Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. desember 2002

Sist oppdatert 12. oktober 2018

Kategori

Kommune

Språk

Batalden bedehuskapell



Batalden bedehuskapell er eit påbygd bedehus i tre som står på Fanøya i Flora kommune. Bedehuskapellet, som har 100 sitjeplassar, vart vigsla for kyrkjeleg bruk 26. februar 1911. Bedehuset vart bygt i 1907, Gjertsen & Co. hadde ansvaret for bygginga. Batalden kapelldistrikt er ein del av Kinn sokn i Kinn prestegjeld.

Batalden bedehuskapell framstår no som ei kvitmåla langkyrkje med liggande kledning, med korutbygg mot sør og tårn i nord over våpenhuset med inngangen.

Batalden bedehuskapell framstår no som ei kvitmåla langkyrkje med liggande kledning, med korutbygg mot sør og tårn i nord over våpenhuset med inngangen.

Eigar: Trond Strømgren.

Datering: 2003

Fotograf: Trond Strømgren.

Fiskarane trengde gudshus

Namnet Batalden skriv seg frå den store øya litt nord for Fanøya. Kapellet vart bygd på Fanøya som eit bedehus, på bakgrunn av dei store sildefiskeria, der dei mange fiskarane frå heile kysten heldt seg ute i øyane i lange periodar om vinteren. Lenge nytta ein store saltebuer til møtelokale, men dette var ikkje godt nok i lengda. Alt frå 1902 starta ei pengeinnsamling, og fem år seinare kom arbeidet i gang. Huset vart innvigd som bedehus 23. oktober 1907. Dette var eit enkelt rektangulært hus, med tre vindauge på kvar langside, og ingen vindauge i kortendane. Inngangen til det då raudmåla huset var frå vest inn i kjøkenet.

Kyrkjebruk

I 1908 søkte sokneprest Evensen om å få nytte huset til kyrkjebruk, medan kyrkja på Kinn var under omvøling. Det vart innvilga, kapellet fekk alterring, og alterbord med ei kvit kross oppå. Fyrste gudstenesta vart halden 26. februar 1911, med alterutstyr frå Kinn kyrkje. Eit provisorisk alter vart nytta før dei i 1912 fekk nytt alter med knefall og kross. I fleire år vart det halde gudsteneste seks gonger i året, og alteret vart berre avstengt med eit forheng. Dette viste seg å vere i strid med reglane for kyrkjebygg, og det kom eit tilbygd kor mot sør som var ferdig i 1930 og teke i bruk våren 1931, då også preikestolen og døypefonten kom på plass.

Ser ut som ei kyrkje

Like etter krigen tok bataldarane til å samle inn pengar til klokke, som vart innkjøpt i 1949 for den nette sum av 3700 kr. Seinare vart det samla inn 4000 kr til tårn, som stod ferdig i 1951.
I 1954 vart det lagt inn straum. På 1960-talet vart huset pussa opp innvendig, og særleg vart kjøkenet og toalettet rusta opp. På loftet vart det laga eit "leseværelse". Der kunne fiskarane lese aviser og kjøpe seg kaffi og mat. Ei "husmor" hadde oppgåva med å lage i stand, og å skaffe aviser, mot ei lita løn.
Huset vart pussa opp utvendig i 1974, og på ny, både utvendig og innvendig i 2000. Kapellet framstår no som ei kvitmåla langkyrkje med liggande kledning, med korutbygg mot sør og tårn i nord over våpenhuset med inngangen. Innvendig er veggene lys beige, med raudmåla benker og listverk. Orgelet er plassert på golvet på nordsida av koropninga, med preikestolen på sørsida. Heile koropninga kan stengjast med store dører, slik at bygningen frå 1902 framleis kan brukast som det han vart bygd til, nemleg bedehus.

Kunst og inventar

På alteret står to lysestakar frå 1980. Nattverdsutstyret er ein kalk, ein disk, ei vinkanne i tinn og ei brødøskje, alle frå 1980. Både preikestolen og døypefonten er frå 1931. Dåpsfatet i tinn er truleg frå 1908. Orgelet er eit harmonium. Kyrkjeklokka, frå 1949, er laga av Olsen Nauen Klokkestøperi AS i Tønsberg. Ho vart hengd opp i eit nybygd tårn i 1951.

Kyrkjeasyl

Familiane Sinkovic og Hiseni gjorde bedehuskapellet i Batalden landskjent midt på 1990-talet. To familiar med born, frå Bosnia og Kosovo, gjekk i tur og orden i kyrkjeasyl i det enkle gudshuset på Fanøya. Dei møtte mykje hjartevarme hjå bygdefolket, som slo ring omkring medmenneske i nød. Styresmaktene sin offisielle politikk var utvising, men det folkelege engasjementet i Batalden medverka til at sakene fekk ein lukkeleg utgang.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.