Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. september 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Tønjum kyrkje



Tønjum kyrkje er ei krosskyrkje i tre som står i grenda Tønjum i Lærdal kommune. Kyrkja, som har 175 sitjeplassar, vart vigsla 30. september 1832 av biskop Jacob Neumann. Kven som teikna kyrkja veit ein ikkje sikkert. Tønjum kyrkje er soknekyrkje for Tønjum sokn og hovudkyrkje i Lærdal prestegjeld.

Tønjum kyrkje vert kalla ei krosskyrkje, men manglar dei fire jamhøge delane som til saman utgjer ein kross.

Tønjum kyrkje vert kalla ei krosskyrkje, men manglar dei fire jamhøge delane som til saman utgjer ein kross.

Eigar: Lærdal kyrkjekontor.

Datering: 2003.

Fotograf: Håkon Li, Borgund.

Ny kyrkje på Tønjum?

Tønjum kyrkje er den minste i prestegjeldet, men likefullt hovudkyrkje i Lærdal. Årsaka til at ho vart bygd i ei slags krossform var truleg at ho skulle tole kraftig vind. Den førre kyrkja bles over ende i 1823, og noko slikt ville kyrkjelyden ikkje oppleve ein gong til. Det gjekk heile ni år før soknet fekk ny kyrkje. Sokneprest Ludvig Daae var sterkt imot at det skulle setjast opp ei ny kyrkje på Tønjum, han ville heller ha ei felles kyrkje plassert midt i bygda mellom øvre og nedre Eri. Denne skulle erstatte både Tønjum og Hauge kyrkjer. Daae meinte at kyrkjestaden på Tønjum låg farleg nær gardane Tønjum og Øvregard dersom det braut ut brann.

Vidare frykta han at når den harde vinden hadde sendt Tønjum kyrkje over ende, kunne det same hende på Hauge. Difor torde ikkje presten halde gudsteneste på Hauge dersom det var uvêr. Hauge-kyrkja var ikkje berre i dårleg stand, ho låg òg feil plassert med omsyn til kvar folk budde, meinte Daae. Presten stod så sterkt på meiningane sine at han ikkje eingong ønskte å sjå teikningane då framlegget til ny kyrkje på Tønjum låg føre. Han ville heller ikkje lytte til det veksande kravet frå innbyggjarane på Lærdalsøyri, om ei kyrkje på den framveksande tettstaden, når fyrst ei ny kyrkje skulle erstatte den som stod på Hauge.

Meiningane om éi eller to kyrkjer sprikte, og det same gjaldt stadvalet. På eine sida stod soknepresten nokså åleine, på den andre sida stod bygdefolket og i stor grad dei kyrkjelege styringsorgana. Det vart ikkje skikk på saka før presten døydde i 1831.

Kyrkjebygningen og fargen

At Tønjum kyrkje er ei krosskyrkje er berre delvis sanning. Sett innanfrå har ho den karakteristiske utforminga med sideskip, men utvendig manglar ho dei fire jamhøge delane som til saman utgjer ein kross. Kyrkja har heller ikkje takmøne ut til kvar side, slik som Olden gamle kyrkje, den einaste krosskyrkja i Nordfjord. Derimot minner Tønjum kyrkje i den utvendige forma om fleire av dei mange langkyrkjene våre, som t.d. Hornindal kyrkje. Den midtre delen av bygget er den høgaste og breiaste, og utgjer storparten av skipet. I kvar ende er det bygt til ein lågare og smalare del - inngangsdelen i kyrkja, som fører direkte inn i skipet, og fremst kordelen og sakristia. I tillegg til hovudinngangen har kyrkja inngangar frå kvar side i midtskipet. Midt på taket står eit heller lågt, åttekanta tårn.

Kyrkja på Tønjum er i dag kvit utvendig. Nokre stader kan ein lesa at ho også var kvit då ho fyrste gongen stod ferdig måla i 1864. Etter undersøkingar fastslo Riksantikvaren at ho var raudmåla kort tid etter at ho var ny, og at raudt dermed var den opphavlege fargen. Til 100-årsjubileet vart ho måla raud, etter å ha vore kvit i mange år. Mange i bygda reagerte sterkt på fargevalet og til 150-årsjubileet i 1982 vart det sett i gang pengeinnsamling der føremålet var at kyrkja kunne målast kvit att. I 1988, etter nærare seks års kamp mot Riksantikvaren og Stiftsdireksjonen, fekk Tønjum kyrkje tilbake den kvite fargen ho tidlegare hadde hatt.

Interiøret

I 1991 vart kyrkja måla innvendig. Både dei fire søylene i midtskipet, preikestolen og døypefonten har den same raudfargen. Også benkene er raude, medan veggene er gråtona. Fargevalet er gjennomført, og dei gullmåla listene i taket og på mykje av interiøret gir kyrkja ei ekstra fin innramming. Til samanlikning var veggene og kyrkjebenkene frå fyrst av måla lysegule. Søylene var brungule og delar av inventaret var måla i bronsebrunt. Felles med dagens kyrkje var dei mange gullmåla markeringane.

Tønjum kyrkje fekk elektrisk oppvarming i 1965, og på same tid vart dei innvendige vindauga skifta ut med dagens småruta vindauge i blyinnfatning. I koret er der eitt vindauge på kvar side, i krossarmane to på kvar side og det same i bakerste delen av skipet.

Kunst og inventar

Altertavla frå 1885 er signert med innskrifta "A. Olsen efter O. Mengelberg - 85". Anders Olsen (Storemaolaren) frå Lærdal hadde måla det same motivet til Kyrkjebø kyrkje i 1869. Det er såleis tale om ein replikk, ein litt enkel kopi av O. Mengelberg sitt måleri "Jesus i Getsemane". Nesten skjult i mørkret til høgre ser vi læresveinane. Ein engel kjem og trøystar og styrkjer Jesus. Innskrifta under biletet er "Vak og bed!"

På alteret står to lysestakar i messing frå 1675, med innskrifta "Claus Pedersen Rumor Cirsten Lauritzdatter 1675". Nattverdsutstyret er ein kalk og ein disk frå 1953, samt ei brødøskje, alle i sølv. Preikestolen og døypefonten er i tre, og truleg frå 1832. Det gamle dåpsfatet i messing heng no på veggen, og nytt dåpsfat og dåpsmugge i sølv vart tekne i bruk i midten av 1970-åra. Det nye fatet har innskrifta "Lat småborni koma til meg; hindra dei ikkje! For Guds Rike høyrer slike til."

Orgelet frå 1991 har 12 stemmer, laga av Norsk Orgel-Harmoniumfabrikk AS i Snertingdal (no Norsk Orgelverksted AS). Begge kyrkjeklokkene er laga av Olsen Nauen Klokkestøperi AS i Tønsberg. Klokka frå 1989 har innskrifta "Land, land, land, høyr Herrens ord!" Klokka frå 1992 har innskrifta "Klokke ring fred fra himmelborg, fred over livet, fred over sorg".

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR