Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. mars 2011

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Einen - Sogn og Fjordane sitt fylkestre



Sogn og Fjordane fylke har fleire fylkesmerke. Først kjem fylkesvåpenet og fylkesflagget, deretter fylkesblomen og fylkessteinen. Fylkesbaatane-flagget høyrer også med, som monument over ei fylkeskommunal verksemd i 150 år. Sogn og Fjordane har også sitt fylkestre; einen eller einer, mange stader også kalla sprakje.

<p>&laquo;Vakre s&oslash;yleforma einertre finn vi mykje av i fylket v&aring;rt &ndash; m.a. p&aring; Systrond&raquo;, skreiv Farnes skule i framlegg sitt til fylkestre. Desse st&aring;r ikkje p&aring; Systrond, men i Leikanger kommune, p&aring; garden Suppham, tett att med vegen kring 7 km innom ferjestaden Hella.</p>

«Vakre søyleforma einertre finn vi mykje av i fylket vårt – m.a. på Systrond», skreiv Farnes skule i framlegg sitt til fylkestre. Desse står ikkje på Systrond, men i Leikanger kommune, på garden Suppham, tett att med vegen kring 7 km innom ferjestaden Hella.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2012

Fotograf: Hermund Kleppa

Fylkeslandbrukskontoret

Fylkesblomen (revebjølle) og fylkessteinen (eklogitt) er fastsette av Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom vedtak i fylkestinget. Fylkestreet har rotfeste, for å seia det slik, hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Landbruksavdelinga. I 1992 tok Merete Larsmon ved Fylkeslandbrukskontoret (pr. 2012 fylkesskogmeister) opp sak om fylkestre for Sogn og Fjordane. Det var eit ønskje å følgja opp fylkesblomen og fylkessteinen. Folk blei oppmoda om å koma med grunngjeve framlegg. Ei av føringane var at treet «burde vere biologisk, kulturelt og/eller økonomisk viktig over lang tid.» Det kom inn mange framlegg, ikkje minst frå skulane.

NRK-Sogn og Fjordane fatta interesse. I 1993 laga NRK program der folk kunne gje stemme på treet dei ønskte som fylkestre. Einen vann med knapp margin, før bjørka og furua. Fylkeslandbrukskontoret v/Merete Larsmon og NRK-Sogn og Fjordane v/Eldgrim Fossheim kunngjorde resultatet: Einen er Sogn og Fjordane sitt fylkestre.
 

Premiert grunngjeving 

Etter at einen var kåra til fylkestre, vart alle grunngjevingane for å velja eine, vurderte på nytt, for å kåra eit vinnarbidrag. Astrid Aarøen i Holmøyane gjekk av med sigeren. Ho hadde sendt inn ei forteljing bygd på minne frå barndommen om einen sine eigenskapar og korleis einen kom til nytte:

«Eit av barndomsminna er når mor koka einerlåg. Vi vaska håret med denne lågen og det vart så mjukt og glansande. Seterjenta koka og einerlåg til å skura treringane med. Det vart så fin smak på rømmekolla når ringane var skura med einerlåg.

Når karane bryggja øl til jul, var det å gå i skogen og hogga einer, einerlåg måtte det vera, skulle juleølet bli godt. Og for å få fram den rette julestemninga måtte finhakka einer strøast på det kvitskurte stovegolvet.

Eineren veks over heile Sogn og Fjordane om ikkje så vakker der han står som kjegleforma prydtre ute i naturen. Men pen er den trass alle sine underlege formasjonar.»
 

Farnes skule

Mange skular engasjerte seg og sende inn framlegg. Farnes skule, Øvre Årdal, sende inn følgjande stykke om eineren:

«Einer er eit svært vanleg treslag i Sogn og Fjordane, og kan bli inntil 15 meter høgt. Det veks seint, og det vert hevda at det kan bli over 2000 år gammal. Eineren kan ha ulike former, t.d. buskforma og søyleforma. Vakre søyleforma einertre finn vi mykje av i fylket vårt – m.a. på Systrond.

Veden eignar seg godt til snekkararbeid. Den er også mykje nytta som gjerde- og hesjestaur. Greinene er seige, og vart mykje brukt til m.a. korgfletting. Småhakka einerris vart brukt til å strø på golva når dei hadde fest i eldre tider. Einerris vart også nytta til ølbryggjing og til å reinsa trebaljar med.

Einerbær brukte dei som smaksstoff i ulike drikkevarer. Einerbær og einerlog (avkok av bar og bær) vart nytta ved ulike sjukdommar. Røyking av einerbar er eit gamalt reinsingsmiddel mot smittsomme sjukdommar, og vart også nytta til å driva ut vonde ånder med. Eineren har i Noreg og vore rekna som eit heilagt tre, og har vorte nytta til vern mot trollskap og anna vondt.»
 

Døme på historiske einetre

Det finst mange døme på einetre som opp gjennom tidene har merka seg ut ved storleik. I Førde stod det jamvel i si tid ein eine som var freda ved lov. Nedanfor tek vi med døme frå Hornindal, Gloppen og Førde. Dessutan tek vi med eit døme på at einen finst i folketradisjon, ei regle frå Sogndal.

Hornindal

I Hornindal fann dei like før århundreskiftet 1800/1900 to uvanleg store einestokkar då dei reiv eit gamalt uthus. ei saga av ei skive av den største og sende til professor Schubler i Oslo. Skiva hadde ein diameter på 36,6 cm og etter årringane hadde einen nådd ein alder på 216 år.

På førespurnad (1993) opplyste Botanisk hage ved Universitetet i Oslo at dei diverre ikkje har teke vare på eineprøven frå Hornindal.

Gloppen

På garden Kvile i Breim stod det i 1884 ein 7,5 meter høg eine. Omkrinsen i brysthøgd var 50 cm, og tverrmålet på krona var oppgjeve til 5 meter. Denne einen stod til rundt 1980. Men på same garden stod det ein mykje større eine heilt til vinteren 1993. Stammen var 12 meter og omkrinsen 1,07 meter ein halv meter over bakken.

Førde

Førde hadde i mange år ein eine som var freda (1923) ved kongeleg resolusjon. Den stod på garden Vie. I sakspapira for fredningsvedtaket står mellom anna:

”Eneren på Vie står på gårdens skog og har en høide av 15 m. Stammen nede ved roten måler 1,25 og i mannshøide 0,8 m i omfang. Stammen er slank og rettvokset, kronen av ganske smal form. Samtykkeerklæring foreligger frå eieren.”
 

Den freda einen på Vie finst ikkje lenger. Naturen går sin gang, uavhengig av fredningsvedtak.

Sogndal

Eine er ei kulturplante i så måte at einen i uminnelege tider har hatt eit breitt bruksområde, til staur og pålar, byggjematerial, lagga kar, dreia kjerald, reingjering m.m. Såleis førekjem einen (andre namn brake, sprakje) også i tradisjon, minnemateriale. Frå Sogndal kjenner me ei regle:

Fisletut
gaor inn å ut
me sprakanaole i røvi
 

Juniperus communis – i boka Planter og tradisjon

«Slik gamal, turr einerbork flekte vi av og laga oss sigarar og røykte. (Eid, SF)» Sitatet er henta frå Ove Arbo Høeg si bok Planter og tradisjon. Floraen i levende tale i Norge 1925-1973 (1976), - standardverket om planter som ein del av kulturen. Verket byggjer på eit stort grunnlagsmateriale innsamla gjennom 45 år.

Arbo Høeg omtalar fleire bruksområde og tek med døme frå heile landet: gjerdemateriale, hesjemateriale, spaserstokkar, stavar, rivetindar, selepinnar, orv, trenaglar, knaggar på vegg, torvhaldskorkar på hustak, ringforma bøylar på beretaug (hegle), klavar til husdyr, fiskekorger, i åle- og hummarteiner, vidjer, ymse trekar, juletre, til reingjering, røyking, medisin, m.m. I innleiinga skriv forfattaren:

Juniperus communis «Knapt noen busk i Norge er så vanlig og så vel kjent av alle som eineren. Den er blitt et symbol på nøysomheten, og anvendelig er den til de forskjelligste formål. I det praktiske liv og i folketroen har den spilt en uvanlig stor rolle, tydeligvis frå de eldste tider av, det viser funn frå vikingtid [700-1050] og middelalder [1050-1500], og i muntlig tradisjon.»

«Veden av eineren er seig, fast og svært holdbar; den har ikke slike harpiksbeholdere som gran og furu. (…) På grunn av holdbarheten ble einer mangesteds regnet som det beste gjerdevirke, kornstaur og hesjestaur. Til dette bruk har den også vært en handelsartikkel, særlig på Vestlandet, hvor handelen var ganske betydelig frem til vår tid.»

«På svært mange av dampskipsstoppestedene i Nordfjord lå det i juli 1948 stabler av einestaur. De tykkeste av dem var kløvd. Langs veien Sandane – Vetlefjorden såes overalt fine opprette einer, mange av dem kvistet nedst, med høyder til 5-6 m og meir. [forfattaren sin observasjon]»
 

1938 - «Te av einebær»

I 1938 gav Landbruksdepartementet ut skriftet Gøyming [oppbevaring] og konservering av Matvaror. Skriftet si oppgåve var «å syna kva kvar einskild» kunne gjera om det skulle oppstå vanskar med matforsyninga. Heftet handlar ikkje berre om oppbevaring og konservering, men inneheld også ei mengd oppskrifter, til dømes oppskrift på te av einebær.

Plukk inn dei mogne, blå bæra og turk dei utover bord og brett. Gøym dei [oppbevar] i krukkor, som ein bind over med lintry eller pergament, eller i typosar og boksar. Før bruk knuser ein bæra så godt at steinane vert knuste og set dei i bløyt eit kvarters tid. Rekna eit par skeier bær til kvar liter vatn. Slå kokande vatn over dei utbløytte bæra, og trekk dei i 10 min. Einebær vert haldne for å vera svært helsesame. Dei vert òg bruka til krydd og i medisinen.

2012 – einer til røyking av laks på Svanøy

Eine er framleis i bruk, først og fremst til røyking av matvarer. Kaare Risnes (87) på Leikanger har laga einerøykt laks og røykesild i alle år. På Svanøy driv dei større. Svanøy Røykeri AS har posisjonert seg som ein av dei fremste leverandørane av høgkvalitets røykelaks i landet. Dei brukar eine, fylkestreet, og held seg til gamal røyketradisjon. 27. januar 2012 stilte Svanøy Røykeri med akevittmarinert røykelaks på den internasjonale matmessa Grüne Woche i Berlin. På spørsmål om eine, røyk, røyking og det ferdige produktet, svara Gro Tveit Sveen dette:
 

« Ellers ang. einer, så har vi rikelig å ta av her ute på Svanøy, så all einer blir plukka lokalt her ja. Det vi gjer når vi finn einer til røyking, er at vi klipper opp i mindre "buketter" for å få eit tettare bål (mest berre bar og ikkje tjukke kvistar). Bålet skal ikkje brenne, men bare ulme og utvikle røyk. Eineren må vere grønn og frisk og ikkje tørkast, då den brenn for fort opp. Vi plukker ein del i slengen og setter det på frys, slik at den alltid er "fersk" og held på fuktigheita. Vi dekker eineren med spon og rob av furu før påtenning. Eineren gjer ein spesiell og særegen smak på fisken (og anna mat ein røyker).

Vi har hatt fisken vår til smakstesting hos Nofima i Stavanger i forbindelse med ein holdbarhetstest. Der er det såkalte supersmakere som tar slike tester, dei brukte litt tid på å "nullstille" ganen då dei ikkje var vand med einerrøykt laks. Dei syntes den gav ein veldig spesiell utprega smak på fisken.

Eg er kun vand med denne smaken og sikkert dei fleste andre også i fylket, då det er det som stort sett har vore brukt til røyking her omkring frå gammalt av. Men meir vanlig i røyking er å bruke bøkespon i tilleg, trur ingen andre bruker furuspon slik vi gjør. (Vi får frå det lokale båtbyggeriet istaden for å importere frå Danmark).
 

 2008 - På norgestoppen

Kjempe-eksemplara av fylkestreet i Hornindal, Gloppen og Førde nemnde ovanfor, kjem i andre rekkje samanlikna med ein eine på garden Osland i Høyanger. I 2008 vart denne einen kåra til nasjonal vinnar i ein radiolyttar-konkurranse. Merete Larsmoen var med og organiserte prosjektet. Ho fortel:

Norsk Rikskringkasting, Norsk Genressurssenter og Det norske Skogselskap ynskte gjennom NRK å få tak i kva tre betydde for lyttarane av programmet Ut i Naturen. Dermed vart det lyst ut ein radiolyttar-konkurranse om å finne det tjukkaste treet i Norge, målt som omkrets 1.3 meter over bakken. I tillegg bad ein om bilete av tre og ei historie. Det kom inn over 1000 bidrag som eg systematiserte: 12 lauvtreslag og 4 bartreslag, naturleg i Norge og ei klasse for tre av utanlandsk herkomst.

Bjordal skule sende inn mål av ein eine som står i skogen til Lasse Osland (…). Denne einen vart kåra til nasjonal vinnar i klassa for ei av fire naturlege bartrea og målte 255 cm i omkrets vel ein meter over bakken.

Det er faktisk laga stiklingar av dette treet hos Åberge planteskule i Sogndal. Desse ”borna” er planta i felt i nærliken av mortreet. Einen på Osland er vel verd eit besøk.


 

 

kjelder:

Kjelda, 3/93.
Arbo Høeg, Ove: Planter og tradisjon. Floraen i levende tale i Norge 1925-1973 (1976)
 

Informasjon frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
Kaare Risnes, Leikanger.
Gro Tveit Sveen, Flora.
 

PERMANENT IDENTIFIKATOR