Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. mars 2006

Sist oppdatert 18. februar 2019

Kategori

Kommune

Haugen bedehus



Bedehuset på Haugen stod ferdig i 1989. Det avløyste det gamle bedehuset, eit skulehus som Haugen indremisjonsforeining kjøpte av Eid kommune og tok i bruk som bedehus i 1917. I 1995 kjøpte kommunen tilbake det gamle, og tok det i bruk til skulemuseum.<p></p>

Haugen bedehus, ferdig i 1989. Frå venstre: Finn Bjarnastein, Samuel Balsnes, Johanne Naustdal Drage Olav Balsnes, Inga Reksnes, Jørn Ilje og Olav Anders Bakke.

Haugen bedehus, ferdig i 1989. Frå venstre: Finn Bjarnastein, Samuel Balsnes, Johanne Naustdal Drage Olav Balsnes, Inga Reksnes, Jørn Ilje og Olav Anders Bakke.

Eigar: Fylkesarkivet

Datering: 1999

Fotograf: Lars Lunde

Haugen indremisjon
Haugen indremisjon vart truleg skipa i 1906, men det var aktivitet før skipingsåret. Dei første samlingane ein veit om, var hos Johan og Gjertrud i Ryst kring 1900. Elles veit ein lite om verksemda den første tida. Den eldste møteboka byrjar i 1917. Då heldt dei på å byggja bedehus.

Det gamle bedehuset
Møteboka fortel om bygginga av det første bedehuset. Det var eit tidlegare skulehus foreininga kjøpte i 1917 og flytte dit huset framleis står. Av byggjerekneskapet går det fram at sjølve huset kosta kr. 1000 og flyttinga kr. 183,76. Eids forbrugsforening står oppført med kr. 8,00 for spiker, Ole K. Rød med kr. 20,00 for flytting, og D. J. Bjørhovde med kr. 3,80 for spiker, bolt og såpe, for å nemne nokre av utgiftspostane som er bokførte.
Seinare vart huset påbygt med kjøken.

Det nye bedehuset
I 1989 stod det nye bedehuset ferdig. Det gamle hadde etter kvart vorte umoderne og trongt for fleire av aktivitetene. Det nye bedehuset vart kalkulert til 1,6 mill. kroner, men stor innsats frå bygdefolk i form av materialar og dugnadsarbeid, gjorde at dei reelle utlegga berre vart på omlag. 800.000 kroner.
Huset står fram som eit moderne og fint hus, som fell godt inn i området. I 1995 kjøpte Eid kommune det gamle bedehuset til museum for Haugen skule.

Vekkingar
Det viktigaste arbeidet til ei indremisjonsforeining er å forkynne Guds ord. I tida 1930-1936 var det vekking i bygda, og mange kom til tru på Gud. I denne perioden talde hovudforeininga 30-40 medlemer. I 1935 vart det skipa ei ungdomsforeining med om lag 30-40 medlemer frå Haugen og Hjelmelandsdalen.

Også tida under siste verdskrig kan nemnast. Mange menneske fann i denne vanskelege tida trøyst og fred i trua på Gud og det kristne fellesskapet. Her spela bedehuset på Haugen ei viktig rolle.

I nyare tid
Vi må også nemna tida frå 1952 og utover, då sorenskrivar Fareth budde på Løkja. Han deltok aktivt i ungdomsarbeidet, og det er nok mange som i dag hugsar samlingane hos Fareth. I nyare tid har det også vore eit rikt arbeid med vanleg møteverksemd, kvinneforeining, TEN-klubb, hobbyklubb og søndagsskule.

Leiarar
Den eldste møteboka er ikkje utførleg om kven som var formann til ei kvar tid og kven som var styremedlemmer. Nokre namn går att i underskriftene i tidsrommet 1917-1940:
I. Aasen, Rasmus J. Bjørhovde, Knut K. Bjørhovde, I.A. Naustdal, M.I. Sefland, Henrik Ytrelid, Samuel Aashamar og S. Balsnes.
I nyare tide har desse vore leiarar: Samuel Balsnes, Olav Balsnes, Finn Bjarnastein og Aslaug Liabø Balsnes.

Framtida
Sjølv om foreininga ikkje er så stor i dag, held ein aktiviteten oppe. Bedehuset blir mykje brukt både av foreininga og andre som leiger huset. Det er eit godt hus å vere i, med moderne hjelpemiddel av mange slag.

kjelder:

Bjarnastein, Finn: Haugen bedehus. I Eid kyrkje. 150 år. Eid sokneråd 1999
Informasjon frå: Finn Bjarnastein, Eid