Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Turtagrø Hotell



”Turtagrø har fått ord på seg for å vera norsk klatresport si vogge; det var her frøet til tinde- og klatresporten i Noreg vart sådd og slo rot, det var her, rett under Hurrungane, dei klarteintresserte fann draumestaden sin.” Ola J. Berge bygde det fyrste hotellet på Turtagrø i 1888.

Turtagrø Hotell brann ned til grunnen natt til 24. januar 2001. Det nye Turtagrø Hotell på 884 m o.h. vart bygd 2001/2002 på same staden som det tradisjonsrike hotellet bygd i 1888 av Ole J. Berge. Dette biletet stod i Firda 3. august 2001. Ei teikning av det planlagde nye hotellet er plassert inn i biletet.

Turtagrø Hotell brann ned til grunnen natt til 24. januar 2001. Det nye Turtagrø Hotell på 884 m o.h. vart bygd 2001/2002 på same staden som det tradisjonsrike hotellet bygd i 1888 av Ole J. Berge. Dette biletet stod i Firda 3. august 2001. Ei teikning av det planlagde nye hotellet er plassert inn i biletet.

Eigar: I Firda.

Datering: 2001.

Fotograf: Teikning/landskap Jarmund/Vigsnæs arkitekter.

Turtagrø Hotell 2003

Natt til 24. januar 2001 brann Turtagrø Hotell ned til grunnen. Dei nærliggjande bygningane stod att uskadde. Nytt hotell opna til sesongen 2002. Nye Turtagrø Hotell har 38 rom med 100 senger. Utanom matsal og daglegstove har hotellet leserom, eit Slingsby-rom med sepsialbibliotek og fotosamling, panorama-salong med klatrevegg, og sal for kurs, m.v.

Som hotell for turistar i fjellheimen har hotellet valt bort nokre vanlege hotellfasilitetar. Her er ikkje TV på soveromma og i fellesromma. Her er heller ikkje diskotek. Derimot har hotellet sjel av naturgjevne kvalitetar, - rom og lys og utsyn mot fjellheimen, treffande uttrykt av Sue Clayton i den engelske avisa Sundy Times:

The building is full of space and light with awe-inspiring view of the Hurrungane peaks. From the lounge, library, dining room, as well as most of the bedrooms. The steep-sloaped roofs and the angeled windows echoe the shape of the surrounding mountains. This effect is heigthened in the ”tower” at the western aspect of the building where the rooms have spectacular crow nest’s views of the mountains and the ever-changing play of sunshine. 

”..velkommen til fjellfolket..”

Etter brannen bestemte Ole Berge Drægni seg for to ting: for det fyrste å byggja oppatt, og for det andre å ikkje byggja ein kopi av det gamle. Jarmund/Vigsnæs arkitekter fekk oppdraget med å forma det nye Turtagrø Hotell.

I ein reportasje i Firda Firda 23.08.2001 nemnde arkitekt Håkon Vigsnæs tre hovudelement i det utkastet sitt: ”- Vi har freista å dyrke fram ei forståing av det som var tidlegare, ærverdige, gamle Turtagrø Hotell. Vidare har vi prøvd å etterkomme oppdragsgjevaren sitt ønskje om eit inngangsparti mot ei stor tropp som ønskjer velkommen til fjellfolket, og utforming som gjev utsikt til fjella.”

Ved eldgamal ferdselsveg

Turtagrø Hotell ligg tett attmed riksvegen over Sognefjellet som vart opna 1938. Ferdsla mellom aust og vest, mellom Fortun og Lom, har til alle tider gått framom Turtagrø. Bruka på garden Berge (gnr 12, bnr 1 og 2) har støl og stølsrettar på Turtagrø. Før det kom hotell hende det rett som det var at folk overnatta i stølshus.

Fleire bygningar

Ola J. Berge bygde hotell i 1888. Same året bygde Iver Nilsen Øyene hotell like ved. Dette hadde fått tilskot frå Den Norske Turistforening. Dei låg så tett i kvarandre at ein lett fekk inntrykk av at det var eit hotell.

Iver slutta hotelldrifta like etter århundreskiftet og reiste til Amerika i 1904. I 1910 kjøpte Ola Berge Iver Øyene sin bygning som seinare vart heitande Annekset.
I 1910 fekk Berge også hand om eit sel som høyrde til bruket Laberg under garden Berge. Han flytte det opp til hotellet og gav det til dottera Thea. No vert det nytta som hytte i hotelldrifta.

Fire generasjonar

1888 - 1928 Ola J. Berge:
Ola Jensson Berge, frå Berge i Fortun, fødd 1853, død i Bergen 1928, vart gift 1881 med Anna Thomasdotter Drægni (1856-1938). Ei kort tid hadde han farsgarden på Berge, men var fyrst og fremst hotellmann og fjellførar. Dei budde delvis på Drægni, bnr. 4, Fagerheim, og på hotellet på Turtagrø. Dei hadde to born, Kari (1883-1952), og Thea Andrea (1894-1971).

1924 - 1952 Kari Berge:
Kari Olsdotter Berge tok over hotelldrifta då faren døydde i 1928. Saman med mora budde ho óg på hotellet om somrane og på Fagerheim om vintrane. Ho var ugift. 

1952 - 1997 Johannes og Astrid Drægni:
Johannes Hansson Drægni, fødd 1928, son til Hans Johannesson Rebni (1894-1971) og Thea Andrea Olsdotter Berge, vart gift 1955 med Astrid Kristiansdotter Frivoll. Han fekk skøyte på Drægni, bnr. 1, i 1946 og på Turtagrø Hotell, bnr. 4, Berge. Dei dreiv både garden og hotellet.

1997 – 2005 Ole Berge Drægni
Ole Berge Johannsson Drægni, fødd 1964, tok over hotellet i 1997. Han vart brått riven bort 2. juledag 2004. Ole Berge Drøgni var eit av offera i den store flaumbylgje-katastrofen i Sør Aust Asia.

Om Turtagrø Hotell i DNT sine årbøker

Årbøkene til Den Norske Turistforening, skipa 1868, inneheld tilfang om staden Turtagrø, stølane, hotellverksemda, turar i området og fjellklatring. I 1896-årboka skriv Carl Hall mellom anna:

”Som gjentagende oplyst her i aarbogen afgiver ”Turtegrøsætrene”, ca 3000’ [foot] over Lysterdalen, et af de bedste udgangspunkter for bjergbestigning – inds. [forfattaren] mener, endda, at Turtegrø nu burde være Jotunheimens no. [forkorting for nummer] 1 i saa henseende. Stedet byder nemlig på en rigdom af tinder og bræpassager for enhver smag og behag, fra rene promenader, som kan udføres ag enhver, der blot kan gaa nogle timer i fjeld, indtil betigninger der høer til de vanskeligste i Norge.

De 2de ”hoteller” paa Turtegrø har plads til ca. 50 gjester, og flinke førere som Ole Berge, Ole Øiene og Knud Forthun m. fl. lige ved haanden; mere kan turisten billigvis ikke forlange.

Historisk kjeldetilfang på hotellet

I hotellbrannen strauk det også med ei stor samling historiske bilete, arkivmateriale og ei fjellhistorisk boksamling. Noko av dette er likevel å finna i det nye hotellet. Takka vere avfotografering i Fylkesarkivet av nær 300 bilete i 1988, var det råd å laga reproduksjonar. Til sesongen 2003 vart hengt opp 275 bilete.

I tilknytning til daglegstova har hotellet leserom med fjellbibliotek. Samlinga omfattar både litteratur av nyare dato og eldre. Biblioteket vart oppretta året før brannen då Arne Næss jr. (filosof, forfattar, fjellklatrar og Turtagrø-ven) stod bak ei stor gåve. Ikkje minst takka vere Næss vart det kort tid etter bygd opp ei ny litteratursamling i fjellbiblioteket i det nye hotellet. 

Turtagrøs venner

Foreininga Turtagrøs Venner vart skipa 28. august 2001. Føremålet er å arbeida for gjenskaping av dei historiske og kulturelle verdiane som gjekk tapt i brannen 23. januar 2001. Turtagrøs Venner prøver å oppnå dette ved å skaffa tilvegar bilete, bøker, kunst, kart, gjenstandar, møbler og anna innbu som kan medverka til å gjenskapa den atmosfæren som har prega hotellet sidan 1888, og ved å reisa økonomiske midlar. Medlemskapet er gratis. Pr. 22.08.2003 var medlemstalet kring 250.
 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Knagenhjelm, Wibeke: Tradisjonsrike turisthotell i Sogn og Fjordane.
Øvregaard, Kåre: Stølar og stølsliv i Luster kommune. Leikanger 1999.
Firda 23.08.2001.
Øyane, Lars E.: Gards- og ættesoge for Luster kommune. Band 1. 1984.
Informasjon frå Ole Berge Drægni, 2004.

PERMANENT IDENTIFIKATOR