Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. mars 2009

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Vasskverna i Nordpollen



Laurdag 11. november 2006 var ein stor dag i Nordpollen i Selje. Den restaurerte vasskverna i Heggjedalene på gardsnummer 84, bruksnummer 1, Nordpoll, vart offisielt opna. Ein gjeng entusiastar hadde halde på i to år med å setja det gamle kvernhuset i stand. På opningsdagen mol dei korn dei sjølv hadde avla og brukte mjølet i graut dei serverte i det gamle skulehuset i grenda.

Kverna i Nordpollen 2006. Nordpollen i bakgrunnen.

Kverna i Nordpollen 2006. Nordpollen i bakgrunnen.

Eigar: Egil Holvik/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2006

Fotograf: Egil Holvik

Ved bekk frå Nordpollvatnet

Garden Nordpoll ligg i botn (lengst inne) i fjorden Nordpollen. I 1865 var garden delt i 3 bruk. Nordpollvatnet på 99 moh ligg ein snau kilometer sør for gardane. Det var elva eller bekken frå dette vatnet Nordpoll-gardane nytta til kverndrift. Staden kverna stod og står ber namnet Heggjedalane.

Gamal kvernstad

Kverna i Heggjedalane stod til nedfalls då vølingsarbeidet byrja i 2004. Ingen visste nøyaktig kor gamalt kvernhuset var. - "Kanskje har det stått siden innpå 1700-tallet", refererte Fjordenes Tidende i eit stort oppslag om nyopninga i november 2006. I alle høve er kvernstaden gamal. Restar av to eldre kvernsteinar ber bod om kornmaling i lang tid. I førearbeidet til ny matrikkel i 1864 står det notert på alle gardsbruka på matrikkelgarden "Nordpold": "Har Quernvand."

Kvernhuset berga

Det var i 2003 grunneigarar og andre interesserte i bygda tok fatt på oppgåva å ta vare på den gamle kverna. Dei skipa ei stifting og sommaren 2004 tok dei fatt på det praktiske arbeidet. Mange var med og tok eit tak, men det meste blei gjort av "ein hard kjerne" på seks-sju personar med Egil Holvik som primus motor.

Restaurert kvern

Det såg ille ut då dei tok fatt, men det kunne lett vore verre om ikkje taket hadde vore halde i rimeleg god stand etter at dei slutta å bruka kverna, truleg på 1930-talet. Bordkledningen var dårleg, taket moge for å skiftast, noko av tømmeret skadd av råte, kvernkallen nesten borte, innretninga over kvernsteinane var i dårleg forfatning og sloket (renner for tilførsle av vatn til kvernkallen) heilt borte. Men kvernsteinane var på plass og i god stand.

Den "nye" kverna har innslag av nytt tømmer somme stader, ny bordkledning og nytt torvtak. Kverna har ny kvernkall og nytt anlegg for tilførsle av korn i auga i oversteinen. Og det vart laga nytt slok. Den gamle bordkledningen var festa med trenaglar, ikkje spiker eller boltar. Den nye bordkledningen er óg festa med trenaglar. Innvendige mål er: lengde 2,24 m, breidde 2,10 m, høgd i møne 2,01 m, høgde ved raft 1,26 m (frå golv til taktro).

Kverna i gang på opningsdagen

Mange var med på opningsdagen. Alle følgde spent med då vatnet blei slept på med full vassføring. Den nye kvernkallen gjekk rundt så det suste, og den øvste kvernsteinen (oversteinen) som den loddrette kvernkallen er festa til, fekk fart på seg. Frå teina og skoen over kvernsteinane dryssa kornet ned i auga og derifrå leia inn mellom kvernsteinane. Det ferdige mjølet kom ut og fall ned i grøttet (kassen ved sida av kvernsteinane). Store og små fekk høve til å sjå heile prosessen frå korn til mjøl.

Graut med mjøl frå eige korn

Etter at den offisielle opninga av den restaurerte kverna var over, samlast folket i det gamle skulehuset i grenda. Her vart det servert graut, kaker, kaffi og leskedrikk. Grauten var laga av noko kjøpemjøl, men dei viktigaste ingrediensane var byggmjøl og havremjøl som var mole på kverna. Men ikkje nok med det, kornet kom frå ein åker hjå Lars Arne Nordpoll. Det sette ein ekstra spiss på heile kvernprosjektet å ha korn dei hadde dyrka sjølv; - korn dei hadde sådd, skore, tørka, treska og drøfta - og så male på eiga kvern!

Lærerikt

Eldsjelene bak prosjekt Den gamle kverna i Nordpollen lærde mykje gjennom restaureringsarbeidet, og då ikkje berre om det reint bygningstekniske, men også om korndyrking og kornmaling i farne tider. - Dei spurde eldre folk til råds, fortalde Egil Holvik, til Fjordenes Tidende.

Bygdetiltak - mange med

Prosjekt Den gamle kverna i Nordpollen er eit framifrå døme på lokalt organisert kulturvern: bygdefolk tek initiativ, fleire eldsjeler gjennomfører vern av eit kulturminne og formidlar historisk kunnskap til andre.

Den restaurerte kverna - kvernhuset og sloket - står der som eit talande vitnemål om resultatet av arbeidet til eldsjelene rundt det gamle kvernhuset i Nordpollen. Men det høyrer meir med til det synlege resultatet. Egil Holvik og folka hans dokumenterte vernearbeidet sitt ved å fotografera og filma, og ved å laga fagteikningar. Dei samla inn historisk dokumentasjonsmateriale og dei skapte blest om resultatet av arbeidet sitt ved å skipa til stor opningsdag. Dessutan var dei opptekne av at kverna ikkje berre skulle vera eit levande kulturminne på opningsdagen. Her skal folk få koma og sjå og høyra og oppleva den eldgamle og universelle måten å gjera korn om til mjøl, på kverna i Nordpollen.

kjelder:

Fjordenes Tidende, 15.11.2006
Informasjon frå Egil Holvik, Selje.