Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 25. november 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Skjortefabrikken i Selje



Selje Skjortefabrikk ligg i sentrum av Selje. Fabrikken vart bygd opp i ei industrilaus bygd etter andre verdskrigen. Dette er eit døme på kva personleg initiativ åleine kan utrette, men som einaste skjortefabrikk att i landet, i denne arbeidskrevjande bransjen, er dette òg eit vitnemål om ei vaken driftsleiing i åra etterpå.

Reklamebrosjyre frå 1980-åra.

Reklamebrosjyre frå 1980-åra.

Bakgrunn

Selje Skjortefabrikk var ikkje den første verksemda innan konfeksjonsbransjen i Selje. I 1925 starta Brita Hjelmeland ei skreddarforretning, og Entze Drage starta ei anna, kvar med to til tre tilsette. Per G. Reed dreiv ein skjortefabrikk på Stadlandet fram til 1980. Frå 1932 dreiv J. G. Thoresen Selje Konfeksjonsfabrikk, som i 1935 vart teken over av Øivind Dragesæt (1892-1959). Produksjonen var såkalla leigesaum. Kring 20-25 kvinner var i arbeid her i 1940. Her var Wald Drageseth "alt-mogeleg-mann" i farens verksemd. Drageseth fekk òg verdfull lærdom og inspirasjon på Innvik Ullvarefabrikk hjå bestefaren, Wald Skåden. I 1946 vart fabrikken flytta til Åheim. Samstundes arbeidde Wald Drageseth for å få i gang skjorteproduksjon i dei gamle lokala i Selje. Han hadde då skaffa seg konfeksjonsteknisk utdanning, og vore driftsleiar på ein skjortefabrikk på Gjøvik.

Etablering og første driftsår

Saman med den ti år yngre broren Asbjørn, starta Wald Drageseth opp skjortefabrikken i 1947. Frå Selje var det lang og kronglete veg til Oslo, der skjortene vart selde og råstoff innkjøpt. Men alt i starten sysselsette skjortefabrikken 20 syersker. Ein desemberdag i 1947 brann fabrikken ned. Produksjonen kom raskt i gang att i ein skulehuskjellar, og i ny fabrikk i januar 1949. I løpet av 1950-åra kom produksjonen opp i 200 000 skjorter, med ein arbeidsstokk på kring 80. Dei aller fleste tilsette var kvinner, og hovudtyngda frå Selje. Ei produksjonsavdeling vart starta opp i Måløy.

I 1960-åra førte import av billege skjorter til vanskar for den norske skjorteproduksjonen. På få år vart produksjonen på Selje halvert. Men dei satsa på ein felles grunnmodell for alle skjortene, og effektiviserte og rasjonaliserte produksjonen. Talet på tilsette vart halvert, og avdelinga i Måløy nedlagd. Uniformsskjorter vart hovudproduktet. Hovudkundane var forsvaret og offentlege institusjonar, og private selskap med uniformert personell. Dermed vart Selje Skjortefabrikk leiande produsent av uniformsskjorter i Norge.

Modernisering og omstilling

Fabrikken vart første gong utvida i 1954, og i 1978 stod ny fabrikk på 2635 m² ferdig, fordelt på to og ein halv etasje. Det kom nye maskiner som automatiserte yttelegare ein del syoperasjonar og samanlegging av skjortene. Frå eit lågmål på 120 000 produserte skjorter i 1973, kom produksjonen opp i kring 240 000 skjorter først på 1980-talet. I 1984 vart datautstyr introdusert for betre utnytting av stoffet. Tal tilsette voks på ny til kring 100 personar. Ei ny kundegruppe var private verksemder som nytta arbeidstøyet til å profilere seg med. Men straks etter stod verksemda overfor store utfordringar som kravde raske omstillingar.

Utflagging

På slutten av 1980-talet var det eit allment attendeslag i økonomien, og skjortesalet frå Selje vart halvert. Følgjene vart å flytte produksjonen til lågprisland, først til Portugal i 1988, og i løpet av 1990-talet til Polen, og vidare til Estland og Litauen. Det vart leigd produksjonskapasitet i etablerte fabrikkar, leigesaum. Tilskjæring vart hovudsakleg utført i Selje.

I 1984 vart Magnar Drageseth (f. 1945) eineaksjonær i skjortefabrikken. Som tredje generasjon i bransjen var han dagleg leiar av skjortefabrikken frå 1969 til 2001. I 1990 gjekk fabrikken gjennom ein styrt konkurs. Nytt selskap, Skjortefabrikken SELJE as, dreiv vidare, eigd av Magnar Drageseth og dei tilsette.

Status 2002

Bedrifta er eigd av osloselskapet NB Partner med 68 % av aksjane, Magnar Drageseth og fire tilsette, og har frå 2001 vore leia av Geir Årvik. Produksjonen ligg på kring 160 000 skjorter og blusar. Det er att 12 tilsette i Selje, der det er administrasjon, salsavdeling, innkjøp, produktutvikling, lager og ei sørvisavdeling med ein kapasitet på kring 100 skjortr per veke. I tillegg til dette kjøper verksemda leigesaum i Baltikum, der det er sysselset mellom 60 og 80 arbeidarar. I bransjen er prispresset aukande. All norsk skjorteproduksjon er flytta ut, og det er berre i Selje det framleis kan produserast skjorter i Norge.

Ut frå Selje Skjortefabrikk kom Selje Bruk i 1961, seinare Saga Trading, med sin plastbåtproduksjon, Selje Hotell i 1975 og Selje Plastindustri 1976, seinare Selantic Industrier, som i si tid produserte redningsutstyr til skipsfart og oljeverksemd.

kjelder:

Førsund, Finn Borgen: Kystlæremiddelprosjektet, Sogn og Fjordane DH: Hefte 3: Kystbygdene skifter ham. Sogndal 1986.

PERMANENT IDENTIFIKATOR