Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 24. april 2018

Sist oppdatert 22. august 2018

Kommune

Connie Henden-leskuret frå Førde Sementvare sidan 1974



Leskur, venteskur, busskur – tre ord om det same; liten bygning oppsett på buss-stopp. Det finst fleire slags leskur langs vegane, men i Sogn og Fjordane er det eitt som dominerer. Førde Sementvare sin klassikar frå 1970-talet; - med små endringar det same år 2018, vedlikehaldsfritt, tidlaust på ein måte. Sogn og Fjordane-leskuret kan det og kallast, og Connie Henden-leskuret, etter arkitekten som teikna det.

Førde Sementvare sitt leskur

Førde Sementvare sitt leskur, produsert sidan 1974, teikna av arkitekt Connie Henden (1924-1985).

Eigar: UkjentFørde Sementvare

Datering: Ukjent

Fotograf: Brosjyre frå Førde Sementvare

Viktige bygningar

Tre lokalhistorie-bøker fortel litt om Førde Sementvare sitt leskur frå 1974; to bedriftssoger og fylkessoga: 1) Transport mellom fjordar. Firda Billag 1920-1995 (1995), 2) Førde Sementvare 1930-2000 (2000), og 3) Soga om Sogn og Fjordane (…) Etter 1945 (2017). Leskur er viktige bygningar i så måte det finst mange av dei, hundrevis; dei har vorte oppsette i mange år, og framfor alt: mange har hatt god nytte av dei når dei venta på bussen.

Ikkje berre i Sogn og Fjordane

År 1995 hadde Førde Sementvare produsert 535 leskur. Pr. 2018 er tale kome opp i 0000. Dei fleste er oppsette i Sogn og Fjordane, men leskuret er og å sjå i andre fylke, så som i nabofylket Hordaland, og nord i landet. Seinast vinteren 2018 gjekk eit parti til Lofoten.

Byrja i Sunnfjord

Firda Billag (FB) vart skipa år 1920. I røynda var det ei vidareføring av kommunale billag som sidan 1912 hadde trafikkert strekninga Sandane – Vadheim. Med åra voks Firda Billag fram til eit av dei tre store i fylket år 1995, då FB runda 75 år. I bedriftssoga som kom ut same året, står det eit lite avsnitt som handlar om stoppestadene. Faste stoppestader og oppsetjing av leskur hang saman.

«Då faste stoppskilt kom opp i 1950-åra, protesterte folk mot dette. Det var ikkje så rart. Før desse kom på plass, hadde bussane stoppa «ved kvarmanns dør». Faste stopp rasjonaliserte køyringa ein del. I 1950 hadde det blitt orden på stoppestadene på mjølkerutene Ålhus – Vassenden og Sægrov-Vassenden. Dette hadde synt seg å vera ein stor fordel, og billaget tok sikte på å få dette til over alt. Ved kvar stoppestad burde det vere ein lasteramp og eit vareskur. Ved desse stoppa meinte billaget at vegen burde utvidast, slik at av- og pålessing kunne skje utan mein for annan trafikk»

Arkitekt Connie Henden

Boka om Firda Billag har lite om korleis det gjekk vidare; einast at det år 1961 blei det bygt eit «skur» ved vegkrysset på Moskog, 10 km nord for Førde. Dette skuret hadde toalett og salsbod i tillegg til tak over hovudet for folk som venta på bussen, og var såleis mykje meir enn det reine leskuret som snart skulle koma opp langs vegane i Firda Billag sitt ruteområde.

År 1962 tok Firda Billag i bruk ny rutebilstasjon i Førde. Bygningen var teikna av arkitekt Connie Henden (1924-1985). Vel 10 år seinare, år 1974, teikna den same arkitekten, «for Firda Billag», det etter kvart velkjende leskuret produsert av Førde Sementvare. Det står om leskuret i Førde Sementvare si bedriftssoge 1920-1995:

Våren 1974 hadde arkitekt Connie Henden laga eit utkast til venteskur for Firda Billag. Det var i seks delar, kunne lastast på ein lastebil med kran, og monterast på eit par timar. Etter 1975 kom billaget i gang med utplassering av leskur i dei tretten kommunane billaget trafikkerte. Dette var også ein lekk i å få meir faste stoppestader for bussane.
Leskur vart etter kvart eit produkt som skaffa Førde Sementvare mykje arbeid. I tillegg til produksjon fekk verksemda også transport og montering. Med små endringar leverer Førde Sementvare framleis [1995] dei same venteskura som arkitekt Connie Henden teikna i 1974.
Merknad: Ei tid medverka Firda Billag til at det blei sett opp leskur, men nokså snart blei leskur på stoppestader ei oppgåve for vegvesenet. Pr. 2018 er det Statens Vegvesen, Region Vest, i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune, si oppgåve å ordna med leskur langs riksvegane og fylkesvegane i Sogn og Fjordane. Vedlikehald vert som regel sett bort til entreprenørar.

«over alt i fylket»

År 2017 kom Soga om Sogn og Fjordane, frå dei eldste tider til i dag, 2017. Førde Sementvare sitt leskur er med, i kapittel om samferdsle, om enn «berre» som foto med bilet-tekst. Fylkessoga brukar nemninga «Firda Billags buss-skur». Det står:

«Firda Billags buss-skur står over alt i fylket. Det blir enno [2017] produsert av Førde Sementvarefabrikk (sic.) og er teikna av Connie Henden.»

Brosjyre - 2018

Førde Sementvare har eiga brosjyre til produkt LESKUR. Tekst og illustrasjonar fortel mellom anna om historie (sidan 1974), omfang (fleire hundre, heile landet), og kvalitetar (t.d. to opningar/vindauga i veggen mot motkomande trafikk, i to høgder, for at både vaksne og born kan halda auge med ventande buss). Heile teksten:

«Førde Sementvare har sidan 1974 levert og montert fleire hundre leskur. Vi leverer over heile landet. Leskura våre er godkjende av Vegdirektoratet, og vert levert med ferdig montert sittebenk og skiltfeste på tak. Vindu er plassert i to høgder, noko som sikrar god utsikt også for barn.»

Andre slag venteskur

År 2017 vart buss-stoppestadene ved Statens Hus på Hermansverk utebetra. To Connie-Henden-leskur blei erstatta med to av eit anna slag. Statens Vegvesen opplyste våren 2018 at det hender dei brukar meir påkosta venteskur i tettstader, medan klassikaren framleis blir brukt i «meir landlege omgivelsar».

«Oddvar Torsheim si busskur-teikning (…) vekke»

Tagging i leskur førekjem, og tilgrising på veggene av ymse slag. Då er det vedlikehaldet si oppgåve å måla over. Sommaren 2016 blei det oppstyr om ei teikning i eit leskur i Lavik. Nokon hadde måla over eit arbeid signert den profilerte kunstnaren Oddvar Torsheim. Syndaren viste seg å vera ansvarleg for vedlikehaldet av busskuret. Vedkomande synte til instruks om å fjerna tagging av eit kvart slag, og Vegvesenet sentralt på Hermansverk opplyste at det ikkje var søkt om løyve. Overmålinga var såleis heilt i samsvar med «boka».

«måtte bremse ved kvart buss-skur»

Kort tid etter Oddvar Torsheim sitt kunstverk i leskur var borte, dukka det opp andre kunstverk i Førde Sementvare sine leskur langs Sognefjordvegen:  MONSTER (fjordmonster), men då av det meir sympatiske slaget. Dei får stå i fred. Leskur-monstera har jamvel si eiga web-side. Kunstnaren, Daniel Longfellow, har som mål å forsyna kvart Connie Henden-leskur frå Lavik til Sogndal med eit unikt fjordmonster. Han har fått mange positive reaksjonar, og han likte spesielt godt denne:

"Eg og barna har i dag hatt den lengste turen i frå Høyanger til Vaim [Vadheim]. Vi måtte nemlig bremse ned ved kvart buss-skur for å beundre monstera. Og ein god latter fekk vi oss òg! Supert!"

kjelder:

Uprenta kjelder:
Statens Vegvesen, region Vest, Hemansverk: Opplysningar i epost, våren 2018
Førde Sementvare: Opplysningar i e-post, våren 2018


Førsund, Finn Borgen: Transport langs fjordar. Firda Billag 1920-1995. 1995


Førsund, Finn Borgen: Førde Sementvare. 1930-2000. 2000


Roll-Hansen, Hege: Soga om Sogn og Fjordane. Kraft og motkrefter. Etter 1945. 2017.


Fjordmonster


Førde Sementvare: Leskur. Brosjyre.