Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Olderskog med knuldrar



I Hyllestad veks det mykje older. Somme stader er det fullt med utvekstar oppetter stomnane og utover greinene. Lokalt vert desse utvekstene kalla "knuldrar" og kan gi materialar til ulike trearbeid.

Kopi av oljemaleriet "Huldredans" av kunstnaren Egil Torin Næsheim frå 1996, måla etter ein tur i knuldreskogen på Hyllestad.

Kopi av oljemaleriet "Huldredans" av kunstnaren Egil Torin Næsheim frå 1996, måla etter ein tur i knuldreskogen på Hyllestad.

Eigar: Egil Torin Næsheim.

Datering: 1996.

Fotograf: Kunstnar: Egil Torin Næsheim.

I "knuldreskog"

Ein stad med mykje older er langs den kommunale vegen opp til Sæsol. Fylgjer ein denne vegen frå RV 607, frå det gamle senteret på Hyllestad, vil ein halvveges opp sjå ei vestvend olderli. I denne lia, eit stykke opp frå vegen, kjem ein inn i ei uventa verd.
Oldrane der har store og små utvekster oppetter stomnen. Ofte kan utvekstene sitja svært tett. Utover greinene er det færre av dei. Desse utvekstene vert lokalt kalla "knuldrar". Det er heilt spesielt å gå rundt i ein slik skog - ein slags trollskog. Kunstnaren Egil Torin Næsheim var i mai 1996 med på ein ekskursjon i knuldreskogen på Hyllestad. Han vart så inspirert at han reiste heim og laga eit oljemaleri han kalla "Huldredans".

Soppsjukdom på rotsystemet

Desse utvekstene - eller knuldrane - kjem av ein soppsjukdom på rotsystemet hjå trea. Ein kan ha same fenomenet på bjørk, men sjeldnare enn på older. Det er lite forska på dette. På høgaste faglege hald har dei ikkje noko spesielt uttrykk for desse utvekstene. Det er slik knuldreskog fleire stader i Hyllestad. Men førekomstane er ikkje registrerte.

Knuldrar vert til bruksting

Knuldreskogen inspirerer ikkje berre ein biletkunstnar. Mange før Egil Torin Næsheim har sett moglegheitene i desse utvekstene. Ikkje så reint få har laga seg turkopp av knulder. Ein mindre knulder utpå ei grein kan verta til ei treskei. Større knuldrar kan gi vakre treskåler. Ved skular i Hyllestad har dette materialet vorte nytta i formingsfaget. Men også innan husflid er materialet freistande råstoff. Lokalt har det vorte laga lampeføter, pennehaldarar, lysestakar m.m. Viss ein vil behalda dei utvendige formene, må ein ta emna om våren, når trea er rike på sevje. Då er det mogleg å løysa borken frå sjølve treet.

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Avisa Firda. 22.05.1999.
Notat frå Landbrukskontoret i Hyllestad v/B.I.H. 03.05.1999.
Notat v/Per Bygnes 03.11.1999.
Brev frå Egil T. Næsheim 15.01.2001.

PERMANENT IDENTIFIKATOR