Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 28. september 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Paulen-spelemennene i Jølster



"Paulsmusikken" er eit omgrep i folkemusikken i Sogn og Fjordane. Denne tittelen skriv seg attende til garden Paulen i Jølster, der ein syskenflokk talde ni; tre jenter og seks gutar. Foreldra heitte Ola Paulen, Jølster og Helga, fødd Mykland i Breim. Musikken hadde ein sentral plass i familien. Alle var svært musikalske og alle brørne spelte fele.

Det var Moses Paulen, eldstemann i syskenflokken, som dreiv det lengst med felespel.

Det var Moses Paulen, eldstemann i syskenflokken, som dreiv det lengst med felespel.

Eigar: Frå Indre Sunnfjord spelemannslag (LP 1984).

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

Jølster med vanleg feletradisjon

Det var Moses Paulen (1893-1979), eldstemann i syskenflokken, som dreiv det lengst, saman med to av brørne, Adolf (1912-1976) og Petter (1902-1987). Moses lærte villig frå seg både musikkteori og slåttar. I motsetning til dei fleste andre i Sunnfjord, nytta dei vanleg fele, slik det også har vore tradisjon for i nabobygda Breim. Paulsgardane i Jølster ligg ikkje så lang frå Breimsvatnet, og mykje av kontakten gjekk difor til Breim.

Draumen var å bli musikar

I 16-årsalderen arva Moses ei fele etter farbroren, men faren tykte ikkje at spelemenn var noko til karar, så guten måtte lure seg bort i uthuset og øve der. Moses reiste så til Gabriel Reed for å få rettleiing. Der gjekk han på eit åttedagars notekurs saman med 3-4 andre gutar. Etter kurset fekk dei Anders Reed til Jølster for å lære frå seg slåttar. Moses var særs lærenem, og vart hjelpelærar for dei andre. Då faren høyrde at Moses hadde gode evner, fekk han reise til Anders Reed i Utvik året etter for å lære fleire slåttar. Her var han i ni dagar og spelte, og musikken hadde fanga all interessa hans.

Då Moses var i 20-års-alderen, høyrde han fiolinisten Torfinn Litleré gje konsert. Dette førte til at han ynskte å gå vidare med musikken, men ynskjemålet om å bli profesjonell musikar var ikkje så lett å få til på den tida, og då særleg for Moses som var odelsgut.
I dag kunne sikkert fleire av brørne nådd langt som musikarar, men både Moses og Adolf Paulen vart gardbrukarar. Moses overtok garden heime, medan Adolf busette seg på Ålhus i Jølster. Petter Paulen gifte seg med Lina, fødd Hamar, og busette seg på Vassenden i Jølster. Han arbeidde her som vegarbeidar.

Spelemenn og komponistar

Paulen-brørne vart etter kvart svært etterspurde spelemenn. Dei var med på speling i ulike samanhengar, anten einskildvis, eller fleire saman, då vart det gjerne fleirstemt med improviserte stemmer. Moses Paulen var fast spelemann i bryllaup, og då Moses tok over farsgarden i 1929 hadde han spela i over 100 bryllaup. Sameleis var også Petter Paulen populær spelemann. Han var humorist av natur, dette prega også spelet. Med lun omgang, frisk og leikande takt, vann han ein popularitet få dansespelemenn er forunnt.
Sjølv utan utdanning hadde både Moses og Adolf ein framifrå teknikk på fela, og meistra krevjande slåttar som få andre. Musikkgivnaden vart òg nytta til å komponere, og både Moses, Adolf og Petter var dyktige komponistar i tillegg til å vere spelemenn. Mange av komposisjonane har vorte svært omtykte. Moses komponerte mest, med nærare 100 komposisjonar.

Moses var òg saman med Anders Viken. Han gifte seg i 1913 med Anna Viken (f. 1893). Ho var søster til Anders, og desse to spelemennene spelte etter kvart mykje saman. Moses og Anna fekk sju born - seks av dei voks opp. Alle desse spelte fele, og særleg kan ein nemne sonen Magnus, som er utdanna musikar. Rolf Myklebust gjorde opptak av Moses Paulen for NRK fleire gongar, første gongen i 1948. Dessutan finst det fleire opptak i Fylkesarkivet sine musikksamlingar. På denne måten er ein del av slåttane bevart for ettertida.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Indre Sunnfjord spelemannslag: Indre Sunnfjord spelemannslag (LP/MC) Heilo, 1984.
Myklebust, Rolf: Femti år med folkemusikk. Oslo 1982.
Klakegg, Anders O.: Bygdebok for Jølster. Jølster 1985.

PERMANENT IDENTIFIKATOR