Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 14. juli 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Bautastein på Følling i Eldalsdalen



Sogn og Fjordane har eit halvt hundre bautasteinar arkeologane omtalar som fornminne, det vil seia at dei truleg er meir enn rundt rekna 1000 år gamle. Dei fleste er utan innskrift av noko slag, og det let seg ikkje gjera å datera dei nøyaktig. Det står ein slik bautastein på garden Følling i Gaular.

Bautasteinen på ytre Følling står på ein bakkekam godt og vel 100 meter nordaust frå gardstunet.

Bautasteinen på ytre Følling står på ein bakkekam godt og vel 100 meter nordaust frå gardstunet.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2008

Fotograf: Hermund Kleppa

Stad

Gardane Bell og Følling ligg ved Føllingvatnet om lag 1 km aust for Eldalsosen. Riksveg 13 går på nordsida av vatnet. Følling ligg på sørsida av vatnet, og gardsvegen til dei fire bruka tek av frå riksvegen ved osen i vest. Bautasteinen står på det første gardsbruket, på ytre Følling, midt i dyrka slåttemark på bakkekammen om lag 100 m nord for gardstunet. Dei kallar det Geiterøysa der steinen står.

Storleik

Bautasteinen på Følling er naturleg forma. Han er kring 50 cm brei nede og smalnar noko mot toppen. Høgda over bakken er om lag 2,3 meter. Magnus Følling, fødd 1923, fortalde i mai 2008 at steinen var høgare før. Han brotna av ein gong, og då dei reiste han oppatt, vart han ein snau halvmeter lågare over bakken. Elles retta dei steinen opp i 2007 etter at han hadde vorte noko skeiv.

Segner

Det knyter seg gjerne soger og segner til somme av desse gamle bautasteinane. Grunnen kan vera at folk opp gjennom tidene var undrande når dei stod framfor ein bautastein som alltid hadde stått der, - kven kunne ha reist han, kvifor, kvar hadde dei funne steinen, korleis hadde dei fått han fram?

Følling fortel at det har vore sagt at det var ein sterk kar som bar steinen ned frå ein stad oppi Nonfjellet der det finst steinar av dette slaget. Ei anna soge går på at folk blei stemnde til å samlast her då kristendomen vart innførd. Ein mann på Mjell, ein gard lenger oppe i Eldaldsdalen, nekta å koma. Han gjekk det ille med.

Per Fett

I 1950-åra var arkeologen Per Fett frå Historisk Museum i Bergen på Følling. Då blei det snakk om kva slags stein det kunne vera og kor lenge det kunne vera sidan han vart reist. Magnus Følling nemnde at kan henda det berre var ein stein dei hadde kome over under dyrkingsarbeid, og så reist han opp. Nei, det hadde Per Fett avvist med ein gong, og nemnt at det hende folk i førhistorisk tid reiste slike steinar til minne om hovdingar som reiste ut, men ikkje kom att.

Fleire fornminne i Per Fett-registreringane

Per Fett føretok ei systematisk registrering av fornminne på gardane i Hordaland og Sogn og Fjordane. På matrikkelgarden Følling, dvs. alle bruka står desse fornminna:

Bautastein
"graver (2), [grav-?]haugar (2), klebergryte, sverd, skjold, beisel"
"(tapt) metallknappar, fint rosete krusty, dvs. eja hektespenne og leirkrukke"

I Nordisk Kulturleksikon

Nordisk Kulturleksikon har ein lang artikkel om bautasteinar. Hovudmomenta er:
Dei finst einskildvis eller i grupper. Dei kan markera midten av ein haug, røys eller steinlegning, eller stå i kanten av slike. I Norden er dei vanlege i Noreg, Sverige og på Bornholm. Ved steinar på flat mark er det funne branngraver, fornminne eller ikkje noko som helst. Dei har ofte namn, gjerne etter personar.

Ei alternativ tolkning går ut på at nokre er sette som "fruktbarhetssymbol", knytta til førestellingar hjå folk før vikingtida. Bautasteinen er eit offer på "fruktbarhetens alter" på ein stad for rituell handling, ei foreining mellom bautasteinen og jorda, som uttrykk for høvesvis det mannlege og kvinnelege prinsipp i naturen. Artikkelen oppsummerer med at bautasteinane i førhistorisk tid hadde fylgjande funksjonar: markering av graver, fruktbarhetssymbol og minnesmerke.

kjelder:

Munnleg informasjon frå:
Magnus Følling, Gaular.

PERMANENT IDENTIFIKATOR