Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 12. juni 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Garden Hylland



Garden Hylland ligg på vestsida av Nærøydalen kring 6 km frå Nærøyfjorden. Det er i dag to bruk på garden, eitt stort og eitt mindre, og på det største er det full drift. Fjellsida ovanfor garden er svært bratt og ulend, og her ligg bergnabben kalla Hyllandshella. Det har levd eit sagn om at ein spelemann i dalen, Lisbeth-Per, ved eit høve på 1700-talet kom og spelte for å binda denne bergnabben til fjellsida.

Hylland, sett frå elva. I eldre tider var det kring 25 hus på garden.

Hylland, sett frå elva. I eldre tider var det kring 25 hus på garden.

Eigar: Aurland kommune

Datering: Kring 1908

Fotograf: Ukjend

Rydding av garden

Namnet Hylland, hyl-land, kan knytast hølar i elva. Innmarka ligg tett ved elva, og både i eldre og nyare tid har garden vore utsett for flaumar. Lekken land tyder på at garden ikkje er mellom dei eldste, men at han er rydda noko tidlegare enn vikingtida. Garden har godt utsyn mot nordaust, og om sommaren kjem difor sola svært tidleg om morgonen. Bergarten i området er kalla kvit anortositt, og i mange år har det vore bergverksdrift i den søndre delen av gardsvaldet, ved kommunegrensa mot Voss.

Bruksdeling og folkeauke

I høgmellomalderen har det truleg budd ein familie på garden. Etter Svartedauden i 1349/50 låg garden mykje truleg aude like fram til kring 1550. Det var to bruk på garden frå midten av 1600-talet og like fram til kring 1880. Etter det skjedde det fleire delingar, og på det meste var det fem bruk.

I 1845 var det to bønder og to husmenn på garden, i alt 35 personar. Husmennene hadde også husa sine i sjølve gardstunet.

Produksjonen

I 1723 var avlinga 10 tønner havre, og dei hadde 8 storfe og 12 sauer og geiter. I enkelte periodar og på somme gardar i Nærøydalen var havre det vanlege kornslaget. Havre er meir gunstig enn bygg når nedbørsmengda kjem over ei viss grense.

I 1845 var avlingane på dei to gardsbruka og husmannsplassane 48 tønner bygg, 12 tønner blandkorn og 80 tønner poteter, og dei hadde 42 storfe, 66 sauer, men ingen geiter. I teljinga 1865 var det heller ingen geiter, men i 1875 var det kring 60. I avgrensa periodar var det mange stader forbod mot å halda geiter. Dette var truleg for at ny skog skulle få veksa opp. Utover på 1900-talet vart geitehald og produksjon av geitost viktigare.

Innmark, utmark og stølar

I 1860-åra vart kring 1/5 av innmarka nytta til åker, og kring 5/6 av åkrane vart nytta til korndyrking. Potetdyrkinga fekk sitt gjennomslag i åra kring 1800 og utover. Denne veksten styrkte næringsgrunnlaget mykje. Potetavlingane var rimeleg stabile både i gode og dårlege somrar, og bønder og husmenn kunne dyrka poteter på skrinn jord, berre dei hadde nok gjødsel.

Nesten halvparten av fôret vart henta frå utmarka. Av i alt kring 42 tonn med fôr kom 24 tonn frå heimebøane, 14 tonn frå utslåttane og 4 tonn frå lauving. På austsida av gardstunet ligg ein skogkledd og litt mindre bratt holt. Her veda og lauva dei, og tilfanget vart ført ned til vegen på løypestreng. Hylland har stølane sine på Storestølen i Brekkedalen og på Haugane, vest for Brekkedalen.

Etter 1900

Etter 1900 endra gardsdrifta seg nokså mykje. Tidlegare var det ein kombinasjon av åkerbruk og husdyrhald, men korndyrkinga fall etter kvart bort. Utover på 1900-talet gjekk bøndene bort frå produksjon av smør og meir over på geitostproduksjon. Det var hovudsakleg endringane i prisane som var årsaka til dette. I seinare år har det vore drift på eitt bruk på garden, og det har vore mjølkeproduksjon. Kring 1950 vart det dyrka mykje frukt på garden, men det har falle bort etter kvart.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Ohnstad, Åsmund: Undredal og Nærøy, Gard og Ætt (2006).

PERMANENT IDENTIFIKATOR