Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 24. februar 2014

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Grunnlovsjubileum – 1814 i Lærdal prestegjeld



1814 – merkeår i Noregssoga: Kielfreden, prins Christian Frederik midtpunkt for norsk sjølvstenderørsle, stormannsmøtet på Eidsvoll, særskild bededag og val på utsendingar til riksforsamling, Eidsvoll, grunnlov og kongeval, krig med Sverige, konvensjonen på Moss, omframt storting og union med Sverige. - Lærdal prestegjeld heldt bededag og val på valmenn til Eidsvoll-forsamlinga fredag 18. mars. Om hausten var hovudkyrkja vallokale for andre gong. (Lærdal prestegjeld år 1814 fordeler seg geografisk 2014 på kommunane Lærdal og Årdal.)

Borgund stavkyrkje. Kyrkja på Tønjum som var vallokale i 1814, likna på stavkyrkja i Borgund. Kyrkja bles overende i 1823 og noverande kyrkje på Tønjum vart stod ferdig i 1834.

Borgund stavkyrkje. Kyrkja på Tønjum som var vallokale i 1814, likna på stavkyrkja i Borgund. Kyrkja bles overende i 1823 og noverande kyrkje på Tønjum vart stod ferdig i 1834.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: Ukjend

«Æbletræer af ædel sort..»

«Her i Præstegaarden kan Haugen [Frukthagen] betragtes som ny; thi ved min ankomst hertil, for omtrent 5 Aar siden [1812], fandtes den ganske ødelagt, for det meste overgroet med Græs, de fleste Frugttræer udryddede og hele det vedløftige Steengjerde nedfaldet eller nedrevet. Dog haves her nogle Æblestræer af ædel sort, saavelsom Kirsebærtræer:» Dette fortel Ulrik Frederik Bøyesen, i «Bidrag til topographisk Beskrivelse over Leirdals Præstegjeld» i 1817. Bøyesen var sokneprest i Lærdal i åra 1812-1822, og såleis Lærdal sin prest i 1814.

Særskild bededag – eidsavlegging og val

Tidleg i mars 1814 fekk sokneprest Bøyesen brevsending frå biskopen i Bergens Stift (namneendring Bjørgvin bispedømme 1919). Det var kunngjering frå Prins Christian Frederik, Norges Regent, om at det i heile landet skulle haldast særskild bededag fredag 25. februar, eller ein av dei påfølgjande fredagane, alt etter som bodet nådde fram. Bededagen skulle haldast i hovudkyrkja i prestegjeldet.

Innhaldet i kyrkja denne dagen var føreskrive av Regenten. Kvar prest skulle lesa opp kunngjeringar og halda «en kort, men kraftfuld Indlednings-Tale» før han skulle be kyrkjelyden sverja høgtidleg eid på å hevda sjølvstende for landet, og om nødvendig «vove Liv og Blod for det elskende Fædreneland». Deretter skulle presten be ei bøn for et norske folket og halda ei preike over bibelteksten i Salmane, kapittel 62, vers 8-9, og heilt til slutt avrunda med «den anbefalede Bøn.»

Og så skulle det veljast to valmenn til eit amtsvalmøte som skulle velja tre utsendingar frå Nordre Bergenhus amt til ei riksforsamling på Eidsvoll 10. april. Dessutan skulle det setjast opp ei fråsegn (adresse, fullmakt) til Regenten. Fråsegna skulle underskrivast av «de tilstedeværende Øvrigheds-Personer og Embedsmænd, samt 12 "af Menighedens Agtværdigste Mænd».

Alt dette stod å lesa i brevsendinga frå biskopen. Soknepresten si oppgåve var nå å varsla folket i prestegjeldet om den særskilte bededagen. Det skulle gjerast frå «Prædikestolen» i kyrkjene. I Nordre Bergenhus vart bededagen halden fredag 18. mars med unntak av «Evindvig» (Gulen) som heldt bededag 11. mars.

Lærdal prestegjeld 1814

«Leirdals Præstegjeld» 1814 omfatta hovudsoknet Tønjum og annekssokna Hauge, Borgund og Årdal. Prestegjeldet hadde skuleordning (omgangsskule) og fattigstell etter forordningar 1739/1741 og 1755, og forlikskommisjon/råd frå 1798). Ei inntektskjelde til skule- og fattigstellet var pengegåver i kyrkjene, både ved kollekt og ved faste bøsser. Prestegjeldet hadde tre lensmenn. Postvegen Christiania – Bergen gjekk gjennom Lærdal og Lærdalsøyri var på fleire måtar eit knutepunkt. Bøyesen sin beskrivelse har mellom anna opplysningar om folketalet og Lærdalsøyri.

«Præstegjeldets Folkemængde kan regnes til 3300 Mennesker, hvoriblandt ere 186 Gaardbrugere, 267 Huusmænd, og 2 Embedsmænd, Compagniechefen og Sognepræsten. (…)

«Leirdalsøren er bebygget med en Mængde Nøst, Huusmænds- og Strandsidderboliger, der danne et Par Gader. Nøstene er Huse, hvori Baade bevares, og som ogsaa tjene til et Slags Pakhuse eller Søeboder, hvor Sild og Fisk tillige Brændeveed, samt andre Fornødenheder, som fra Søen jevnlig indføres, bliver bevarede.

Ved det aarlige Leirdals Marked i September maaned blive disse Nøst leiede deels af Havmænd, d.e. Fiskere fra Havet, som hidføre Sild og Fisk, og deels Kjøbmænd fra Bergen, som føre hertil Liin, Hamp, Salt, Jern og mangeslags Kramvarer. Markedet varer i 8 Dage, i hvilken Tid her er megen Samfærdsel med Østlandet, især Valdres, Land og Hallingdal.

Paa Leirdalsøren boer en Gjæstgiver, som tillige har Borgerprivilegium, og hvor de reisende forefinder alleslags Beqvemmeligheder.»

«Leirdals Hovedkirke»

Kyrkja på Tønjum var vallokale i det første valet på nasjonalforsamling i Noreg. «.. en mørk og uanselig Bygning», skreiv Bøyesen i 1817. «Den ser skrøbelig ud», skreiv biskop Neumann nokre år seinare, og vidare: «den 12 Januari 1824 [sic]styrtede den ogsaa, ved Orkanstød, aldeles overende, hvorved imidlertid, til al Lykke, intet Menneske kom til Skade.» Ny kyrkje stod ferdig i 1834. Der er den same Tønjum kyrkje som i 2014.

«Leirdals Præstegaard»

Prestegarden låg like ved kyrkja, - «den nyeste og smukkeste i hele Sogn», noterte biskop Neumann etter ei reise i 1823. Men slik var det ikkje i 1814. I 1817 skildra Bøyesen hovudbygningen på prestegarden som «den forfaldne , og ganske forraadnede og ubeboelige Præstebolig.» Ei synsforretning same året konkluderte med at bygningen «til daglig Brug for Præsten og Sammes Familie (…) aldeles utienlig til Beboelse, kasseres, og en nye i sammes Sted opføres.»

Soknepresten i Lærdal 1814 – «meir enn ein vanleg landsens prest»

«Ulrich Fredrik Bøyesen, fødd 1773 i Oslo, der faren, Peder Otto Bøyesen var kjøpmann. Vart student i 1791 og teologisk kandidat i 1800. Var so fleire år lærar i Kjøbenhavn og vart i 1804 residerande kapellan i Våge, Gudbrandsdalen, og i 1812 sokneprest til Lærdal. Her vart han i 10 år, til han i 1822 vart res. kap. til Domkyrkja i Bergen, og i 1825 sokneprest til Ullensaker. Hadde medaljen for «Borgerdåd» og døydde 1841. Etter det me kann forstå har Bøyesen vore noko meir enn ein vanleg landsens prest.»

I tillegg må særleg nemnast sokneprest Bøyesen sin utførlege beskrivelse over Lærdal prestegjeld år 1817. Beskrivelsen vart trykt i skriftet «Budstikken» 1820. Odd-Kjell Bosheim «oppdaga» beskrivelsen og laga utskrift. Årdal Lions Club sytte for prenting.

18. mars 1814 i Lærdal

 Vi veit meir om bededagen i Lærdal enn i noko anna prestegjeld i fylket. Sokneprest Bøyesen laga manus til tale og liturgi. Originalen er oppbevart i Christian Frederiks arkiv i Riksarkivet. «Taler på den anordnede høitidelige Bededag, holdne i Leirdals Hovedkirke» føreligg også som trykksak. Derimot veit vi lite og ingenting om korleis valet føregjekk. I kyrkjeboka for Lærdal 1805-1821 står innført:

 «Fredag den 18de Marts. Tønjum. Holdtes den af Norges Regent anordnede højtidelige Bededag, og Almuen taget i Eed at vilde forsvare Norges Selvstændighed.»

 Underskriven adresse og fullmakt

Soknepresten hadde rolle både som prest og «valstyre», og det var presten som forfatta og sette opp fråsegna (adressa) til Regenten. Adressa fungerte og som fullmakt for utsendingane til amtsvalmøtet. Utsendingane avleverte fråsegna på amtsvalmøtet. Alle fråsegnene vart i neste omgang tekne med til Eidsvoll og avleverte til Regenten. Fråsegna frå Lærdal prestegjeld har denne ordlyden:

Deres Kongelige Højhed Prinds Christian Frederik, Norges Regent!

Idet Lejrdals Menigheder ønskede at kunde udtrykke den Ærefrygt, Tillid og Kjærlighed de bære til deres elskede odelsbaarne Fyrste, og bede Deres Kongelige Højhed ogsaa til Dem at nære den Tillid, at der er ingen Mand blant dem, som jo med Glæde vover Liv og Blod for det elskendes Fædrenelands Selvstændighed, tilkjendegive de tillige at have befuldmægtiged Hr. Sognepræst Ulrik Frederik Bøyesen og Bonden Peder Hjermand at Møde paa deres Vegne for underdanigst at overrække Deres Kongelige Høihed denne Adresse og at stemme ved den berammede Forsamling af Nationens utvalgte Mænd.

Lejrdals Præstegjeld i Nordre Bergenhuus Amt, den 18de Marts, 1814

Underdanigst
C. Rumohr, Captaine af Infanteriet.
I.M. Falch, Premiere Lieut. af Infanteriet.
H.U. Vendelboe, Klokker til Leijrdal
Anders Davidsen Raae, Lensmand for Lejrdals Skibrede
Erik Andersen Heroe, Lensmad (sic) for Aardal
Ingvar Tørrisen, Lensmand for Borgund Skibrede
Johannes Andersen Seim, Præstens medhjelper med paaholden Pen
Sølfest Pedersen Hestetu
Johannes Olsen Hundere, Præstens Medhjelper, med paaholden Pen
Ole Nielsen Helland, Præstens Medhjælper, med paaholden Pen
Tøger Hansen
David Olsen Hogh
Ole Olesen Lysne
Niels Bjørnsen Ehrie, med ført Pen
Ole Christensen Hatleberg, med ført Pen
Knut Thommassen Lysne.
Hendrich Bøe
Roar Neesse

Dei to valmennene frå Lærdal

Ein regel for valet på valmenn var at minst ein skulle vera bonde. Lærdal valde ein bonde og ein embetsmann (soknepresten). Dei to valmennene var:

  1. Sokneprest Ulrik Frederik Bøyesen (sjå ovanfor)
     
  2. Bonden Peder Hjermand. Fødd på Tønjum i Lærdal 1. desember 1754, son til lensmann Peder Pedersen Hjermann og Ingeleif Lassedotter Øvre Leri i Lærdal. Gardbrukar på Tønjum, forlikskommissær 1797-1813. Var ei tid postopnar. Død på Tønjum 25. desember 1834. Han er gravlagd på Hauge gamle kyrkjegard i Lærdal, grava kan påvisast. Gift 1. med Berte Malene Thomasdotter Dalsøyra, Luster, 2. med Elsa Sofia Lem, Årdal i Sogn.

Dei som skreiv under

Eidsvollsfullmakta frå Lærdal er underskriven av 17 personar; to militære offiserar, sju med yrkestitlar/ombod (klokkar, lensmann og «Præstens Medhjelper»), og fem med «paaholden/ført Pen». Dette er i nokolunde i samsvar med «Norges Regent» sin «Skrivelse», datert 19. februar. Vidare kan det sjå ut som at presten har regissert lokalt; dei tre lensmennene er med og presten sine tre medhjelparar (medhjelpar: ein «Gudfrygtig Mand» i kvart sokn, som m.a. skulle ta seg av heimedåp når det var nødvendig).

Det kan elles sjå ut til at 12 av 17 underskrivarar er bønder. Det tilsvarar kring 70 %, som er litt mindre enn amtet under eitt med kring tre fjerdedeler (75%). Dei to valmennene skreiv ikkje under. Elles finn me namn frå heile prestegjeldet.

Amtsvalet

Herman Gerhardt Treschow var amtmann i Nordre Bergenhus i åra 1811-1814. Treschow var dansk embetsmann og budde ei tid på Askelund i Balestrand. Han slutta i embetet våren 1814. Første mars sende amtmannen rundskriv til alle prestegjelda om tid og stad for amtsvalet, den 30. mars i Vik:

[Til] samtlige Sognepræster: Herved underrettes Deres Velærverdighed om at Giestgiverstedet Wiigøren i Wiigs Prestegield i Yttre Sogns Fogderie er udseet til Forsamlingsplads for de af de respective Menigheder i Overeensstemmelse med Regentskabets ved Biskoppen den …: Circulaire udvalgte Mænd, som at Tiden til denne Forsamlings Afholdelse, er berammet til den 30de i denne Maaned.
Treschow

Amtsforsamlinga skulle velja tre utsendingar til Riksforsamlinga på Eidsvoll. Minst ein skulle vera frå bondestandet. Valet blei halde på garden Vange, i huset som seinare vart kalla Lyche-huset, etter ein kaptein Lyche som budde der. Desse blei valde:

  • Bonde Peder Hjermann, Lærdal.
  • Sorenskrivar Lars Johannes Irgens, (SogndaL, Indre Sogn sorenskrivardøme).
  • Sokneprest Niels Nielsen, Ytre Holmedal (Fjaler)

Merknad: Bergenhusiske infanteri-regiment valde to representantar. Begge var frå Sogn og Fjordane; kaptein Ole Elias Holck, Lavik prestegjeld, og musketer Niels J. Loftesnes, Sogndal prestegjeld

«Tak og Bønefest»

Den 17. mai 1814 var grunnlova ferdig og riksforsamlinga på Eidsvoll valde prins Christian Frederik til Noregs konge. «Denne Dag er en af de vigtigste i Norges Aarbøger», uttalte den nyvalde kongen. «Det verk er fuldendt, som skal grundfeste det Norske Folks held. Constitutionen er et Palladium [finaste sort sølv] for Folkets Frihed, som selv Uretfærdighed og Vold ikke ustraffet skal antaste.» Den nyvalde kongen følgde opp med kunngjering til det «Elskede norske Folk» og sende ut kongeleg «Rescript» til «Rigets Biskopper» om takke- og bønnefest. I kyrkjeboka for Lærdal står det notert:

«7. Sønd efter Trinit.[24. juli] Aardal. Tak og Bønefest i Anledning af Hans Majestes Kong Christian Frederiks tronbestigelse. »

«Giv (…) Bjørne-Styrke»

Sverige heldt seg til Kielfreden og ville ikkje vita av norsk konge og norsk sjølvstende. Det enda med krigsutbrot 27. juli. Dei norsk styrkane var dårleg utstyrde. Sverige stod sterkare militært. Biskopen i Bergens Stift, Johan Nordal Brun, vende seg til ei høgare makt, Gud Herren. Han forfatta og let trykkja ei bøn om norsk siger. Det står mellom anna:

«Din Arm er endnu ikke forkortet. Udræk den til Beskjærmelse over vor Konge og vore Folk. Giv vor Landsmands Arm Bjørne-Styrke! Hans Barm Løve-Mod! Vore Vaaben Kraft som Din Almagts Lyn-Straale!»

Eit eksemplar av «Bøn efter Prædiken, medens Norge har Krig mot Sverrigr (…) forfattet for Bergens Stift» er oppbevart i arkivet til Lærdal sokneprestembete. Bøna vart kan henda aldri halden. Krigen varde berre i to veker.

Ny amtmann

Konstituert amtmann, futen Rasmus Endresen, busett i Balestrand, styrde amtmannsembetet frå Treschow gjekk av våren 1814 til ny amtmann, Christian Magnus Falsen (betre kjend som Grunnlovens far, enn som amtmann i Nordre Bergenhus amt), tok over embetet ca 20. oktober. Falsen styrde embetet frå Bergen.

Val til omframt storting om hausten

Valet til omframstortinget var betre førebudd enn valet til Eidsvoll-forsamlinga. No førelåg det valmanntal. Kongeleg reskript til biskopane datert 13. juni 1814, fastsette at det i samsvar med grunnlova, paragraf 51, skulle setjast opp manntal over røysteføre. Artikkel 1 i Konvensjonen på Moss av 14. august, fastsette at eit storting skulle koma saman, og kongeleg kunngjering av 16. august fastsette tid og stad: Kristiania, 7. oktober. I Nordre Bergenhus amt skulle det no veljast fire representantar. I Nordre Bergenhus skulle det no veljast fire representantar, og kvart prestegjeld valde denne gongen valmenn i høve til tal på "stemmeberettigede"; 0-100, ein valmann, 100-200, 2 valmenn osb.

«14. søndag etter Trinitatis [11. september]. Tønjum. Holdt Valgforsamling i Anledning af det overordentlige Storthing, som skal samles i Christiania 7de October.»

Representantar på omfram-stortinget

Amtsvalet om hausten, den 23. september, vart på same måten som valet til Eidsvoll-forsamlinga, halde på garden Vange i Vik. Det møtte 58 valmenn. Ingen av Eidsvoll-mennene vart valde til omframstortinget.

Dei valde vart:
1. Sokneprest Niels Griis Alstrup Dahl, Eivindvik prestegjeld, Sogn.
2. Bonde Torger H. Næss, Luster prestegjeld, Sogn.
3. Bonde Ole Torjussen Svanøe, Kinn prestegjeld, Sunnfjord.
4. Bonde Erik O. Nord, Eid prestegjeld, Nordfjord.

1815

Den 4. november 1814 valde Stortinget den svenske kongen Carl 13 til Norges konge, og vedtok på ny grunnlova, no tilpassa unionen med Sverige. Kyrkjeboka for soknepresten i Lærdal har fire innførsler om dei rikspolitiske hendingane hausten 1814. Dei gjeld unionen mellom Norge og Sverige, og står notert i 1815: «Septuagesima [6. februar]. Tønjum. Bøn og Takkefæst i Anledning af Foreningen med Sverrig og Norge.» Dei tre påfølgjande søndagene står notert «Ligesaa» ved gudstenester i Årdal, Borgund og Hauge sokn.

Mobilisering og krig

Boka Syvårskrigen 1807-1814 av Henrik Angell, fødd i Luster, handlar om krigstilstand og krigshandlingar fleire periodar denne tida. Siste akt var krig mellom Sverige og Noreg i dagane 27. juli – 14. august 1814.. Krigen enda med norsk nederlag og Konvensjonen på Moss, datert 14. august. Mange frå Sogn og Fjordane var med, og fleire miste livet.

Lærdal var militær ekserserplass med utskrivne soldatar frå indre Sogn. Leirdalske lette infantericompagni var austover to gonger, i 1808-1809 og 1814. I 1818 noterte Bøyesen i beskrivelsen 1817:

«I Henseende til den for tiden værende militaire Inddeling, da bestaaer dette Præstegjeld af 61 Soldaterlægder, tilhørende det Leirdalske Jægercompagnie under Bergenhusiske Skarpskytter-Batallion. (…) Tæt ved Leirdalsøren (…) er den store Exercerplads (..)»

Minnesmerke

Fram mot hundreårsjubileet for Grunnlova i 1914 vart det mange stader reist 1814-minnesteinar. Indre Sogn har tilsaman 12 bautasteinar reiste til minne om forsvaret av landet i åra 1807-1814 og grunnlovsåret 1814, - ti krigsminnesteinar og to minnesteinar over Eidsvoll-menn, dvs. representantar i riksforsamlinga på Eidsvoll. Dessutan står det ein sjømilitær minnestein ved Korskirken i Bergen med to namnet på to soldatar frå Sogn. Området Lærdal prestegjeld 1814 har fire 1814-minnesmerke:

  1. Lærdal, garden Stødno, Eidsvoll-mannen Peder Hjermann,
  2. Lærdal, Øyramarki, Lærdalske lette infantericompagnie,
  3. Årdal, på kyrkjegarden ved Årdal kyrkje, Årdalstangen, dannebrogsmann
  4. Årdal, ved inngangsporten til Årdal kyrkje, Årdalstangen, ufredsåra

Dessutan ein minnestein utanom fylket:
Norderhov kyrkje, Buskerud, kaptein Jurgensen, sjef for Leirdalske lette infantericompagnie.
Merknad: Tilvising til omtale av kvart, sjå nedanfor.

kjelder:

Cappelens Forlag: Eidsvoll 1814. 1914
Laberg, Jon: Lærdal og Borgund. Bygd og ætter. 1938.
Bøyesen, Ulrik Frederik: "Bidrag til topographisk Beskrivelse over Leirdals Præstegjeld 1817". I Budstikken 1820.

Digitalarkivet, skanna kyrkjebøker, Lærdal, Ministerialbok 1805-1821

Statsarkivet i Bergen:
Soknepresten i Lærdal, korrespondanse og saksdokument 1814-1818
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, kopibok 0000-0000