Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. juli 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Med knekkstil til 58 meter



Kring 1950 var honndølen Pål K. Seljeset ein av dei beste skihopparane i Nordfjord. I 1948 slo han til med eit hopp på 58 meter i Siklebakken. Utviklinga av hoppidealet frå knekkstilen via den strake, liggjande finnestilen til dagens Bokløw-stil revolusjonerte hoppsporten. Artikkelen tek utgangspunkt i boka <i>Ski-idrett i Sogn og Fjordane</i> (1998), skriven av Jon Tvinnereim.

Med knekkstil til 58 meter. Skihopparen Pål K. Seljeset, Hornindal, i Siklebakken i Hornindal i 1948.

Med knekkstil til 58 meter. Skihopparen Pål K. Seljeset, Hornindal, i Siklebakken i Hornindal i 1948.

Eigar: Elling Seljeset

Datering: 1948

Fotograf: Ukjend

Aukande interesse
Skihopping vart frå kring 1900 ein stor og populær idrett rundt i mange bygder. I mellomkrigstida var det på større hopprenn ofte opp mot tusen tilskodarar, og deltakartalet var jamt 70-80. Skibygder som bl.a Hafslo, Vik, Vereide og Hornindal var kjende for å fostre gode hopparar.

Bakkane
Hoppbakkar fanst det mange stader der sporten vart populær - etter kvart gjerne fleire i same bygda. Noko særleg utbygging var det ikkje i starten. Bakkane vart lagde der naturen sjølv la grunnen for det, og hoppa bygde dei stort sett av snø. Utbygging av hoppbakkar med rett profil, oppbygd hopp, tribune osb. kom her i fylket så smått i gong i mellomkrigstida. Siklebakken i Hornindal var tidstypisk. Utganspunktet var ein bakke som frå naturen si side høvde godt og våren 1933 starta dugnadsarbeidet med øks og sag, spade, hakke, møkaslede og hest.

Stil og lengde
Med utbygde bakkar, vart skihoppa lenger. Det vart gjerne hevda at stilen i hopp skulle vere viktigare enn hopplengda, men den som vann var likevel oftast den som hoppa lengst. Vurdering av hopp og fastsetjing av poengsum vart her i fylket inntil 1920-åra utført av folk utan særskild opplæring. Etter kvart vart hoppdømminga så viktig at det vart kravd spesiell opplæring og autorisering.

Knekkstilen på veg inn
Kriteria for dømminga har alltid vore eit omdiskutert tema. Avisa Nordfjord refererte i 1931 reglar for hoppdømming frå Noregs Skiforbund. Slik skulle svevet vere den gongen:

Krop og knær strake, føttene samlet, armene fremad-utad, rolig armføring. I første del av svevet skal skiene være paralelle med hoppets plan. I det den sterkere nedadgående bevegelse begynner, rettes blikket mot nedslagsstedet, og kroppens foroverheldning tilpasses således at kroppen ved nedslaget er loddrett på undarennet. Under svevet skal skiene være paralelle og i samme plan. Alle bevegelser skal utføres rolig og behersket.

I rettleiinga til dommarane heitte det:
"I bakker med sterk fart og store hopplengder kan en svak bøiing i hofteleddet være berettiget og tillates uten fratrekk i stilkarakteren." Den såkalla "knekkstilen" var på veg til å bli godkjend.

Kuriositet i dag
Utviklinga av hoppidealet frå knekkstilen via den strake, liggjande finnestilen og til dagens Bokløw-stil revolusjonerte hoppsporten. Pål K. Seljeset hadde nok vore litt av ein kuriositet for tilskodarar i hoppbakkane i dag.

kjelder:

Tvinnreim, Jon: Skiidrett i Sogn og Fjordane. 1998.
Sogns Tidend. 03.03, 14.03.1927.
Idrottslaget SYRIL 75 år. 1906-1981. Samandrag av lagssoga. 1981.

PERMANENT IDENTIFIKATOR