Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 14. oktober 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Laksetrappa i Eidsfossen



Gloppeelva, eller Storelva, som ho ofte vert kalla i daglegtale, har så langt tilbake som ein kjenner til, vore ei god lakseelv. Første laksetrappa i elva vart bygd i Evebøfossen i 1878. Seinare har det fleire gonger vore gjort utbetringar og bygt nye trapper i denne fossen.

Eidsfossen i velmaktstida hans. Måleri av A. G. Wigdahl 1878.

Eidsfossen i velmaktstida hans. Måleri av A. G. Wigdahl 1878.

Eigar: Gloppen kommune.

Datering: 1878.

Fotograf: Målar: A. G. Wigdahl.

Høgste laksetrappa i verda

Etter kvart kom trappene i Evebøfossen til å fungere godt, men vel to km lenger oppe møtte laksen ei ny utfordring, Eidsfossen. Denne fossen er 33 meter høg, og er sjølvsagt umogeleg for laksen å passere utan hjelp.
Tiltaksnemndene for Gloppen og Breim tok i 1956 for alvor opp spørsmålet om utbygging av trapper vidare oppover i vassdraget. Interessa for tiltaket var stor i Breim og Jølster, medan medlemene i Gloppen elveeigarlag berre var så måteleg interesserte i denne usikre satsinga.
I samband med at Gloppen Elektrisitetsverk skulle gjere ei utbygging i Eidsfossen vart det avgjort at det samstundes med denne utbygginga skulle lagast laksetrapp i fossen. Eit arbeidslag som Direktoratet for vilt og ferskvannsfisk hadde knytt til seg, gjorde arbeidet, og 29. mai 1970 vart det som i opningstalen vart kalla den høgste laksetrappa i verda, høgtidleg opna.

Store forventningar

Den samla lengda på trappa er 230 meter, med ei høgd på 32 meter, fordelt på 74 kulpar (trinn). Rekneskapen for bygginga viste ein kostnad på 171 500 kr. Det store spørsmålet var sjølvsagt om trappa ville verke, ville laksen finne vegen og gå opp den høge trappa? Alt første sommaren vart det teke fleire laksar ovanfor Eidsfossen, og svaret gav seg då sjølv, - tiltaket var vellukka.

Utbygging av Trysilfossen

Det som vart opplevd som eit særs vellukka tiltak i Eidsfossen, førte til at ein ganske snart sette i gang med bygging av laksetrapp også i Trysilfossen. Og i 1972 stod trappa ferdig, med 24 kulpar. Diverre viste det seg snart at laksen ikkje ville gå denne trappa.

Etterpåklokskap

I ettertid kan ein sjå at forventingane heller ikkje har slege til for Eidsfossen. Litt laks har rett nok gått opp laksetrappa kvart år, men langt færre enn ein kunne håpe på. Vedlikehaldskostnadene med trappa har vorte større enn venta. Ein hovudgrunn til dette har vore at trappa i utgangspunktet ikkje var fundamentert godt nok.
Berre eit par laksar er tekne i Breimsvatnet, noko som sterkt indikerer at få laksar passerer trappa i Trysilfossen, sjølv etter at det også på dette anlegget er gjort modifiseringar som skulle gjere trappa meir attraktiv for laksen. Men, som Lars P. Søreide og andre har sagt det: "Før eller seinare hadde det nok blitt prøvd med trapp. Resultatet vart ikkje så godt som ein kunne håpe på. Men det dugde ikkje uprøvd".

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Søreide, Lars P.: Gloppenelva: folket og laksen. Sandane, 1991.
Lars P. Søreide, Sandane.

PERMANENT IDENTIFIKATOR