Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Visnes Hotel



Like før Stryn sentrum frå Loen står eit kvitmåla trehotell på høgre sida av vegen. Det er Visnes Hotel. Hotellet vart grunnlagt av Anton Arneson Visnes i 1850. I dag er det etterkomaren Vibeke Visnes som driv det. Frå 1957 til 1986 var hotellet stengt.

Visnes Hotel slik det ser ut i dag. Det er dag 6. generasjon som eig hotellet. Hotellet vart påbygt i 1900, 1906 og 1937. I 1957 kom det veg mellom hotellet og fjorden. Det var ein av grunnane til at eigaren fann det rettast å stengja hotellet. 28 år gjekk før det på nytt gjekk gjester inn hotelldøra.

Visnes Hotel slik det ser ut i dag. Det er dag 6. generasjon som eig hotellet. Hotellet vart påbygt i 1900, 1906 og 1937. I 1957 kom det veg mellom hotellet og fjorden. Det var ein av grunnane til at eigaren fann det rettast å stengja hotellet. 28 år gjekk før det på nytt gjekk gjester inn hotelldøra.

Eigar: Kristin Visnes.

Datering: Ca. 2000.

Fotograf: Ukjend.

Frå skysstasjon til hotell

På garden Visnes i Stryn har det vore skysstasjon frå gammal tid. Anton Arneson Visnes bygde så Visnes Hotel i 1850. Det eldste hotellet var ein bygning med ein etasje. Trafikken auka på utover hundreåret, og huset frå 1850 vart utvida og endra litt etter litt. Kring århundreskiftet (1900) hadde bygningen ark med to altanar. Kring 1921 vart bygningen utvida og påbygd slik at den no fekk to fulle etasjar. Med arkar og altanar tok sveitserstilen til å prega huset. I ein omtale frå 1922 vart det sagt at eigaren, Kristian Visnes, dreiv gardsbruket på staden og budde i bygningen der han og huslyden dreiv hotell i sommarhalvåret. I fyrste etasje var det spisesal og salong, kjøken, kontor og to rom. I andre etasje var det åtte soverom. I 1937 kom ei ny utviding i same stil som i 1921, og huset fekk no den utsjånaden det har i dag. Frå denne tida stammar òg kledninga med plater av kryssfiner som vart rekna som svært moderne i 1920- og 1930-åra.

Stengt i 28 år

I eldre tid gjekk tomta til hotellet ned til fjorden. Huset var omgitt av ein stor og vakker hage med mange frukttre og eiga strandline. I 1957 vart hotellet gradvis stengt fordi det skulle restaurerast. Men same året oreigna kommunen ein del av tomta for å nytta den til ny veg og bustadføremål. Då gav eigaren opp og avgjorde at hotellet skulle stengjast. Hotellet vart no ståande tomt og urørt frå 1957 til 1986. Det kom seg på denne måten heilskinna gjennom ein periode då mykje taktlaus modernisering fann stad i gamle trehus. Det var bestefar til Kristin Visnes som stengde det i 1957. Då tida kom at ho kunne ta over, fekk ho eit vanskeleg val. Ho hadde på denne tid arbeid i Oslo. Hotellet hadde vore stengt i mange år og trengde mykje oppussing. Men huset hadde vorte halde vedlike og innvendig var alt mest som i 1957. Kristin valde å satsa i Stryn. I 1986 vart dørene opna på nytt.

Frå Oslo til Stryn for godt

Dei første åra budde dei i Oslo om vinteren og i Stryn om sommaren. Etter kvart gjekk drifta betre, og frå 1989 budde Kristin i Stryn og hadde ansvar for drifta av hotellet. Etter den tida har det meste av tid og pengar gått til å driva hotellet og pussa det opp. Det vart lagt stor vekt på at det skal skje i pakt med huset si soge og særpreg. I 1986 hadde hotellet sju doble dom. Hotellet satsar på å ta vare på den heimekoselege atmosfæren og legg stor vekt på eit godt kjøken med mellom anna god heimelaga mat.

Vibeke Visnes, 6. generasjon

I 1999 overførte Kristin hotellet til dottera Vibeke Visnes. Ho flytte òg frå Oslo til Stryn og er såleis 6. generasjon som har ansvar for hotellet. I 2000 vart mest heile hotellet pussa opp. Det fekk lagt inn sprinklaranlegg, bygget fekk nytt tak og dei sette i stand tredje etasje som ikkje hadde vore i bruk sidan 1957. Hotellet har i dag 15 rom med bad. Opphavleg hadde hotellet 50 senger. Då alle rom skulle ha bad, måtte fleire rom slåast saman for å få dette til.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Underdal, Hans Martin og Eldal, Jens Christian: Tradisjon og atmosfære. En reise til norske trehoteller . Kom Forlag as. Kristiansund 1997.

PERMANENT IDENTIFIKATOR