Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. november 2004

Sist oppdatert 05. mai 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

1905 - Vik kommune



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Vik kommune.

Frå Stortinget 7. juni 1905. Anfinn Refsdal frå Vik møtte som varamann for Gjert holsen som hadde sjukepermisjon. På originalbiletet har sonen, Ivar Refsdal, notert namnet 'Refsdal' (nummer frå 1 frå høgre, andre rekkja.)

Frå Stortinget 7. juni 1905. Anfinn Refsdal frå Vik møtte som varamann for Gjert holsen som hadde sjukepermisjon. På originalbiletet har sonen, Ivar Refsdal, notert namnet 'Refsdal' (nummer frå 1 frå høgre, andre rekkja.)

Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv

Datering: 1905.

Fotograf: Ukjend.

Vik kommune 2005 større enn i 1905

I 1905 var Vik kommune var geografisk annleis enn Vik kommune hundre år seinare. Kommunen var identisk med Vik prestegjeld og omfatta kyrkjesokna Vik, Arnafjord og Kvamsøy. 1. januar 1964 vart Kvamsøy på nordsida av Sognefjorden overført til Balestrand samstundes med at Vangsnes sokn vart overført frå Balestrand til Vik. 1. januar 1992 vart Fresvik (med unnatak av Frønningen) og Feios kyrkjesokn overførde til Vik frå Leikanger.

"i sterk Spaning"

I ei tid utan mobiltelefonar, Internett, radio og fjernsyn fekk folk kjennskap til nyhende på andre måtar. Dei "spurde nytt" når dei treftest, - på dampskipskaia, på butikken, på skulen, ved kyrkja (kunngjeringar frå kyrkjebakken) og gjennom posten (brev og aviser). Dessutan hadde nokre få telefon.

Gjennom heile året 1905 venta folk spent på siste nytt om unionen mellom Norge og Sverige, - om utviklinga i konsulatsaka utover våren, - om unionsoppløysinga 7. juni, - om folkerøystinga 13. august, - forhandlingane i Karlstad, - spørsmålet om kongedømme eller republikk og det nye kongehuset i månadsskiftet november/desember. Ein mann i Fresvik skreiv i eit brev til Amerika at folk meir enn ein gong stod "i spændt Forvænting nede ved Dampskibssanløbsstedet, hver Gang Dampskibet var ventende med Post til Bygden."

Ein mann i Undredal i nabokommunen Aurland fortalde i eit lesarbrev til ei avis korleis det hadde vore der i bygda:

Um den aalmene Meining i vaart Fridomsarbeid er det nokolunde det same aa melda her som paa ymse andre Stader i Landet. Folket her hev mest samstødt stade i sterk Spaning etter aa faa vita Meldingar um "Situationen". Dei hev fylgt noko godt med det som hev hendt, og Avisor hev det helder ikkje skorta paa, korkje store elder smaa, Høgreblad elder Vinstreblad.

Avisa Sogningen - eit "Høgreblad" kom ut i Vik

Det kom ut to aviser i Sogn i 1905, eit "Høgreblad" og eit "Vinstreblad", Sogningen og Sogns Tidende. Sogningen kom ut i Vik frå 1897 med stavangermannen Rasmus Thorsen som redaktør. Han kom frå Sandane i Gloppen der han hadde starta opp høgreavisa Nordfjord. Den både større og eldre avisa Sogns Tidende kom ut i Sogndal med Jens Kvåle som redaktør.

Andre saker og hendingar enn unionsoppløysinga

Unionsoppløysinga var den store saka gjennom heile året 1905, men mange andre saker var også oppe i tida. Målsaka - arbeidet for meir bruk av nynorsk -, engasjerte mange, likeeins utvandringa til Amerika. Jernbane til Sogn var ei aktuell sak. Bergensbana var under bygging og i 1905 køyrde det fyrste toget gjennom Gravhals-tunnelen. Spørsmålet om ei sidebane ned til Flåm vart ofte diskutert. Ei anna viktig sak var helsestellet, og då særleg bygging av sjukehus i Lærdal.

Avisene melde heile tida om små og store hendingar rundt om i fylket, andre stader i landet og ute i verda, - gjennom smånotisar og i større oppslag.

"Ny Mølle i Vik" var oppslag i Sogningen 1. mai. Svein A. Aase hadde bygd mølle etter "allernyeste Modell" på Hove, visstnok ein god del større enn noko anna i heile Sogn.

Sogns Tidende melde i april at ungdomslaget i Feios skipa til basar 3. påskedag til inntekt til orgel i kyrkja (På plass 1913). I same stykket vart opplyst at medan bygda året før hadde vore oppskremd av difteri, hadde helsetilhøva vore gode den siste vinteren, bortsett frå at kikhoste hadde vore til plage for småborn. Eit barn døydde like før påske. (Den fem år gamle Andrina Andersdotter Solheim døydde 18. mars 1905.)

Større oppslag fekk Loenulukka natt til 17. januar då eit fælsleg ras ved Lovatnet øydela fleire gardar og tok livet av 61 menneske. Det vart sett i gang innsamling til dei skadelidne i heile landet og halde ofring i kyrkjene.

Fleire ungdomslag

Den frilynde ungdomslagsrørsla stod sterkt. Vi kjenner til ungdomslag på Sylvarnes (skipa 1902), Arnafjord (1895), Vik (1898), Feios (1886) og Fresvik (1888). Alle arbeidde meir eller mindre på same måten. Dei hadde møte med foredrag og ordskifte, handskrivne lagsblad og opplesing. Dei var opptekne av "det nasjonale og norske". Flaggsaka, røysteretten, unionsspørsmålet og målsaka var emne dei hadde oppe på møta sine i Fresvik dei fyrste åra. Nokre stader fekk ungdomslaget i gang andre lag: mållag (Vik), skyttarlag og songlag (Feios) og skoglag (Arnafjord).

Storstemne i 1905

Sogn Ungdomslag, skipa 1896, heldt årvisst eit to dagars sommarstemne for dei tilslutta laga. I 1905 var stemna i Vik. Dei rekna at kring 3500 var tilstades. På programmet stod ikkje mindre enn åtte foredrag. Amtmann John Utheim heldt foredrag om sjølvstendekampen sidan 1814 og kyrkjesongar Andreas Vamraak tala om "Norsk skule i eit norskt land". Søndag "holdt sogneprest Solheim [tilreisande] fuld Gudstjeneste paa Landsmaal", og som punktum på stemna sende dei telegram til "Regjering og Storting i anledning den politiske situation."

Årsmøte i Vik mållag

Mållaget i Vik heldt årsmøte og Blix-fest i slutten av april. På årsmøtet bad ein eldre mann mållaget om å gjera noko for å få Blix sine salmar på nynorsk med i kyrkjesongen. Dei samla inn pengar til minnestein over salmediktaren og dei sende helsingstelegram til forfattaren Sigurd Nesse, fødd på Nessane i Kvamsøy, då busett på Eidsvoll. Dei gratulerte med forteljinga hans "Vaaronn" som kom ut året før. Telegrammet hadde denne ordlyden:

Viks maallag - samla til aarsmøte og minnefest for Blix - sender deg si hjartelige takk for di gode "Vaaronn" og det gode sæd du sådde for heilnorsk kulturliv i Vik.

17. mai 1905

Rundt om i heile landet var det ekstra stor oppslutning om 17. mai i 1905, ein onsdag. I Vik byrja dagen med salutt frå den gamle eksisplassen. 17-maitoget - med tilslutning "som aldrig før" -, gjekk om ettermiddagen frå kommunelokalet, ned Rulsen til Vikøyri, rundt denne og Vetleøyri til Vangsbrua og til skulen. Militærmusikken var med i toget, og tre faner, - Ungdomslaget si, Skyttarlaget si og den splitter nye Vikørens Folkefane. Så og seia alle borna hadde flagg.

Edvard Liljedahl heldt ein "formfuldendt, tankerig og mandig Tale for Dagen." (Liljedahl var utflytta vikje, utdanna lærar, stortingsmann i fleire periodar, statsråd 1889, postmeister i Ålesund frå 1891 og Bergen frå 1901 og i 1905 stortingsrepresentant for Ålesund og Molde. Kjøpte i 1905 eigedomen Havnen i Vik.)

D/S "Sogn" var oppom klokka halv seks. Bryggja var "propfuld af mennesker" med faner og militærmusikk. Seks kraftige skot "drønnede (..) fra Havnen" då skipet stod mot land, - som skipet kvitterte for ved avgang. Seinare på kvelden var D/S "Firda" også oppom.

Klokka åtte skipa ungdomslaget til folkefest i Kommunelokalet. Av eit detaljert referat i Sogningen går det fram at ordførar Svein S. Aase ga løyve til å ta ein svingom, og at klokka elleve "afbrændtes der i Redaktør Thorsens Have et lidet pent Fyrværkeri."

7. juni 1905

7. juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var óg ein onsdag og vanleg kvardag, men folk venta i spaning på siste nytt frå hovudstaden og Stortinget. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste folk flagget og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare.

Edvard Liljedahl sende straks gratulasjonstelegram til Stortinget og eit par dagar seinare brev til lærar Andreas Vamraak på Kyrkjebø. Om 7. juni skreiv han:

Leve et fuldt frit Norge! Jeg er med med Liv og Sjæl, heiste mit Flag 7de Juni og sendte telegram til Thinget. Saa skal det vere, Gut. Lad os nu haabe den bedste Udgang - jeg tror paa Fred. Aa, hvor det er deiligt, at Svenskeriet er dødt og dødt, fordi det gjorde sig selv umuligt. Mer, naar vi træffes.

Folkerøystingane - røysterett og valstyre

Edvard Liljedahl vona det beste og trudde på "Fred". Etter 7. juni fylgde alvorlege og spanande dagar. Korleis ville Sverige stilla seg til unionsbrotet? Fram til månadsskiftet november/desember fylgde fleire dramatiske hendingar og avgjerder.

Det var to folkerøystingar i 1905:
1) Søndag 13. august då folket skulle seia ja eller nei til unionsoppløysinga som hadde funne stad 7. juni.
2) Søndag 12. og måndag 13. november då folket skulle svara ja eller nei til om Stortinget skulle utkåra ein konge. I røynda var dette eit val mellom kongedømme og republikk.

Vik valsokn tilsvara dåverande Vik kommune. Valstyret på 10 medlemmer var sett saman av lensmannen og formannskapsmedlemmene. I begge røystingane møtte varamenn for medlemmer som hadde fråvære.

Ved røystinga i august hadde tre medlemmer fråvære: 1) kyrkjesongar Anfin Refsdal (på reise i Danmark), fanejunker N. Erdal (i militærteneste), Olav G. Tryti (dødsfall i familien). For desse møtte to varamenn: Elling H. Stadheim og Anders J. Sæbø. Dei andre i valstyret var: lensmann A. Øen, Svein Aase, Ole H. Refsdal, B. Straume, N. Livden, B.K. Gjeithus og Johannes Løsne.

Ved røystinga i november var desse med: lensmann A. Øen, N. Erdal, Olav G. Tryti, Svein S. Aase, Ole H. Refsdal, Johannes Lønne og B. Straume, N. Livden, og varamennene Anbjørn S. Kvamme, Elling Stadheim og Endre L. Vold.

I begge røystingane var det i Vik valsokn ein røystestad, Vik kyrkje, der oppteljinga også føregjekk. I Fresvik og Feios, som høyrde til Leikanger kommune og Leikanger valsokn, var kyrkjene røystelokale i begge røystingane. Dei særskilde røystestyra tok med seg valurnene til Leikanger der oppteljinga føregjekk samla for heile valsoknet.

Folkerøystinga i august - ja eller nei til unionsoppløysinga

Resultatet for Vik valsokn: 703 hadde røysterett. Det vart avgjeve 692 (98,4%) godkjende røyster. Alle røysta ja.

Resultatet for Sogn og Fjordane: 16 819 hadde røysterett. Det vart avgjeve 16 718 (88,7 %) godkjende røyster. Berre tre røysta nei.

Resultatet for heile landet: 435 376 hadde røysterett, 368 392 godkjende røyster (368 208 ja, 184 nei.

Vik på landstoppen

Frammøtet i Vik vart lagt merke til: "Ca 99 %. Nummer 1 i Amtet!" var ein del av overskrifta på eit langt stykke i Sogningen om røystedagen i Vik, "en Dag som aldrig vil glemmes i Bygdens Historie". Det redaktøren i Sogningen ikkje visste då, var at Vik ikkje berre var best i fylket, men nummer ein i heile landet. Ikkje noko anna valsokn i landdistrikta hadde høgare frammøteprosent.

Privat kvinneunderskriftsaksjon

Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i 1905. Men kvinnene ynskte å gje sitt ja, tilliks med mennene. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over 250 000 underskrifter til Stortinget.

Underskrifts-innsamlinga vart ordna på ulike måtar. Det vart sendt lister til avisredaksjonane, og vi kjenner til at folk skreiv seg på lister hjå Fjordenes Blad, Nordfjordeid, og Sogns Tidende. I kyrkja på Leikanger fekk kvinner over 25 år høve til å skriva namna sine på lister i sakristiet før røystinga. Vi kjenner ikkje til underskriftslister i noverande Vik ommune.

13. august 1905 - "den største dagen me hev havt."

Fylkesbaatane frakta veljarar gratis den 13. august, la om rutene sine og gjekk ekstraturar. I Vik gjekk D/S "Fjalir" ekstratur. Søndag morgon la skipet flaggsmykka frå kai i Balestrand, med militærorkesteret frå Viksmoen på dekk, - ut fjorden og innom stoppestadene i Kvamsøy, kryssa så over fjorden til Sylvarnes og var vidare innom Framfjorden før ankomst til Vik i 10-tida.

Veljarfolket og ei mengd andre gjekk i tog til kyrkja under faner og flagg og med musikk i spissen, - til gudsteneste, røysting og ventetid på resultatet. Då det heile var over, og valstyret hadde kunngjort eit samrøystes ja, var det å ta på heimvegen. "Fra Kirken Marcherede man under fuld Musikk nedover til Dampskibsbryggen," skreiv avisa Sogningen. Aldri hadde nokon sett maken til noko liknande i Vik. Mellom 1500 og 2000 var med. Og då "Fjalir" la frå bryggja på returreisa, drønna det sju skot frå land, som "Fjalir" svara på med fire skot.

Folkerøysting i november - kongedømme eller republikk

Resultatet av folkerøystinga i november for Vik valsokn: 703 hadde røysterett, 556 (79,0%) godkjende røyster. 524 (94,2%) røysta ja (for kongedømme), 32 (5,8%) røysta nei (for republikk).

Resultatet for Sogn og Fjordane: 18 278 hadde røysterett, 14 315 (78,3 %) godkjende røyster. 11 507 (80,4%) røysta for kongedømme, 2 808 (19,6%) røysta for republikk.
Resultatet for landet: 331 833 hadde røysterett, 244 124 godkjende røyster (73,5%). 194 189 (79,5%) røysta for kongedømme, 49 935 (20,5%) røysta for republikk.

Den nye kongefamilien

Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Norges konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og Alexander sitt namn vart endra til Olav. Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november der tusenvis av feststemde menneske venta.

Det strøymde snart inn helsingstelegram frå heile landet. I Vik feira dei stort. Søndag 26. november var det stort folketog gjennom bygda, og folkefest i kommunelokalet, der "Bygdens Damer" hadde gjort eit storarbeid:

En mere stilfuld, værdig og samtidig belivet Fest er neppe holdt i Vik. Salen var enestaaende vakkert dekoreret med Grønt, Blomster, Flag, Vimpler, nationale Tepper og kulørte Lygter, ligesom Vægge og Talerstol ogsaa var prydet med Billeder af Kongepar, Regjering og Storthing. "Alt for Norge" i kjæmpestore Bogstaver var anbragt over Døren saavel uden- som indenfor Lokalet. Snart fyldtes Salen af festklædt Publikum.

Mange heldt tale. Overettssakførar Riisnæs opna med tale for kongeparet, gardbrukar Olav G. Tryti for fedrelandet, soknepresten for Stortinget, distriktslege Helsing for Regjeringa, hotelleigar Hopstock for dronninga og lensmann Øen, for "Damerne".

Det vart sendt ikkje mindre enn tre telegram, - til Kongen, statsminister Michelsen og Stortinget. Ordlyden i telegrammet til Michelsen var denne:

Kvinder og Mænd forsamlede til Folkefest i Vik i Sogn sender Dem og de øvrige Medlemmer af Regjeringa vor dybfølte Tak for vel udført Arbeide i Fædrelandets Tjeneste. Festkomiteen.

Nasjonal takkegudsteneste 7. desember.

På halvårsdagen for unionsoppløysinga, torsdag 7. desember, vart det halde takkegudsteneste i mange kyrkjer rundt om i landet. I Vik noterte presten i dagsregisteret sitt: " Takkefest i Anledning af Norges Frigjørelse: Text Ps. [Salmane] 118, 23-26: Hvad vi har at takke for og hvem vi skal takke." I ein takkefest same dag, på Bedehuset om ettermiddagen, tala han over salme 145.

Folkefest 29. desember

Mange stader var det også skipa til folkefestar i desember for å markera det hendingsrike året 1905. Laurdag 29. desember hadde Sogningen ei kunngjering om "Folkefest" i Vik. Medlemmer av kommunestyret og andre ba inn til "en festlig sammenkomst" på Kommunelokalet i høve "Noregs Frigjørelse." Folk kunne kjøpa bilettar a 50 øre i Viks Forbrugsforening. Stortingsmennene Refsdal og Liljedahl vart bedne inn som heidersgjester.

kjelder:

Sogn Ungdomslag 50 år. 1946.


Avisa Sogningen. 1905.


Sogns Tidende. 1905.


Statsarkivet i Bergen: Avskrifter av møteboka for valstyret i Vik valsokn.

PERMANENT IDENTIFIKATOR