Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. mars 2013

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Måløy bedehus



Våren 2011 gav Måløy Normisjon (tidlegare Måløy Indremsjon) bedehuset sitt til Normisjon region Sogn og Fjordane. «Den gamle foreininga hadde mange gode år å sjå tilbake på, men det var blitt lite ettervekst dei seinare åra.» Det absolutt beste året må ha vore 1923, sommaren og hausten, då indremisjonsfolket bygde bedehuset. På vigslehøgtida søndag 9. desember møtte så mykje folk fram «at flere maatte gaa utan at komme ind.»

Måløy bedehus 2011, sett frå baksida.

Måløy bedehus 2011, sett frå baksida.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2011

Fotograf: Hermund Kleppa

Innsamling av midlar

Måløy indremisjonsforeining blei skipa i 1906 og i 1910 vart det starta eit kvinnelag for å samla inn midlar til bedehus. Den 17. desember 1918 kvitterte kasserar Ole Brunsvik for «de siste bidrag» til bedehus «i Skramsbygden». Det står 53 namn på lista, kvinner og menn, og beløp frå 1 krone til 200 kroner, i alt kr. 1159.-. På sparebankbok i Ulvesund Kreditbank stod det no kr. 4458,49 til «bedehus-saken.» Kasseraren takkar kvar og ein «hjerteligst, og minner om at det framleis må trufast arbeid til for å skaffa meir «midler», på lister og «paa andet vis, indtil huset staar der.» To år etter kjøpte indremisjonsfolket tomt.

Stor basar våren 1923

Ofring i kyrkja var ein måte å samla inn «midler» på, sameleis bedehusbasarar. I 1923 heldt dei to basarar, ein om våren og ein om hausten. Styret hadde stor annonse i Fjordenes Tidende 8. mars og omtale. Basaren byrja måndag kveld, den 12. mars, klokka 7, og heldt fram kvar kveld frå klokka 5. Onsdag stod «rømmegrøt» på programmet. Folk blei oppmoda om å møta fram og gjerne ha med gåver. «Kom og hjælp os enhver etter evne». Arbeidet med å byggja bedehus var no kome så langt at at det var utsikt til å få reiset huset «i løpet av sommeren».

Grunnstein

Den 26. juli melde ei avisnotis at grunnarbeidet var ferdig. Det hadde vore grunnstein-nedsetjing søndagen før. Sokneprest Nybø og emissærane «Sande og Nilsen» hadde vore med. Det vidare byggjearbeidet «tek til i desse dagar», ein to-etasjes «murgard» med «samlingssal» og «husvære i andre høgda.»

Mange frivillege

I boka Nordfjord Indremisjon 100 år, bakgrunn og framvokster (1979) høyrer vi om stor dugnadsinnsats:

«Byggmeister og emissær A. Sande vart sett til byggeleiar. Han makta å leggje arbeidet til rettes for dei mange friviljuge som melde seg til teneste. Dei fleste av desse stod i arbeidet og yrket sitt om dagen. Om kvelden gjekk dei til dugnadsinnsats på bedehuset. Klokka var gløymd i iveren for å få huset ferdig. Stundom såg dei det lysne i aust til ein ny dag, før dei gjekk heim for å få nokre timars søvn.

Om kveldane kom kvinnene med mat til arbeidarane. Ein stein i tomta var matbordet i førstninga. Gleda var stor den kvelden dei fekk mat på golvplankane i første høgda. Arbeidet gjekk med liv og lyst.»

«bygt av murstein»

I november var byggjearbeidet kome så langt at det nye bedehuset kunne vigslast. Vigslehøgtida vart fastsett til søndag 9. desember. I ei kunngjering høyrer vi at emissær Sande ikkje berre har vore byggjeleiar. Han har også vore arkitekt, laga teikningane til huset. Bygningen er 18,20 meter lang og 13 meter brei. I kjellarhøgda er det laga plass til to butikkrom, lager, kjøkken og anna. Første høgda har ein stor og ein liten møtesal og på galleriet er det innreidd husvære.

Vigslehøgtida

Den 9. desember 1923 står som merkedag i Måløy indremisjon si soge, dagen då Måløy bedehus blei vigsla. Festdagen tok til med gudsteneste i Sør-Vågsøy kyrkje og heldt fram med vigslehøgtid om ettermiddagen. Generalsekretær i Indremisjonsforbundet, sokneprest Joh. M. Wisløff, heldt vigsletalen og stod føre vigslinga. Byggjeleiaren, emissær Andreas Sande, greidde ut om arbeidet med å reisa huset, og leiaren i byggjekomiteen, J. Eltvik, takka alle som hadde støtta og hjelpt til. Fleire tilreisande bar fram helsingar. Elles stod mykje song og musikk på programmet, og «bevertning». «Det var meget folk fremmødt», skreiv «referent» i Fjordenes Tidende, «baade frå stedet og utenom, ja saa mange, at fleire maatte gaa uten at komme ind.»

Ikkje berre Indremisjonen

Det er eit felles trekk ved bedehusa at mange brukar bedehuset, ikkje berre eigaren. Vilkåret er til vanleg at aktiviteten må samsvara med den evangelisk lutherske trusvedkjenninga. Eit døme på dette i Måløy, kjem fram i ei avisnotis 23. juli 1928. Styret i den lokale Santalmisjonen kalla saman til møte i bedehuset. Arbeidet for Santalmisjonen hadde lege nede ei stund, og no ønskte ein å drøfta om det var råd å ta arbeidet opp att. Ein pastor Kvistad hadde vore i Måløy og halde føredrag. Han hadde sagt at folket i Santalistan leid under «hedenskapets mørke», og hadde ei bøn til «den kristne menighet, om at yde hjelp.» (Her kan det leggjast til at Santalmisjonen og Landsindremisjonen i 2001 gjekk saman i ein organisasjon med namnet Normisjon.)

1948 – 25 år

Torsdag 9. desember 1948 runda Måløy bedehus 25 år. Signaturen «H.F.» orienterte nokre dagar før i Fjordenes Tidende om at jubileet skulle markerast med «festmøte», søndag 5. desember. Han kunne og melda at byggjeleiaren frå 1923, emissær Andreas Sande, hadde lova å koma og «stanse noen dager etterpå.» Innsendaren har med ein kort historikk i stykket sitt og ei oppsummering av kva bedehuset har hatt å seia gjennom 25 år:

«Hva Måløy bedehus har betydd for det kristelige arbeid på stedet kan nok ikke måles med menneskelige mål. Barn, ungdom og eldre har gjennom årene kunne samles omkring Guds ord og til oppbyggelige samvær. Foreningens egne arbeidsgrener har har hatt et sted å ty hen og har her kunnet utføre sin gjerning.

Selv om det er Måløy indremisjon som eier og driver huset, så har dette dog ikke hindret de andre organisasjoner i å få avholde sine møter ved sine forskjellige utsendinger, og de har kunnet foreta sine innsamlinger der. Et broderlig, godt forhold har hersket den hele tid til alle organisasjoner som står på den lutherske kirkes bekjennelses grunn.»

2011 – ny vokster

Det var i 1948. Våren 2011 la den «gamle» indremisjonsforeininga i Måløy inn årane. Kva så? I november same året melde Normisjon sentralt, at normisjonsfolk i Raudeberg hadde bestemt seg for å satsa i Måløy med ungdomsarbeid og annan aktivitet. På denne måten kom det ny vokster i Måløy bedehus.

Vekkingar

Vekking eller vekkelse er eit omgrep i kristendomssoga. Det følgde vekking med forkynninga og arbeidet til Hans Nielsen Hauge (1771-1824). Folk fekk eit meir personleg og medvite forhold til den kristne trua. Seinare følgde andre vekkingar, større og mindre, rundt om i heile landet. Vekking er gjerne omtala i ein eigen terminiologi. Det «braut ut vekking», folk blei «vakte, omvende, frelste», dei blei «truande», «kom med», «tok standpunkt for Gud». Somme forkynnarar var «vekkings-predikantar». Amerikanaren Billy Graham samla fullt hus på Ullevål stadion i 1955, over 30 000. John Olav Larssen og to svenske sangevangelistar «stod i vekking» mange stader nokre år seinare. Lærar Norvald Wergeland fortel (1979) om vekkingar i Nordfjord, i Måløy og Vågsøy:

«I 1921 opplevde Måløy ei av sine største vekkingar. Eldre folk seier at det er den største vekkinga som har gått over Måløy. To av dei som verka der då, var Nicolaysen og Sønstelid. Dei truande hadde bede, arbeidd og venta. Vekkinga kom som eit vårbrus over staden. Folk strøymde til møta. Mange både unge og eldre gav seg over til Gud.

Under siste krigen [1940-1945] opplevde Vågsøy vekking på ny. Fleire av dei som har stått i leiinga seinare, kom med då. Det var ymse talarar, m.a. Hals og Aasen, og ei forunderleg tid. Tyskarane hadde bedehuset i Måløy, men mange opna heimane sine for møta. Det hende det var 40 menneske i ei privat stove. I 1951 opplevde Vågsøy noko vekking då Egil Møller Johansen verka der.

Ei anna stor vekking fekk Måløy og bygdene omkring oppleve frå januar 1961. Indremisjonen fekk då i gang ein evangelisk aksjon. Dagfinn Sæter frå Navigatørane kom til Måløy (…) for å førebu aksjonen. Den kjende vekkingstalaren Johan Olav Larssen saman med dei kjende songarane Lage Wedin og Rolf Listrøm deltok under aksjonen. Folk kom langveges frå for å vere med på møta kveld etter kveld. Svært mange gav til kjenne at dei ville ha Jesus Kristus til Herre i livet sitt. Somme meiner at dette var den største vekkinga Måløy har hatt, men det var fleire frå distrikta enn frå sjølve Måløy som kom med.»

kjelder:

Fjordenes Tidende: 19.12.1918, 15.05.1919, 08.03., 26.07,. 03.12., 06.12., 13.12.1923, 31.01.1924, 23.07.1928, 20.11.1948.
Wergeland, Norvald, o.fl.: Nordfjord Indremisjon. Bakgrunn. Framvokster. 1979.