Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Restøylen



Restøylen ligg på andre sida av Breimsvatnet, på Rettilen ca. 590 m o.h., og høyrer til gardbrukarane på Re, gard nr.100. Stølen ligg ope og fint til med gode beite og flott utsikt, men tilkomsten er vanskeleg og tung. Kva tid det kom støl her, er usikkert.

Restøylen i full drift, ca. 1910. Personane på biletet er Margit, Jakob og Lars L. Reed.

Restøylen i full drift, ca. 1910. Personane på biletet er Margit, Jakob og Lars L. Reed.

Eigar: Olav Reed.

Datering: Ca. 1910.

Fotograf: Ukjend.

Flytting av stølen

Vi kjenner til at tidlegare hadde Re-brukarane støl i Kålemarka på Breimsfjellet. I Ålandsboka står det: "Um stølen vart det mykje strid millom Re og Kaale. I 1680-aari kravde Absalon Kaale 8 skill. eller eit dagsarbeid um aaret av kvar Re-mann i grunnleiga for stølen. Dette ville ikkje Re-brukarane vere med på. I 1722 var det aastadsak um dette. Daa retten fann at Kaale leid skade av Re-krøteri, dømde retten at Re-stølen skulde flytjast lenger inn og upp paa fjellet til ein turr haug, Nystølen, der det var lagleg stølstuft." Om det var på denne tida dei flytta stølen til noverande stad, veit vi ikkje.

Tilkomst

I dag går det på bilveg rundt Breimsvatnet og så kring 1,5 time på ei tung og vanskeleg rås oppover til stølen. Tidlegare var det å frakte både folk og fe med båt over vatnet før dei kom til Restranda med Vårstøylen eller til Lyngneset for å fylgje råsa vidare til Restøylen. Det første stykket av råsa er bratt og tung. Fleire plassar er det bygt trapper der det er vått og glatt sva. Halvvegs oppe er det kvile i Grasdalen. Vidare opp går det lettare.

Bruk av stølen

Først var dyra 2-3 veker på Vårstøylen i Restranda. Ved jonsoktider vart dyr og folk ført med båt langs stranda til Lyngneset og vidare oppover råsa til Restøylen. På sommarstølen var dei til august - september då dei flytta ned att på Vårstøylen eit par veker og så heim. (Sjå eigen artikkel om vårstølen).
Stølsvegen var så tung at budeiene var der ei veke om gongen. Kjell Råd skriv: "Kvar laurdag ettermiddag kom karane og henta surmjølk. Då fekk dei alltid rømaske, spekekjøt og flatbrød. Nye budeier var òg med. Vi skifte kvar helg. Dei som hadde vore ei veke på fjellet, reiste heim i lag med karane. Kvinnene bar rømeambarane. Dei var runde og med falkje festa til ambaren så dei kunne berast på ryggen."

Stølsdrifta vart slutt kring 1930 og stølshusa vart lite vedlikehaldne. I 1992-1993 kom brukarane til at dei ville setje stølshusa i stand. Med dugnadsånd og stor miljøinteresse er stølen no restaurert og stølsråsa opprydda til glede for dei sjølve og for friluftsinteresserte.

Rovdyr på stølen

Kjell Råd tek i boka si med ein del episodar med bjørn ved Restøylen. "Bestemor til Peder R. Reed fortalde at då ho gjekk til støls på Rettelen kring 1870, var dei mykje plaga av bjørnen. Det var i området Nesdalen - Rettelen. Om haustkveldane når det tok til å skymast, var han mest nærsøkjen og kom då heilt inn til stølen. Dei tok då ei neverskrulle og stakk på ein staur og sette fyr på. Gjekk så ut og skråla og skreik og vifta med varmen. Då rømde bjørnen, for varmen var han redd.
Anders Næs var flink bjørneskyttar. Ein gong stod han i selsdøra og skaut ein bjørn like utanfor. Ein annan gong var Anders etter ei hyne (hobjørn) med to ungar like innanfor stølen, og dei var mykje farlegare når dei hadde ungar med seg. Då han hadde skote og såra bjørnen var han ille ute. Det var munnladningsbørse den gongen. Anders kom seg opp på eit lite trippe og tok til å lade børsa si. Då han var ferdig, kom bjørnen til same trippet. Anders "mulesette", sette børsa i panna på han, og bjørnen låg der. Det måtte vera ein kar med gode nervar som greidde slikt. Like eins stølsjentene i 20-års alderen fekk ikkje vera skvetne av seg.
Siste bjørnen som vart skoten i Breim, var i 1903. Han herja som verst på Rettelen og drap mykje smale, men dei greidde ikkje få tak i han. Bjørnen tok seg over på andre sida av vatnet. Der vart organisert jakt og bjørnen vart skoten i Hjelleberget bortanfor Egge."

Nokre fakta

Re, gard nr. 100, Breim sokn, hadde 12 bruk i 1890.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

PERMANENT IDENTIFIKATOR