Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Vikastøylen



Vikastøylen ligg fint til ved Rambergvatnet i ei høgd på ca. 420 m o.h. Dette var sommarstølen til bruk nr. 5, 6, 8 og 15 på garden Eimhjellen. Her er fire sel, godt i orden. To fjøs er under utbetring. Vidare har bruk 6 restaurert ei svært gamal høylade. Kyrne beita også på Liane, på andre sida av vatnet, eit par dagar i veka. Dei måtte då symje fram og attende over eit sund. Stølen hadde òg gode slåttemarker. Det viser rydningsrøysane omkring. Stølen var i bruk til ut i 1970-åra.

Vikastøylen ved Rambergvatnet.

Vikastøylen ved Rambergvatnet.

Eigar: Nils Eimhjellen.

Datering: 1990.

Fotograf: Nils Eimhjellen.

Tilkomst

Tilkomst no er 2 km skogsbilveg og 1,5 km rås til Gamlestøylen. Vidare med båt eller 1,5 km rås langs vatnet til Vikastøylen.

Bruk av stølen

Garden Eimhjellen har mange stølar spreidde utover på utmark og fjell. Dei vert her handsama delvis samla og delvis kvar for seg. På 1700-talet hadde truleg alle bruka vårstøl på Stranda ved Eimhjellevatnet. Namn etter dette er høgste og nedste stølen, Støystevikja. Dette er så pass nær tuna at det kan ha vore gardfjøs eller mjølkeplass.

Som døme på felles bruk kan vere Vikastøylen der dei gamle sela var tredde (tilhogde) med øks. Det vart laga gamalost på stølen av surmjølk og primost. Ein dag i veka var "reiadag". Då frakta dei rømme og ost heim på hestekløv. Høy vart lagra på fjøslemmen. Elles var det utmarksslått både kring stølane og vidare utover. Stølane var gode å ty til under jakt og fiske og under bærplukking. Stølstida på sommarstølane var om lag 1. juli - 1. september.

Andre stølar under Eimhjellen er Utigardsstøylen, Gamlestøylen, Vassendestøylen, Kamben og Sørenstøylen.

Nokre fakta

Eimhjellen, gard nr. 24, Hyen sokn, hadde sju bruk i 1890. Folketalet på garden var 63 i 1865. I 1900 var talet auka til 67.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 3, side 267. Sandane 1988.
Nils Eimhjellen, Gloppen
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR