Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 03. desember 2019

Sist oppdatert 04. desember 2019

Kategori

Rå-data

Fiskarkvinnelag i Sogn og Fjordane



Etter den andre verdskrigen organiserte kvinnene på kysten seg i eigne lag med mål om å betre fiskarane sine kår. Dei første varige fiskarkvinnelaga i Sogn og Fjordane vart skipa i Bremanger og Holvik i 1959.

Fiskarmonumentet i Bremanger kom til etter initiativ frå Amanda Igland. Det vart avduka i 1964, og er laga av Ståle Kyllingstad. Det vart sett opp som eit minne over omkomne på havet. «Det kveldar på skjæret» kalla kunstnaren monumentet. Til avisa Firda Folkeblad forklarte han motivet slik: «Eg hev tenkt meg desse. Han far som tok yngste guten med seg på sjøen og så ein eldre bror, eller ein annan. Dei hev kome seg opp på eit skjer, og der ventar dei på lagnaden. Den eldste guten har gjeve opp, medan minsteguten enno ventar på berging. Men han gamle far trøystar dei med ei anna von. På skjæret kveldar det, allikevel.»

Fiskarmonumentet i Bremanger kom til etter initiativ frå Amanda Igland. Det vart avduka i 1964, og er laga av Ståle Kyllingstad. Det vart sett opp som eit minne over omkomne på havet. «Det kveldar på skjæret» kalla kunstnaren monumentet. Til avisa Firda Folkeblad forklarte han motivet slik: «Eg hev tenkt meg desse. Han far som tok yngste guten med seg på sjøen og så ein eldre bror, eller ein annan. Dei hev kome seg opp på eit skjer, og der ventar dei på lagnaden. Den eldste guten har gjeve opp, medan minsteguten enno ventar på berging. Men han gamle far trøystar dei med ei anna von. På skjæret kveldar det, allikevel.»

Fotograf: ukjent

Norges Fiskarkvinnelag

Den første organisasjonsdanninga stod fiskarkvinnene i Kristiansund for, då dei i 1946 stifta “Damegruppen Havglimt”. Drivkrafta bak dette laget var den energiske Magda Pedersen.  

Den viktigaste årsaka til at kvinnene organiserte seg i eigne lag var ønsket om å betre fiskarane sine kår. Det vart samla inn midlar til Fiskernes Hjelpefond, ofte berre omtalt som hjelpekassen, ei støtteordning retta inn mot fiskarar som blei sjuke eller uføre.

Trygdeordningane for fiskarar var dårleg utbygde på 1950-talet. Sosial naud fylgde ofte i kjølvatnet av ulukker, sjukdom eller feilslått fiske. Hjelpekassen fungerte som ei slags sjukekasse for fiskarane, og ordninga kvilte tungt på aktiviteten til fiskarkvinnene.

I tillegg var det sosiale viktig. Laga samla kvinnene til prat og hygge over ein kaffikopp. Møta var ei avveksling frå ein hard og travel kvardag.

Organisasjonsaktiviteten skapte i tillegg ein fellesskapstanke som resulterte i ein innsats på det kulturelle området. Det skulle bli særskilt synleg frå 1970-talet. Kystkulturen vart løfta fram som ei kampsak. Sogn og Fjordane kom til å leie an på dette området. Fiskarkvinnene i fylket vårt arbeidde iherdig for at kystkulturen og fiskarkonene ikkje måtte bli gløymt.

Fiskarkvinnelag i Sogn og fjordane

Det eldste fiskarkvinnelaget i Sogn og Fjordane skal ha blitt skipa på Batalden. Nøyaktig når det skjedde er uvisst. Det som i alle fall er sikkert er at det i 1959 kom til to livskraftige fiskarkvinnelag, eitt i Bremanger og eitt i Måløy/Holvik. Året etter organiserte fiskarkvinnene i Raudeberg seg.

I jubileumsboka til Norges Fiskarkvinnelag vert det opplyst at det i 1993 var 13 tilslutta organisasjonar i Sogn og Fjordane. Heile fem var å finne i Vågsøy kommune, mellom anna Skavøypoll Fiskarkvinnelag.

Skavøypoll Fiskarkvinnelag

Skavøypoll sitt stiftingsmøtet vart på førehand annonsert i avisa. Den 3. februar 1969 møtte 12 kvinner fram til skipinga av fiskarkvinnelaget. I tillegg stilte Thorleif Iversen, som var sekretær i Sogn og Fjordane Fiskarlag. Han orienterte om arbeidet og oppgåvene for fiskarkvinnelaga.

Etter litt konferering vart det gjort samrøystes vedtak om å skipe eit lag i Skavøypoll. Ellinor Haukedal vann valet om leiarvervet. I styret sat Anna Rakkenes, Ingunn Hagen, Aslaug Hagevik og Aslaug Solheim. Medlemskontingenten vart sett til fem kroner pr. år.

Ut frå møtereferata følgde samankomstane i laget ofte eit mønster. Det starta med song, deretter kom kaffi og mat på bordet før det var tid for utlodding. Noko stor saksmengd var det ikkje dei første åra. Innimellom kjem det tydeleg fram i møteboka at det er tale om samlingar i eit fiskarkvinnelag: “Men når vi sat der og høyrde på stormen kor han yla gjennom huset, så gjekk tankane våre til desse stakkars som vi har ute på havet i alt slags veir”.

Den frykta folk ved kysten hadde når fiskarane drog ut på havet har vore ei uro som har halde seg heilt opp til våre dagar:

Timane gjekk fort med diskusjon og arbeid, for no tek jula til å nærma seg med raske skritt. Og jula ser vel kanskje vi som er fiskarkvinner meir fram til enn mange andre, av den gode grunn att da har vi håp om att da får vi ha desse kjære fiskmennene våre heime. Då kan vi få slå av både vermelding og fiskarbølge som ellers står på og surrar heile året mest, og stel mang ein time frå oss som set her heime i spenning og angst mang ein gong.

For den som ikkje har opplevd det, vil det nok vere vanskeleg å forstå korleis det var å gå rundt med ei konstant gnagande uro i kroppen. Og frykta var reell: Havet gav og havet tok. Det er ikkje få fiskarar som opp gjennom historia som har fått ei våt grav.

Det var slett ikkje berre alvor som prega fiskarkvinnene i Skavøypoll. Snarere tvert om. Det er tydeleg at dei hygga seg med kvarandre. Innimellom er møteboka krydra med humor, som då dei skulle velje ny leiar: “Bare ett lite råd på kjøpet: de bør møte opp hvis de har mistanke om at nokon skal veljast til eit eller anna formål, for vi brukar alltid å velja den som ikkje er tilstades.”

Ein anna gong står det å lese følgjande i referatprotokollen: “Møtet var så fritt for røyk at Ingunn måtte kveike ein sigarett for at vi andre skulle vera sikre på at det var eit fiskarkvinnemøte vi var på.”

kjelder:

SFF-99097 Skavøypoll Fiskarkvinnelag


Lotherington, Ann Therese og Thomassen, Bente: "Å leva det er å elska" : Norges fiskarkvinnelag gjennom 40 år. Norges fiskarkvinnelag, 1993.


Myrstad, Bjørn: Vestlandsfiske. Samlaget, 1996


Firda Folkeblad 05.12.1963

PERMANENT IDENTIFIKATOR