Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. april 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Bygstad gamle kyrkjegard II



Kyrkja og kyrkjegarden i Bygstad ligg eit stykke frå kvarandre på Eide. Tidlegare låg kyrkja og kyrkjegarden på garden Bygstad. I 2008 er den gamle gravstaden og kyrkjetufta teke vare som kulturminne under namnet Bygstad gamle kyrkjegard.

Utsyn mot garden Bygstad. Den gamle kyrkjestaden med kyrkjetuft og kyrkjegard ligg fremst i biletet, litt til høgre for midten.

Utsyn mot garden Bygstad. Den gamle kyrkjestaden med kyrkjetuft og kyrkjegard ligg fremst i biletet, litt til høgre for midten.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2008

Fotograf: Hermund Kleppa

Kulturminne

Den gamle kyrkjestaden ligg tett attmed gardstunet på Bygstad, gardsnummer 123, bruksnummer 1. Kyrkjegarden er orientert aust-vest og innhegna av gamal gråsteinsmur. Det er inngang med jernport i kvar ende. Bakken hallar svakt oppover mot vest. Overflata er jamn og grasgrodd. Over heile kyrkjegarden står det gravminne av ulikt slag, og dessutan er nokre gravminne oppsette ved kyrkjegardsmuren.

Midt på kyrkjegarden syner tufta etter kyrkja som vart riven i 1939. Våpenhuset og hovudinngangen var i vestre enden. Døra var på bakkenivå. Det var inngang i austre enden òg. Her gjekk det ei steintrapp opp til døra.

Forfall frå 1960-talet

Jorda høvde ikkje godt for gravleggjing. Det var for vått og for mykje leire. Nokre år etter 1900 kravde helserådet ny gravplass. Den nye gravplassen vart teken i bruk i 1916, men gravstaden ved kyrkja vart av og til nytta heilt fram til 1937. Etter 1937 vart kyrkjegarden halden vedlike fram til 1960-talet ved at folk slo graset og nytta det til fòr.

Restaurering

Då slåtten tok slutt, fekk kyrkjegarden etter kvart meir og meir preg av attgroing. Ei synfaring i 1980 konkluderte med at kyrkjegarden var "eit ynkeleg syn". Soknerådet valde ei nemnd til å planleggja restaurering. Fleire fagfolk vart rådspurde og landskapsarkitekt Eli Kjær engasjert til å laga plan for istandsetjing og vedlikehald. Arbeidet heldt på i åra 1984-1995. Kyrkjegarden vart offisielt nedlagt som kyrkjegard i 1994. I 1995 vart det skipa til ei samling på den gamle kyrkjestaden i høve eit 150-årsjubileet for kyrkja dei bygde i 1845. Biskop Hagesæther var med.

Informasjon

Like innafor porten i vest står det ei informasjonstavle. Her kan folk få kjennskap til den gamle kyrkjestaden, - kyrkja og kyrkjegarden, gravlegging og gravminne. Nedanfor følgjer avskrift av informasjonen. Mellomtitlane er sette inn i artikkelen her.

Garden Bygstad

"Garden BYGSTAD har vore ein sentral møteplass for eit stort område frå gamal tid. På Bygstad ligg det ein gravhaug etter ein hovding frå vikingtida ca. 100 meter nord for kyrkjegarden. Stormanngarden har lege her i same området."

Gamal kyrkjestad

"Det er få skriftlege kjelder som kan fortelje kor lenge det har stått kyrkje. Berre arkeologiske utgravingar kan gje oss svar om det har vore noko her i førkristen tid, men det ligg nær å tenkje seg at det kan ha vore ein kultstad her, kanskje eit gudehov på Bygstad. Då kristendomen kom til Noreg, bygde folk ofte dei nye kyrkjene i nærleiken av gamle hov og på stormannsgardane."

Ny kyrkje i 1845

"Bergen Kalveskinn frå 1350 [bok over jordeigedomar] fortel om ei kyrkje som hadde vore etablert ei god tid. Korleis den såg ut, veit vi ikkje. Men frå omkring år 1100 var det vanleg med stavkyrkjer. Inne på kyrkjegarden finn vi muren etter "nykyrkja" bygd i 1845 og flytta til Eide i 1939. Den eldgamle stavkyrkja stod om lag på same grunnmur, men hadde i tillegg eit heller stort kor på 10 x 10 alen. Tomta er no dekka med plast og grus for å verna ho for komande tider."

Kunngjeringar og gapestokk

"Bruken av Bygstad gamle kyrkjegard går attende til mellomalderen. Her vart folk gravlagde, på kyrkjebakken fekk ein vita siste nytt, og her las presten opp meldingar frå det offentlege. Og gapestokken stod der, og ein ny kom opp i 1689."

Etter kvart strengare regler for gravlegging

"Frå først av var det ikkje strenge reglar for nedsetjing av kister. Men etter 1843 vart det påbudt at "alle Lig skulle nedsettes i bestemte Linier", og gravtuene låg no på rekke og rad. Mange var utan gravminne eller med ein trekross på. Kart over gravene finst ikkje."

Gravminna

"Den eldste gravsteinen som vart funnen ved [gravminne-]registreringa i 1992, er frå 1816. Den eldste malmkrossen er minnet over Jens Rennord (1780-1846) som var prost og sokneprest i Indre Holmedal. Han var eigar av Bygstad Kyrkje og stod for bygging av den nye kyrkja i 1845, men døydde før ho vart vigsla. Seinare vart gravplassen prega av gravminne av sement med glas-namneplate, marmorplater og naturstein. Tidens tann har fare hardt med mange, men dei som har namn på seg, står der dei vart funne."

Kyrkjegardsmuren

"Muren rundt gravplassen er bygd i 1847 av kyrkjelyden, delt i 10 roder à 11 mann. Seinare kom utvidingar av kyrkjegarden mot vest med flytting av mur i 1863 og 1877. Portane vart skjenka av prost Rennord."

Frå gravstad til kulturminne

"Siste gravferd på Bygstad var i 1937. Gravplassen på Eide vart vigsla i 1916. Kyrkjegarden på Bygstad vart halden ved like til fram mot 1960. Sidan den tid tok ingen ansvar for han, men etter år med sterkt forfall vart han sett i stand som "kulturminne frå mellomalderen" i 1984-1995. Formelt vart Bygstad gamle kyrkjegard nedlagt i 1994 og er automatisk freda i medhald av Lov om kulturminne." (Informasjonen er "underskriven" av: Skule-/kulturetaten, Gaular kommune og Kulturseksjonen, Sogn og Fjordane fylkeskommune.)

kjelder:

Yndestad, Kirsten: Bygstad gamle kyrkjegard. I Kyrkjeblad for Gaular 1995.
Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular. Gardar og folk. Bygstad sokn. Band VIb. 1990.
Opplysningar frå: Gaular kommune.

PERMANENT IDENTIFIKATOR