Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Nilsstova og Bua på Nesholmen leirstad i Hyen



På Nesholmen leirstad i Hyen står det to gamle hus som begge er flytte dit frå Eimhjellen, nemleg Nilsstova og Bua. Nilsstova vart bygd i 1816 - 1817, medan Bua vart bygd så tidleg som rundt år 1700.

Oversikt over bygningsmassen på Nesholmen, med hovudbygget lengst framme. På Holmen ser vi Nilsstova, med det grå taket, tydeleg. Lengst bak, til venstre, skimtar vi Ringhytta, som også høyrer Nesholmen til. Då Sogn og Fjordane energiverk bygde ut Skogheim og Sagfossen kraftstasjonar, bygde selskapet eit nytt hus til overnatting for anleggsarbeidarane.  Etter at utbygginga var omme, fekk Nesholmen ta over huset. Huset fekk namnet Nystova, og ligg utanfor bildet, til venstre for hovudhusa.

Oversikt over bygningsmassen på Nesholmen, med hovudbygget lengst framme. På Holmen ser vi Nilsstova, med det grå taket, tydeleg. Lengst bak, til venstre, skimtar vi Ringhytta, som også høyrer Nesholmen til. Då Sogn og Fjordane energiverk bygde ut Skogheim og Sagfossen kraftstasjonar, bygde selskapet eit nytt hus til overnatting for anleggsarbeidarane. Etter at utbygginga var omme, fekk Nesholmen ta over huset. Huset fekk namnet Nystova, og ligg utanfor bildet, til venstre for hovudhusa.

Eigar: Arne Eikenes.

Datering: September 2002.

Fotograf: Arne Eikenes.

Nilsstova

Nilsstova, eller Gamlestova, som ho også vart kalla, er ei stor sperrestove som opphavleg hadde røykomn. All maten vart kokt i store kjelar som hang i skjeringsfesta. Kring 1860 - 1870 vart røykomnen bytt ut med ein stor malmomn med plass til to gryter, som kvar tok 15 liter.
Til tømmerveggen i gavlen var det festa ein svær, brei benk. Framfor denne stod det eit traust bord, samansett av to 4 tommar tjukke og 13 tommar breie plankar. Framfor bordet stod det ein lettare benk. På veggen bak bordet hang det "spjeldr". Der plasserte ein skeier og knivar etter at dei var sleikte reine etter måltidet.

I langveggen var det eit vindauge, - seinare to. I vindauga var det små glasruter festa med bly. Langs heile veggen stod ein brei benk, hoggen ut heil av ein svær tømmerstokk. Under denne benken var det eit gruslag i overgangen mellom vegg og golv. Dette isolerte mot trekk utanfrå. Grusen vart fjerna etter ei tid.
Langs den andre langveggen stod ei stor, brei seng der husbondsfolket låg. I senga var det også plass til to-tre mindreårige barn. På langveggen bak senga stod eit stort hylleskåp med mjølkeaskar og andre matvarer.
Ein om lag to meter lang tømra gang førte inn til huset. Ved sida av denne låg koven. I denne stod det ei seng med plass til kårfolka. Koven hadde eit lite glas. Frå koven var det ein stige til kovelemmen. Der låg tenestefolka om vinteren, gutar som jenter.

Bua

Bua vart bygd rundt år 1700. Tømmeret til huset vart hogge i Vassendeskogen ved enden av Storefjorden. Huset skulle byggjast av kløyvde materialar, men det var ikkje sagbruk i Hyen på denne tida. Stokkane vart difor fløytte 11 kilometer på Storefjorden til Heimseta. Derfrå vart dei køyrde ned Vestredalen, 14 kilometer, til Straume og fløytte ut Hyefjorden, til Ålfoten, der saga stod.
Bua var gjestestove med plass til mange kister og eit skatoll. På veggen hang bestklede, sengklede av mange slag, og ymse stas elles. Til endes av stova var det eit stort rom til korn, poteter og kålrot. Ein tjørestamp med heimebrent tjøre var også lagra i dette rommet.
Ute, langs eine langveggen, gjekk ei trapp opp til ein svalgang som førte inn til eit soverom som tenarane nytta i sommarhalvåret.

Nesholmen

Byggjearbeidet på Nesholmen leirstad tok til i februar 1947. Vigslingshøgtida var 21. og 22. juni 1951, men alt sommaren 1950 vart den første leiren avvikla under særs primitive tilhøve. Skjærtorsdag, den 10. april 1952, vart den offisielle startdatoen for drifta på Nesholmen.
Med i første byggjesteget var kapell, kjøken, matsal, peisestove og nokre overnattingsrom. Men overnattingskapasiteten var liten, og ikkje minst dette er bakgrunnen for at fleire mindre hus - mellom anna Nilsstova og Bua - vart flytte til Nesholmen. Bruken av husa har nok veksla litt gjennom åra. Bua har mest vorte brukt til overnatting, medan Nilsstova også har vorte brukt til mindre samlingar, som rømmegrautkveldar.
Etter kvart har det kome mange nye hus til på Nesholmen, slik at leirstaden i dag er av dei større i landet, og den største i distriktet vårt. Ein spesielt vakker natur, der tilhøva ligg godt til rette for ulike aktivitetar, kjenneteiknar leirplassen. Alt i 1974 vart dei første kanoane kjøpte inn, og leirstaden vart ein pioner på kano-, segl- og kajakkaktivitetar. Sunnfjord og Nordfjord krinsar av KFUK/KFUM eig plassen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Lotsberg, Oddvin: Liv i leiren - Nesholmen 50 år. Sandane 2002.
Elisabet Eimhjellen, etter intervju med Elias Eimhjellen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR