Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Kapteinsgarden



Kapteinsgarden Ytre Skei er den av gardane på Skei som har lengst samanhengande busetnad av embetsmenn, heile 250 år, dei fleste militære. Hovudbygningen har ei lang og skiftande historie, der dei eldste delane er vel 200 år gamle.

Slik såg hovudhuset på Kapteinsgarden ut då det var på det største i 1860-åra. Arken i midten og fløya til høgre vart seinare flytta.

Slik såg hovudhuset på Kapteinsgarden ut då det var på det største i 1860-åra. Arken i midten og fløya til høgre vart seinare flytta.

Eigar: Universitetsbiblioteket i Bergen.

Datering: 1869.

Fotograf: Knud Knudsen.

Mange kapteinar

Den rike presten Peder Jørgensson Finde (1610-1691) åtte den gamle storgarden "Førde med Skei", som han i 1666 delte i tre: Førde prestegard, Ytre og Indre Skei. Sonen Henrik Finde, prest i Førde 1691-1700, fekk Ytre Skei. Frå 1741 til 1942 var det, med få avbrekk, militære kommandantar som åtte garden, som difor vert kalla Kapteinsgarden. Eksersisplassen for Sunnfjord låg på Tåene, like utanfor gardsgrinda, heilt til midt på 1800-talet.

Embetsmiljøet på Tåene

Frå kaptein Mads Christensen (1788-1841) si tid har vi eit eineståande kart frå 1838 som viser gardane på Skei, frå Sjøahola i vest til prestegarden i aust. Både prestegarden, Indre Skei og Ytre Skei hadde vakre hagar i engelsk stil, med symmetriske mønster og eit nettverk av stiar. Frå samtidige synfaringar høyrer vi også om frukthagar og kjøkenhagar på Skei. Kartet vitnar om eit stort og imponerande embetsmannsmiljø i Førde, med seks gardstun, kyrkje og eksersisplass tett ved sida av kvarandre.

Det eldste tunet

Den eldste delen av hovudhuset på Ytre Skei i dag er truleg frå slutten av 1700-talet. Det er den nordlege delen (nærmast Kyrkjevegen) av huset som er eldst. I åra 1854-1860 vart huset kraftig utvida av dei to brørne Thomas (1822-1881) og Michael (1827-1895) Christensen, begge kapteinar. Hovudhuset fekk ei symmetrisk, elegant form og var vel 30 m langt og 8 m breitt. Vi ser denne bygningen på eit av dei eldste fotoa frå Førde, frå 1869. På tunet på Ytre Skei stod det den gongen 14 bygningar.

Store endringar

Men slik skulle ikkje huset stå lenge. Då Michael Christensen gifta seg og fekk barn, tok han like godt med seg halve hovudhuset og flytta det til Veglo, litt sør for kyrkja, der det enno står. Deretter vart 2. høgda, den tidlegare arken midt på huset, teken ned og bygd attåt der Michael Christensen sitt hus hadde stått. I 1889 vart det bygd til ei kjøkenfløy på baksida, og på framsida ein veranda med to portstolpar, som skal vere frå den gamle kyrkja som vart riven i 1884. Slik vart huset ståande til 1960-talet, då kjøkenfløya vart riven.

Diktarstove

I tunet på Skei stod det også fleire andre bygningar, både løe, stabbur, bryggjarhus og andre gardshus. Litt nord for hovudbygningen bygde diktaren Hjalmar Christensen (1869-1925) i 1920 seg ei diktarstove som framleis står. Han var son til Michael Christensen og bror til kaptein og fylkesmann Ingolf Elster Christensen (1872-1943). Hjalmar Christensen hadde i 1881 arva garden etter onkelen Thomas, som var barnlaus, men selde til far sin Michael i 1890. Ingolf tok over i 1900 og åtte Ytre Skei til han døydde i 1942. Neste brukar var Othilia, dotter av Ingolf, og gift med fylkesmann Nikolai Schei, som budde på Skei frå 1942 til 1991. Dagens eigarar, Anne Schei Nyheim og Anders Breien har sytt for ei omfattande restaurering av det tradisjonsrike hovudhuset på Ytre Skei.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Christensen, Hjalmar: Skeid (yttre) 1821-1921. Bergen 1922.
Djupedal, Torkjell: Førde - kulturhistorisk vegvisar. Førde 1998.
Førsund, Finn B.: Førde bygdebok. band 2. Førde 1992.
Steen, Fredrik M.B.: Førde i gamle dager (upubl.).
Opplsyningar frå:
Anne Schei Nyheim, Førde.

PERMANENT IDENTIFIKATOR