vart presten og kyrkjelyden inkluderte i arbeidet for sjølvstende.

<p>F&oslash;rde kyrkje. Kyrkja som vart nytta som vallokale i 1814 er riven, men dagens kyrkje ligg p&aring; same staden. </p>

Førde kyrkje. Kyrkja som vart nytta som vallokale i 1814 er riven, men dagens kyrkje ligg på same staden.

Datering: 2009

Fotograf: Eirik

Kyrkja – viktig del av det kongelege maktapparatet.

Kyrkja spelte ei sentral rolle i hendingane i 1814, og var den dominerande arenaen for mange av dei førebuande hendingane fram mot grunnlovsforsamlinga på Eidsvoll. For at landet skulle bli sjølvstendig og Cristian Fredrik valt til konge, måtte det handlast raskt før svenskekongen kom attende frå krigen og krov Noreg. Tida var knapp. Kyrkja vart såleis ein viktig del av det kongelege maktapparatet som prinsen no kunne dra nytte av.

Konge, folk og fedreland – Guds sak.

Folket og fedrelandet vart gjort til Guds sak, og den kyrkjelege infrastrukturen gjorde det mogeleg for regent Christian Fredrik å gjennomføre val på utsendingar til grunnlovsgjevande forsamling på Eidsvoll. Kyrkja var den naturlege samlingsstaden, var landsdekkjande og einerådande på det religiøse området. Det fyrste nasjonale valet gjekk difor føre seg i kyrkjene, dei lokale valadressene, som skulle leverast til regent Christian Fredrik personleg på Eidsvoll, vart i hovudsak utforma av prestane. Prestane fungerte også som «valstyre».
Etter at Grunnlova var vedteken og kongen valt, vart det tillyst festgudsteneste i alle kyrkjene i landet. Om hausten var kyrkja vallokale for andre gong. Nye stortingsmenn skulle veljast. Det skulle no forhandlast med svenskane om unionens tilpassing til Grunnlova.

Særskild bededag – fyrste steg i den folkevalde prosessen mot sjølvstende

Tidleg i mars 1814 fekk soknepresten i Førde brevsending frå biskopen. Det var kunngjering frå prins Christian Frederik, Norges regent, om at det i heile landet skulle haldast særskild bededag fredag 25. februar, eller ein av dei påfølgjande fredagane, alt etter som bodet nådde fram. Biskopen i Bjørgvin sende ut rundskriv til prostane i stiftet om at valet skulle gå føre seg i hovudkyrkja i prestegjeldet. Soknepresten si oppgåve var no å varsla folket i prestegjeldet om den særskilte bededagen. Det skulle først og fremst gjerast frå «Prædikestolen» i kyrkja. I Nordre Bergenhus amt vart bededagen halden fredag 18. mars med unntak av «Evindvig» (Gulen) som heldt bededag 11. mars.

Kunngjering, appell, eid, bøn, preik og val

Innhaldet i kyrkja denne dagen var føreskrive i detalj av Regenten. Kvar prest skulle lese opp kunngjeringa og halde «en kort, men kraftfuld Indlednings-Tale» før han skulle be kyrkjelyden sverje høgtidleg eid på å hevda sjølvstende for landet, og om nødvendig «vove Liv og Blod for det elskende Fædreneland». Deretter skulle presten be ei bøn for det norske folket og halda ei preike over bibelteksten i Salmane, kapittel 62, vers 8-9, og heilt til slutt avrunda med «den anbefalede Bøn.»

Etter gudstenesta skulle det veljast to valmenn til eit valmøte for heile amtet, kor utsendingane til Eidsvoll skulle veljast. Vidare skulle det setjast opp ei fråsegn til Regenten. Fråsegna skulle underskrivast av 12 «aktverdige Mænd» og dei som var til stades av øvrigheita. Amtsvalet skulle gå føre seg i Vik i Sogn.

Førde prestegjeld i 1814

I samband med valet til Eidsvoll vart prestegjelda brukte som valkrinsar på landsbygda. I Sunnfjords største prestegjeld, Førde, var det fire kyrkjesokn, Førde, Naustdal, Holsen og Vevring. Kvart sokn hadde si eiga kyrkje, og i tillegg var det eit lite kapell i Haukedalen. Dette var naudsynt for avstandane var lange. Frå Haukedalen i aust til Vevring i vest er 70 km. Hovudsoknet låg i Førde, og det var her bededagsgudstenesta og avstemminga den 18.mars skulle haldast.

Kor mange som budde i prestegjeldet i 1814 veit vi ikkje sikkert, men folketeljingane i 1801 og 1865 viser at det var svært stor folkeauke i Førde prestegjeld desse åra, til liks med resten av landet. I perioden auka folketalet frå 3576 i 1801 til 6884 i 1865.

Prestegjeldet skulle ha omgangsskule og fattigstell etter forordningar 1739/1741 og 1755, og forlikskommisjon/råd frå 1798. Ei inntektskjelde til skule- og fattigstellet var pengegåver i kyrkjene, både ved kollekt og ved faste bøsser. Det var i fyrste rekkje kyrkja ved presten, prosten og biskopen som etter lovverket hadde ansvaret for skulestellet, men dei hadde tydelegvis ikkje prioritert dette så høgt i for i 1818 var det framleis korkje skuleprotokollar eller skulekasse i prestegjeldet. Ingen av dei sju lærarane hadde fast løn, berre det folk fann for godt å gje dei. Det var truleg ikkje mykje for folk flest ville helst undervise borna sine sjølv og då heldt det med Guds ord. Endå til ein den seinare tingmannen Lars Jacobsen Thingnes meinte at skriving og rekning ikkje var naudsynt å bruke pengar på når dei unge hadde fått tilstrekkeleg opplæring i religion.

Valkyrkja

I fylgje direktivet frå biskopen skulle bededagen og valet haldast i hovudkyrkja. Hovudkyrkja i soknet, dagens Førde kyrkje, er ikkje den same som i 1814, men ligg på same staden, på Skei, ein gong sentrum i Førde. Kyrkja som utgjorde stemmelokale denne dagen, var gamal. Den eldste delen var frå kring 1320, og i 1625 fekk ho eit tilbygg med skip og våpenhus. Bygget var av tømmer og hadde slike mål; eit kor på 7,5 x 10.6 m, skip 88,8 x 10 m og våpenhus 2,5 x 8,8 m. Den eldste kyrkja, som truleg var ei stavkyrkje, utgjorde koret i den kyrkja som vart nytta i 1814. Dåverande Førde kyrkje var privat eigd, og eigar var Iverise Lund, ei av døtrene til tidlegare sokneprest Lund.

Soknepresten i Førde prestegjeld

Sokneprest Lind var fødd i Bergen i 1743 og oppvaksen i tjukkaste byen, i Vaskerelven, men var av bondeætt frå Sunnfjord. Faren Gunnar Gunnarson hadde forpakta ein hage som vart kalla Lindberghagen og frå denne hagen tok då sonen namnet Lind. Han gjekk ut av latinskulen i 1763 og byrja som huslærar hos sokneprest Kreidal i Lier, der han blei i 4 år. Deretter arbeidde han hos futen i Ryfylke fram til 1772 før han reiste vidare til København og tok teologisk eksamen i 1774. Etter å ha jobba kringom i landet kom han i 1798 til Førde som sokneprest. I 1818 vart han prost i Førde. I 1823, 80 år gamal, fekk han avskil grunna skrøpeleg helse.

18. mars 1814

«Stille med tykk luft(…) », skreiv sorenskrivar Landmark frå Ytre Holmedal i dagboka si denne dagen. Veret var truleg det same i Førde så kyrkjeveret var godt. Kaldt var det heller ikkje, berre minus 1 grad C, og det hadde vore ein snøfattig vinter. Forholda låg såleis godt til rette for dei som skulle til kyrkje denne dagen. Kven som kom til kyrkjes denne dagen, veit vi lite om då kyrkjebøkene frå Førde er tause om denne hendinga. Vi veit såleis ikkje om det var mange som møtte fram, om det var som ein vanleg kyrkjesøndag der både kvinner og menn var ein del av kyrkjelyde eller om det berre var dei med stemmerett slik som embetsmenn, jordeigarar og brukseigarar over 25 år som fylte kyrkja.

Adressa og fullmakta.

Etter at gudstenesta var ferdig, skulle valet gå føre seg. Soknepresten hadde rolle både som prest og «valstyre». Ofte var det prestane som forfatta fråsegna (adressa) til Regenten då dei som embetsmenn var vande med denne typen språkføring. Det kan sjå Førde bryt med denne tradisjonen for det kan sjå ut til at det er futen for Sunnfjord- og Nordfjord, Niels Christian Kierboe, som har skrive henne og som har skrive under, men det er ikkje heilt sikkert. Adressa fungerte og som fullmakt for utsendingane til amtsvalmøtet i Vik.

Fråsegna frå Førde sokn er rimeleg svulstig og har denne ordlyden:

Allerunderdanigst Adresse til Norges regent, Hans Kongelige Højhed Prints Christian Fredrich, fra Førde Præstegjelds Menighed af Søndfjords Fogderie og Nordre Bergenhuus Amt. –

Efter at det hele Folk af Førde Præstegjelds Menighed og dmed den varmeste Følelse for den gode sag, paa den høitideligste Maade, havde efter Opfordring, aflagt den befalede Eed: « at hævde Norges Sælvstendighed og at vove Liv og Blod for det elskede Fædreneland», havde vi Undertegnede av Menigheden udvalgt de 2de Gaardmænd Mathias Mortensen Flogenæs og Ole Iversen Gravdahl, om vis Retskaffenhed og Fædrelands-Kjærlighed vi ere forvissede, til at overbringe denne vår aller Underdanigste Adresse, samt til paa Førde Præstegjælds Menigheds Vegne at møde og stemme ved den berammede Forsamling af Nationens udvalgte Mænd, alt med Hensigt til at bestemme Kongeriget Norges tilkommende Regjeringsform og hvortil vi hermed paa Førde Præstegjælds Menigheds Vegne bemyndige og befullmæktige dem.

Ingen tanke kan være os utaaleligere end den, at underkastes en Regjæring, ved hvis forhen antagne Udhungrings-System vore Ulykker i de foregaaende Aaringer i en saa merkelig Grad ere blevne forøgede. Vi kan derfor ikke andet, end af inderste Hjerte takke vor Gud, som i deres Kongelige Højhed har skjænket Norge en Regent og Anfører, der med Visdom vil lede og føre dets Sønner, og næst den Almæktiges Biestand, befrie os alle fra den Undertrykkelse, og hvortil vi af Hjertet vil bede Gud at forlene deres Kongelige Højhed med Kraft og Styrke.

Førde den 18nde Martii 1814

Allerunderdaningst

H. Lind Sogneprest til Førdes Prestegjeld
N. C. Kierboe Foegd over Sønd- og Nordfjord
Anders Trulsen Lensmand
Henrich Henrichsen Bierchedahl
Ole Iversen Grofdal,
Stephen Annaniasen Horstad
Anders Ragnalsen Næs,
Erich Erich. Halbrend
Mathias Mortensen Flogenes,
Anders Erichsen Terve
Gunder Sørensen Kleiven
Ingvold Andersen Holmeset
Chrisstian Andersen Høgsæth
Lars Jacobsen Tingnes

 Dei som skreiv under

Adressa er fyrst underteikna av futen og presten, lensmann, deretter 12 andre aktverdige menn. Av underskrivarane er haugianarane Lars Jakobsen Tingnes og Mathias Mortensen Flogenes blant underskrivarane. Det skulle veljast to utsendingar til valmøtet i Vik, der den eine skulle vere frå bondestanden. Ingen frå embetsstanden vart valde frå Førde. Kva dette skuldast er uvisst. Presten var 72 år så det kan ha vore alderen og helsa til presten som gjorde at han ikkje vart ein av representantane til Vik, og kapellanen skulle ha hang til det sterke. Dette kan ha vore bakgrunnen for at Førde prestegjeld stilte med to utsendingar frå bondestaden, Mathias Mortensen Flogenes, som også var lærar, og Ole Iversen Grofdal.

Haugianarane høyrde til ein kulturell og sosial elite kring Førdefjorden. I Førde prestegjeld var det Vevring som utmerka seg. Der budde også bonden og gjestgivaren Lars Jacobsen Tingnes som vart valt til stortinget i åra 1815-1816 og 1818.

Amtsvalet i Vik 30.mars 1814

Herman Gerhardt Treschow var amtmann i Nordre Bergenhus amt i åra 1811-1814. Første mars sende amtmannen rundskriv til alle prestegjelda om tid og stad for amtsvalet:

[Til] samtlige Sognepræster: Herved underrettes Deres Velærverdighed om at Giestgiverstedet Wiigøren i Wiigs Prestegield i Yttre Sogns Fogderie er udseet til Forsamlingsplads for de af de respective Menigheder i Overeensstemmelse med Regentskabets ved Biskoppen den …: Circulaire udvalgte Mænd, som at Tiden til denne Forsamlings Afholdelse, er berammet til den 30de i denne Maaned.

Treschow

På garden Vange kom 40 valmenn frå heile amtet saman. Dei skulle no velje tre utsendingar til riksforsamlinga på Eidsvoll. Minst ein skulle vera frå bondestandet, men frå heile Sunnfjord møtte det berre ein frå embetsstanden. Dei som vart valde som utsendingar til Eidsvoll, var bonde Peder Hjermann, Lærdal, sorenskrivar Lars Johannes Irgens, Sogndal og den einaste embetsmannen frå Sunnfjord, sokneprest Niels Nielsen, Ytre Holmedal (Fjaler).

Militært val

Bergenhusiske infanteriregiment valde to representantar. Begge var frå Sogn; kaptein Ole Elias Holck, Lavik prestegjeld, og menig Niels J. Loftesnes, Sogndal prestegjeld. Holck var ein av dei som markerte seg sterkt på Eidsvoll.

«Tak og Bønefest» til ære for Grunnlova og kongen

Den 17. mai 1814 var Grunnlova ferdig, og riksforsamlinga på Eidsvoll valde prins Christian Frederik til Noregs konge. «Denne Dag er en af de vigtigste i Norges Aarbøger», uttalte den nyvalde kongen. «Det verk er fuldendt, som skal grundfeste det Norske Folks held. Constitutionen er et Palladium [finaste sort sølv] for Folkets Frihed, som selv Uretfærdighed og Vold ikke ustraffet skal antaste.» Den nyvalde kongen følgde opp med kunngjering til det «Elskede norske Folk» og sende ut kongeleg «Rescript» til «Rigets Biskopper» om takke- og bønnefest.

Krig fred og ny union

Sverige heldt seg til Kielfreden og ville ikkje vite av norsk konge og norsk sjølvstende. Det enda med krigsutbrot 27. juli. Biskopen i Bergens Stift, Johan Nordal Brun, vende seg til ei høgare makt, Gud Herren. Han forfatta og let trykkje ei bøn om norsk siger. Det står mellom anna: «Din Arm er endnu ikke forkortet. Udræk den til Beskjærmelse over vor Konge og vore Folk. Giv vor Landsmands Arm Bjørne-Styrke! Hans Barm Løve-Mod! Vore Vaaben Kraft som Din Almagts Lyn-Straale!»

Fromme bøner var ikkje nok. Dei norsk styrkane var dårleg utstyrde, og Sverige stod sterkare militært. I fredsavtalen, kalla «Mossekonvensjonen», godkjende svenskane grunnlova, men ville ha union. Den 10.10. 1814 var det slutt på den korte sjølvstendeperioden for Noreg, og den nyvalde norske kongen måtte love å forlate landet.

Val til ekstraordinært Storting om hausten

Hausten 1814 vart det kalla inn til ekstraordinært storting. Artikkel 1 i Konvensjonen på Moss av 14. august fastsette at eit storting skulle koma saman. Kongen bestemte at det skulle skje 7.okober i Kristiania. I realiteten var dette ei ny grunnlovgjevande forsamling. No skulle det forhandlast med svenskane om unionen.

Fire representantar frå Nordre Bergenhus Amt

Dette valet var betre førebudd enn valet til Eidsvoll-forsamlinga, m.a. låg det no føre valmanntal. I Nordre Bergenhus skulle det no veljast fire representantar, og kvart prestegjeld valde denne gongen valmenn i høve til tal på "stemmeberettigede». Dette lokalvalet står heller ikkje innført i kyrkjeboka for Førde prestegjeld.

Amtsvalet om hausten, den 23. september, vart på same måten som valet til Eidsvoll-forsamlinga, halde på garden Vange i Vik. Det møtte 58 valmenn. Ingen av Eidsvoll-mennene vart valde til dette omframstortinget.

Dei valde vart:
1. Sokneprest Niels Griis Alstrup Dahl, Eivindvik prestegjeld, Sogn.
2. Bonde Torger H. Næss, Luster prestegjeld, Sogn.
3. Bonde Ole Torjussen Svanøe, Kinn prestegjeld, Sunnfjord.
4. Bonde Erik O. Nord, Eid prestegjeld, Nordfjord.

Den 4. november 1814 valde Stortinget den svenske kongen Carl 13 til Norges konge, og vedtok på ny grunnlova, no tilpassa unionen med Sverige.

kjelder:

Nilsen, Halkild. Kirkelige og religiøse forhold i Bergens Stift. I biskopene Pavels og Neumanns tid. Gyldendals Norske Forlag, 1949.

Aaraas Margrete Henden, Torkjell Djupedal, Sigmund Vengen og Finn Borgen Førsund. På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja forlag. Førde 2000

Hyvik, Jens Johan, Oddmund L. Hoel og Harald Krøvel (red).Med påhalden penn ? 1814 sett frå Nordvestlandet og Telemark. Novus forlag. Oslo 2014

Førsund. Finn B. Førde bygdebok. Band 2. 1992.

Kleveland, Geir. Naustdal bygdebok. Allmennsoge. Band 3. 1999.
 

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Dagbok. Sorenskrivar Nils N. Landmark

PERMANENT IDENTIFIKATOR