Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 08. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Villa Lorna



Villa Lorna er den einaste av sveitservillaene i Balestrand som ligg på oppsida av bygdevegen. Men vegen til fjorden er kort, og utsynet mot Sognefjorden er kanskje på sitt aller vakraste nett her. Det var ein engelsk ingeniør, James Livesey, som bygde Villa Lorna. Han hadde reist kring i verda og bygd jernbaner. 74 år gamal slo han seg ned i Balestrand sommarstid.

Villaen til James Livesey, "Villa Lorna", sett frå sjøen.

Villaen til James Livesey, "Villa Lorna", sett frå sjøen.

Eigar: I Kunstnarliv.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Arne Melkild.

Frå skuletomt til sommarbustad

I 1882 fekk Balestrand kommune skøyte på bruk nr. 3 under garden Sande. Den faste skulen for sentrum vart no flytt frå Vellene til Sande. På Vellene hadde den vore samlokalisert med lærarskulen. I 1905 stod den nye skulen på Sjøtun ferdig. Balestrand kommune selde no eigedommen til den engelske sivilingeniøren James Livesey.

James Livesey

James Livesey (1831-1924) var frå Preston i England. Livesey var utdanna sivilingeniør, og var særleg kjend som jernbanebyggjar. I dei fleste høve leia han større prosjekt, og han sette jernbanespor etter seg mellom anna i Spania, Argentina, Peru, USA, India og Egypt. Det var fyrst på sine eldre dagar at Livesay skaffa seg eigedom i Balestrand. Då han fekk skøyte, var han 74 år gamal. Byggmeister var A. Korsvoll frå Eivindvik, og huset fekk namnet "Villa Livesey". I 1928 vart villaen ein del ombygd innvendig. Tårnet var heller ikkje med opphavleg, men hadde vorte bygt nokre år tidlegare. Livesay var truleg i gang med bygginga før han fekk skøyte på dette bruket. I 1904 kjøpte han bruk nr. 13 av Per Kristenson Fjærestad for 1062 kroner. Det er noko uklårt kva årstal villaen vart bygd, men truleg var det kring 1904 eller 1905. I 1905 fekk Livesey, som utanlands statsborgar, rett til å ha eigedom i Noreg.

Bilete av villaen til James Livesey framme i midten.

Anna Lorna Bellew

Livesey hadde ei selskapsdame eller hushaldar som kom frå England. Ho heitte Anna Lorna Bellew. I 1909 vart ho gift med Hans Andreas Dahl, son til kunstmålar Hans Dahl. I 1919 fekk ho skøyte på eigedommen. Anna Lorna hadde då vore enkje om lag eit halvt år. Hans Andreas og Anna Lorna budde i Wimbledon i England, men var på besøk om somrane. Under 1. verdskrigen flytte dei til Noreg og hadde atelier på Voksenkollen Sanatorium. Under ein brann der fekk Hans ein sjukdom og døydde i 1919. Hans Andreas hadde truleg inga formell utdanning som kunstmålar. Han gjekk i lære hjå faren og måla liknande motiv som han. I 1980-åra har målarstykke av Hans Andreas Dahl vorte selde for over 200 000 kroner.

Walter Normann

Lorna gifte seg opp att med ingeniør Walter Normann frå Tyskland. Han var yngste son til kunstmålar Adelsteen Normann som hadde villa på Sjøtun. I 1925 kjøpte Walter bnr. 20 av Arne I. og Sigrid Thue og la det til eigedommen. Staden vart mest nytta til feriebustad. Walter var sivilingeniør og i mange år var han direktør for nokre gullgruver på Sumatra. I Balestrand fann han sin stad, og då han døydde, vart oska hans strødd på Sognefjorden mellom Vangsnes og Balestrand.

Walter Normann hadde båten "Djadjanja" med Hermund Haugen frå Bruhjell som fast båtførar. I slutten av 1950-åra var båten eit fast syn på Sognefjorden. Hermund var visst ein tolsam mann, men ein gong kvesste han i til sjefen sin og sa at han måtte ikkje tru at han no hadde med sumatraslavar å gjera. Etter Lorna og Walter tok borna over villaen. Eric Anthony Bellew Dahl og kona Constanse fekk skøyte i 1950. Dei budde i London og nytta staden berre om somrane. I 1978 vart eigedommen seld på auksjon.

Bilete av Hermund Haugen.

På lokale hender

I 1978 kjøpte Nils og Jenny Ese eigedommen, og seinare hadde sonen Tage huset. Han selde vidare til Jorunn Eitungjerde frå Balestrand og mannen Cornelius Echter von der Leyen frå Tyskland. Dei og borna Unn Christina og Bjørn, budde fast i huset fram til 2001 då dei flytte attende til Tyskland.
Nils Ese fyllte ut fjøra nedanfor Villa Lorna slik at stranda fekk den forma ho har i dag med grøn plen utover mot fjorden. Frå gamalt av gjekk fjorden like inn til vegen og det var ei vakker bryggje frå vegen og utover mot fjorden. Slike bryggjer var det på alle villaene innover mot sentrum. Alle villaene vende mot fjorden.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Urtegaard, Gunnar: Balestrand. Gards - og ættesoge. Bind II. Balestrand 1991.
Intervju med eldre folk i Balestrand.

PERMANENT IDENTIFIKATOR