Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 09. mars 2005

Sist oppdatert 20. mai 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

1905 - Luster kommune - gamle Jostedal kommune



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Jostedal kommune.

Jostedal kyrkje med den gamle prestegarden. I 1905 vart det bygt ny prestegard.

Jostedal kyrkje med den gamle prestegarden. I 1905 vart det bygt ny prestegard.

Eigar: Norsk Folkemuseum

Datering: 1880-1890

Fotograf: Lindahl, Aksel

Jostedal kommune i 1905

I dag er Jostedal ein del av storkommunen Luster som vart skipa i 1963, men i 1905 var Jostedalen eigen kommune. Kommunen var den nordlegaste i Sogn fogderi og låg på begge sider av Jostedalselva. Kommunen grensa til Skjåk, Stryn, Hafslo og Luster. Grensa mellom Luster og Jostedalen gjekk ved garden Alsmo. Prestegjeldet hadde eitt kyrkjesokn, og Jostedalen kommune var eige lensmannsdistrikt og eige tinglag i Sogn fogderi. Kommunen hadde felles distriktslækjar og dyrlege med nabokommunen Hafslo.

I 1900 budde det 939 personar i kommunen. I 1900 var kommunen delt i fem skulekrinsar, Sperle, Myklemyr, Kreken, Krundalen og Mjølværdal, med fire lærarar og 182 born i skulealder. I 1905 var det eigne, kommunale skulehus i alle krinsane. Skulehuset i Kreken krins låg på Bjørk og var det ein i dag kallar "allbrukshus". Her var det skule, men i tillegg sparebankkontor, folkeboksamling og kommunehus heilt fram til 1907.

Næringsliv

Jordbruk var den viktigaste næringa, med hovudvekt på fedrift. Sal og oppdrett av storfe gav ei viktig innkome. Det vart også drive ein del med oppdrett av hestar. Driftehandel var framleis ei næringsgrein i Jostedalen i 1905, om ikkje så viktig som tidlegare. Driftekarane førde fedrifter frå Indre Nordfjord, over breen, til Jostedalen, der ein del bønder leige ut beiteland. Vegen gjekk så vidare til fjellbeite i Valdres og Hallingdal, før dei samla dyra og for til bymarknadane i Drammen og Oslo. Korndyrkinga hadde minka, medan det stadig vart dyrka meir poteter i kommunen. Det vart elles dyrka både gulrøter og kålrabi i heile dalen. Her var fleire skomakarar, smedar og skreddarar. På Sperle var det eit meieri.

I kommunen var det to postopneri. Det eine låg på Myklemyr, der lærar A.O. Øvregaard var postopnar. I Jostedal var det kyrkjesangar A. Hjellum som styrde posten. Kommunen hadde eigen bank, Jostedalen Sparebank, der N. H. Bruheim var kasserar. Det var fleire som dreiv handel i kommunen, Thor A. Bakken, Gjerde, Tøger R. Fåberg, Christoffer N. Kronen, Bakken, Tøger Larsen, Kruna og Melchior Yttri på Sperleøyane. Det var to faste skysstasjonar i kommunen. På Fåberg dreiv Rasmus Larsen den faste skysstasjonen og på Sperleøyane var lensmann Hermund S. Tvedt stasjonshaldar. I Krundalen låg Kronen Turiststasjon som var eit knutepunkt for breturar over til Loen og Olden.

Hovudvegar og andre vegar

Hovudvegen frå Sogndal tok av i Gaupne og fortsette dalen til endes. Dette var det einaste offentlege vegen i kommunen, bygt i 1890-1891 med ei vegbredde på 2,5 meter. Vegen enda ved Fåberg, men det kunne køyrast mest fram til Nigardsbreen. Det var to andre, korte, køyrevegar i kommunen. Det gjekk tre viktige stiar/ridevegar frå fremste Jostedalen og ut av kommunen. Frå Fåberg gjekk det ein rideveg /sti over Handspiki til Skjåk og ein over Lodalsbreen eller Stegaholten til Erdalen i Stryn. Frå Fåbergstølen gjekk det også sti til Loen, over Lodalsbreen og ned i Bødalen.

"...i sterk Spaning"

I ei tid utan mobiltelefonar, Internett, radio og fjernsyn fekk folk kjennskap til nyhende på andre måtar. Dei "spurde nytt" når dei treftest, - på dampskipskaia, på butikken, på skulen, ved kyrkja (kunngjeringar frå kyrkjebakken) og gjennom posten (brev og aviser).

Gjennom heile året 1905 venta folk spent på siste nytt om unionen mellom Norge og Sverige, - om utviklinga i konsulatsaka utover våren, - om unionsoppløysinga 7. juni, - om folkerøystinga 13. august, - forhandlingane i Karlstad, - spørsmålet om kongedømme eller republikk og det nye kongehuset i månadsskiftet november/desember.

Andre saker i tida

Unionsoppløysinga var den store saka gjennom heile året 1905, men mange andre saker var også oppe i tida. Målsaka - arbeidet for meir bruk av nynorsk -, engasjerte mange, likeeins utvandringa til Amerika. Jernbane til Sogn var ei aktuell sak. Bergensbana var under bygging og i 1905 sprengde dei siste salva i Gravhals-tunnelen. Spørsmålet om ei sidebane ned til Flåm vart ofte diskutert. Ei anna viktig sak var helsestellet, og då særleg bygging av sjukehus i Lærdal.

Avisene melde heile tida om små og store hendingar rundt om i fylket, andre stader i landet og ute i verda, - gjennom smånotisar og i større oppslag. Avisa Sogns Tidende, 18.07, melde om årsveksten og turistrafikken i Jostedalen som såg svært lovande ut. Året teikna eigentleg til å bli eit kronår " ..baade i den ene og anden henseende" i fylgje avisa. Både eng og åker stod meir lovande enn det hadde gjort på mange år, trass i den seine våronna. Men drivande sommarvêr, der det veksla mellom sol og regn, hadde sett fart i veksten. Også på stølane såg det lovande ut, trass i ein snørik vinter. "..Turistrafikken har til denne tid været livligere end de de foregaande aar, og gjelder dette daavel fjeldovergangen til Gudbrandsdalen som passagenen over bræen". Tilbakemeldingane frå turistane var sers gode og tyskarane var ei veksande målgruppe. Elles melder avisa Sogningen, 22.09, at den kjende rein- og bjørneskyttar Ole Larsen Faaberg vert 100 år i desse dagar.

Litt frå den kommunale kvardagen

Kommunestyreprotokollane gjev eit godt bilete av den kommunale kvardagen. I Jostedalen kommunestyre handsama dei 53 saker dette året. Ei viktig sak var bygging av ny prestegard. Kommunen tok på seg å skaffe materiale og bringe dei til byggjeplassen. Andre saker var restaurering og planlagt påbygg av kyrkja, mellombels bustad for presten og familien hans, landpostbodordninga til Krundalen og Fåberg, istandsetjing av vegen i Haukåsgjelet og andre vegsaker, reparasjon av skulehuset i Krundalen, søknad frå skulestyret om tilskot til kveldsskule, istandsetjing av Høgebrua osv.

Nokre nøkkelpersonar

Det var kommuneval i 1904, og Lars. R. Faaberg vart vald til ordførar med Anders J. Grov som varaordførar. Lars R. Faaberg var ordførar i to periodar; 1904-1907 og 1911-1922. Ragnvald Knudsen var sokneprest og Hermund S. Tvedt, frå Bøfjorden i Hyllestad, var sersjant og lensmann. Anna Tvedt, kona til lensmannen, var jordmor. Anders O. Øvregard, Anders Hjellum, Magnus Takle og Lauritz Kronen var tilsette som lærarar i kommunen.

Lag og organisasjonar

Det var både ungdomslag, fråhaldslag, og søndagsskular i kommunen. I 1906 vart det også skipa mållag. Skulehusa var tenelege til ulike lags- og organisasjonsarbeid og vart brukte til det vart bygt andre forsamlingslokale, m.a. ungdomshus. Lærarane var viktige kultur-og ungdomsarbeidar og ivrige både i mållagsarbeidet og den frilynte ungdomsslagsrørsla. Det var spesielt i krinsane Myklemyr, Sperle og Kreken at den frilynte ungdomslagsrørsla fekk fotfeste kring hundreårsskiftet. Her vart det også bygt ungdomshus noko seinare.

Målsaka

10. januar 1906 vart Jostedal mållag formelt skipa, men målarbeidet var ikkje av ny dato i Jostedalen. I 1903 var det røysting om å innføre Blix-salmar i kyrkja, men framlegget fall. I 1907 kom saka opp att, og denne gongen vart det fleirtal. Kampen for nynorsken gjekk også føre seg i skulen. Då det skulle kjøpast inn nye lesebøker i 1904 vedtok skulestyret at den nynorske leseboka til Austlid skulle innførast, men dei krinsane som hadde brukande bokmålsbøker, kunne framleis bruke dei. Ordførar Lars R. Faaberg likte vedtaket dårleg, og nekta dottera å bruke den nynorske leseboka. Men læraren klaga ordføraren inn for skulestyret og dei påla han å kjøpe den nye leseboka til dottera." ...hvis ikke bliver der at forholde efter § 17 i skoleloven." Med trugsmål om straffeforfylging gav ordføraren også etter.

17. mai 1905

Rundt om i heile landet var det ekstra stor oppslutning om 17. mai i 1905. Den politiske situasjonen var spent og nasjonalkjensla blomstra ekstra denne dagen. I avisene kan vi lese om talarar som tok føre seg Eidsvoll, Grunnlova og det nasjonale sjølvstendet i større alvor og med større glød enn nokon gong. I kyrkjer og der folk elles samla seg, vart det sunge " Gud signe vårt dyre ferdeland" og "Ja, vi elsker" med fynd og kraft.

Presten i Jostedalen har ikkje ført inn 17. mai-gudsteneste i dagsregisteret, men det kan likevel ha vore festgudsteneste der. Avisene melder heller ikkje om 17. mai-feiringa frå Jostedalen, men det fortel ikkje anna enn at det er ingen som har meldt slikt stoff inn. Med unge og ivrige mål- og ungdomslagsfolk som lærarar er det all grunn for å tru at denne dagen vart feira med stor styrke Jostedalen.

7. juni 1905

7. juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var ein onsdag og vanleg kvardag, men folk venta i spaning på siste nytt frå hovudstaden og Stortinget. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste folk flagget og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare.

Grunna lange avstandar og sein postgang var det ikkje alle prestar som fekk den skriftlege meldinga i hende til "rett tid". Presten i Jostedalen hadde ikkje fått den skriftlege kunngjeringa til fyrste pinsedag, men han var kjend med stortingsvedtaket. Han har ført inn fylgjande i dagsregisteret; "(" Helligaandens drivende kraft i folkets liv og hos det enkelte mennesket"). Norges stortings beslutning af 7/6 blev omtalt; særskilt bøn for fædrelandet opsendtes; " Vor Gud han er så fast en borg" blev afsunget staaende". Søndagen etter, den 18.06, var kunngjeringa komen og no kunne presten lese henne opp for kyrkjelyden. Slik har han skildra dette: "Kundgjørelse til det norske folk ang. 7. juni beslutningen oplæstes hvorefter man staaende sang: Gud signe vaart Dyre fædraland."

Folkerøystingane - røysterett og valstyre

Det var to folkerøystingar i 1905:
Søndag 13. august då folket skulle seia ja eller nei til unionsoppløysinga som hadde funne stad 7. juni.
Søndag 12. og måndag 13. november då folket skulle svara ja eller nei til om Stortinget skulle utkåra ein konge. I røynda var dette eit val mellom kongedømme og republikk.

Jostedal valsokn tilsvara dåverande Jostedalen kommune. Valstyret var samansett av: lensmann Tvedt, (formann), ordførar L. R. Fåberg, Nils H. Bruheim og Anders Grov
Ved begge røystingane var røystestaden Jostedal kyrkje.
Oppteljinga gjekk også føre seg her, både i august og november.

Folkerøystinga i august - ja eller nei til unionsoppløysinga

Resultatet for Jostedal valsokn: 182 vaksne menn (fylte 25 år) hadde røysterett. Det vart avgjeve 175 røyster. Alle vart godkjende og alle røysta ja. Dette førte Jostedalen mest heilt i toppen når det galdt frammøte. Heile 96,1 % møtte fram. Dei som ikkje møtte fram, vart fylgde med falkeblikk, slik det går fram av denne notisen i Sogns Tidende 18.08.1905. "... Tri av fem, som ikkje røysta, var burte fraa bygdi og hadde ikkje sendt melding um forfall; men dei andre tvo, Anders N. Bjørkeheimen og Lars N. Hesjevoll, sat heime. Her var likevel eit kraftigt ja etter maaten; men her hev og vore godt arbeidt. Og takk og æra skal alle hava, som hev hjelpt til. Uppglødde for fridomen var folkehopen, som i marsjtakt og under flagd og sang hasta mot kyrkja. Der vart fedralandssangen "Gud signe vaart dyre fædraland"- sungen føre røysting og etterpaa "Ja, vi elsker".

Resultatet for Sogn og Fjordane: 16 819 hadde røysterett. Det vart avgjeve 16 718 (88,7 %) godkjende røyster. Berre tre røysta nei.
Resultatet for heile landet: 435 376 hadde røysterett, 368 392 godkjende røyster; 368 208 ja, 184 nei.

Privat kvinneunderskriftsaksjon for oppløysing av unionen

Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i 1905. Men kvinnene ynskte å gje sitt ja, tilliks med mennene. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over 250 000 underskrifter til Stortinget.

Gjennom avisene vart det sendt ut opprop om å skrive seg på lister. Redaksjonane støtta også opp om kvinneunderskriftaksjonen og appellerte til kvinnene om å skrive seg på. Innsamlinga av underskrifter vart ordna på ulike måtar. Der det var avisredaksjonar, slik som i Sogndal, låg det lister framme. Elles gjekk det lister rundt på bygda eller som i Leikanger der soknepresten la ut lister i sakristiet på sjølvaste valdagen 13. august. Om det var ein slik aksjon i Jostedal, veit vi ikkje. Truleg vart det samla inn underskrifter også her, slik det vart i Solvorn og andre nabobygder.

Folkerøystinga i november - ein knipen siger for kongedømme

Resultatet av folkerøystinga i november for Jostedal valsokn: 181 hadde røysterett, det var ein person mindre no enn ved augustrøystinga. Denne gongen var det 133 personar, 73,4%, som røysta. 71 røysta ja (for kongedømme), medan 62 røysta nei (for republikk) mellom. Utfallet av røystinga var såleis nesten "daudt løp" mellom dei ulike grupperingane. Berre 10 stemmer skilde dei, og dette resultatet førte Jostedalen opp på tredjeplass på "republikanartoppen" i fylket.


Resultatet for Sogn og Fjordane: 18 278 hadde røysterett, 14 315 (78,3 %) godkjende røyster. 11 507 (80,4%) røysta for kongedømme, 2 808 (24,4%) røysta for republikk.
Resultatet for landet: 331 833 hadde røysterett, 244 124 godkjende røyster (73,5%). 194 189 (79,5%) røysta for kongedømme, 49 935 (20,5%) røysta for republikk.

Den nye kongefamilien

Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Norges konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og Alexander sitt namn vart endra til Olav. Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november der tusenvis av feststemde menneske venta.

Det strøymde snart inn helsingstelegram frå heile landet og mange kommunestyre vedtok å sende slike helsingar. Om kommunestyret i Jostedalen også sende helsingstelegram er usikkert. Det er i alle høve ikkje nedskrive i kommunestyreprotokollen. Dei mange republikanarane i kommunen kan vere ei mogeleg forklaring på at det eventuelt ikkje vart sendt slik helsing. Det var heller ikkje telefonstasjon i kommunen, og dei måtte då til nabokommunen om dei ville sende telegram.

Festar og takkegudsteneste over heile landet

Året hadde vore svært rikt på hendingar, og ved utgangen av året kunne folket no "puste" ut. I desember vart det mange stader skipa til folkefestar for å markere "..tilendebringelse av frigjørelsesverket". Kyrkja hadde spelt ei svært sentral rolle dette året, og torsdag den 7. desember vart det etter oppmoding frå det kongelege kyrkje- og undervisningsdepartementet halde takkegudstenester over heile landet. "..I følge den norske regjerings resolusjon derom skal departementet herved anmode hr. sognepresten om torsdag den 7de decemer d. a. at lade afholde en gudstjeneste i prestegjeldets hovedkirke for at takke Gud for de store velgjerninger, som han har vist mod vort folk og vort land ved at føre os saa vel gjennem de sidste maaneders betydningsfulle begivenheder og bevare os fra krig og anden ulykke."

Skifte av kyrkjebøn i høve dagen

Departementet bad også om at den vanlege kyrkjebøna vart skifta ut med fylgjande, som byrja slik: "Herre Gud, himmelske Fader, vi takker dig for den usigelige naade, som du har vist vort land og vort folk lige til denne dag. Du har med faderlig kjærlighed holdt din haand over os, afværget al fare og friet os fra alt ondt. Dit øie har hvilet paa os, dit øre har hørt vore bønner, og dt hjerte har hver dag og stund været aabent mod os. Derfor frembærer vi for dig, Herre vor Gud, atter og atter vor ydmyge tak i Jesu Krsti navn."

I rundskrivet vart det også oppmoda om å syngje fedrelandssalmen "Gud signe vaart dyre fædreland" av Blix, "forsaavidt dette er efter forholdene paa hvert sted antages at kunne lade sig gjøre." Presten i Jostedalen har ikkje notert noko spesielt om denne gudstensta.

kjelder:

Espe, Alfred: Jostedalen frå istid til sjølveigartid. 2002.


Avisene Sogns Tidende 18.08.1905 og 18.07.1905 og Sogningen 22.09.1905


Helland, Amund: Nordre Bergenhus Amt. Del 2. Kristiania 1901.


Gjerde, Anders: Kommunane i Sogn og Fjordane, grensendringar gjennom tidene. I Kjelda. Nr. 3. 2002.


Norges Handelskalender. Nordre Bergenhus Amt. 1904-1906.


Laberg, Jon: Jostedal. Ei stutt utgreiing um bygdi og folket der. Leikanger 1948.


Øvregaard, Kåre: Skulesoge for Luster kommune. 1996.


Lothe, Anders: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. 1950.


Jostedalsbreen og bygda den fikk navn etter. Red. Stein Næss. Grøndal forlag. 1989


Statsarkivet i Bergen: Samling av rundskriv frå prestearkiva i Sogn og Fjordane 1901-1905.


Statsarkivet i Bergen: Dagsregistra til sokneprestane i Sogn og Fjordane.

PERMANENT IDENTIFIKATOR