Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 07. februar 2018

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kommune

Rå-data

Mikkel Larsson Stenehjem - smed i Sogndalsfjøra



Mikkel Larsson Stenehjem var smed i Sogndalsfjøra i om lag 40 år, og etterlet seg tre protokollar som til saman er spanande dokumentasjon om eit handverkyrke på 1800-talet.

Dagboka inneheld mange nedteikningar som ikkje hadde noko med arbeidet åt Mikkel å gjere. Det er informasjon om sorger og gleder som alle menneske opplever i eit langt liv. I dette utsnittet frå dagboka frå 26. november 1879 opplyser Mikkel at «Eggabestau dødde i dag Klokken 3 f.m.»

Dagboka inneheld mange nedteikningar som ikkje hadde noko med arbeidet åt Mikkel å gjere. Det er informasjon om sorger og gleder som alle menneske opplever i eit langt liv. I dette utsnittet frå dagboka frå 26. november 1879 opplyser Mikkel at «Eggabestau dødde i dag Klokken 3 f.m.»

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1879


Mikkel vart fødd 4. juli 1843. Foreldra var Lars Jensson og Gjertrud Torjusdotter Stenehjem. I 1869 gifta han seg med Øllegaard Christophersdotter Eggum. Dei fekk fire born. 

Mikkel hadde mange jarn i elden, bokstaveleg tala. Han var med i både fattigstyret og skulestell. Særleg ser skulesaka ut til å ha vekt eit særleg engasjement hjå han. I tillegg var han politisk interessert, og i 1894 kom han inn som vararepresentant til kommunestyret. 

Attåt yrket som smed dreiv Mikkel òg som bonde. Han både eigde og leigde ymse jordstykke rundt omkring i bygda. Det er fleire nedteikningar i dagboka som vitnar om denne delen av levebrødet hans, som denne frå 1891: «Aarets Høavling middels men Besetningen er for stor og af vore 3 Kuer og en Vettrang 5 Sauer o 3 lam, en Hoppe, maa vi antagelig sælge den ældste Koen naar det lider frem paa Vinteren» Han gjer greie for avlingar og forsanking. Ei stund prøvde han seg òg med tobakksdyrking. 

Smed
Mikkel hadde eit stort repertoar som handverkar. Han laga ljåar, grisesnedler, grev, tolleknivar, spikar, låsar, kistebeslag, ymse hestereiskapar og mykje anna. I tillegg var ulike typar reperasjonar ei viktig inntektskjelde. Han lodda kjelar, slipte knivar og vølte vogner. Alt i alt må Mikkel ha vore ein svært allsidig og nevenyttig mann.



Kundegrunnlaget ser ut til å ha vore breitt. Embetsmenn og kondisjonerte var store tingarar av tenestene hans. For lensmann Lem sette han til dømes i stand eit jarngitter i arresten, ordna med låsar og omnsrøyr i huset, skodde hesten og reparerte sledar og vogner. Elles var Sogndal Ullspinneri og kommunen på kundelista hans.

Dei fleste han ytte teneste til ser likevel ut til å ha vore gardbrukarar. Jarle Bondevik har skrive ei lita bok om smeden og arkivet han etterlet seg. Han har gått gjennom kundane til Mikkel, og listar opp kvar einskild. Dei fleste kom, ikkje så overraskande, frå nærområdet kring Fjøra og oppover Sogndalsdalen. I Norane hadde han nokre få kundar. I tillegg er det eit par døme på at han gjorde litt arbeid for folk frå andre bygder.

Personlege nedteikningar
Ei av dei store sorgene Mikkel opplevde var tapet av dottera Gjertrud. Ho døydde av magebetennelse i 1894, berre 12 år gammal. I årsoversynet for 1894 skriv Mikkel: «Forresten et tungt Aar: Tvillingene konfirmeret, Lars gift og Gjertrud død av Mavebetendelse, og vor Sorg var meget stor, og kommer også til at vedvare længe, da ingen af vore Børn var som Gjertrud.»

Mikkel er elles oppteken av både si eiga og familiemedlemmene si helse. I 1891 var sonen Lars sengeliggande halve året. I dagboka opplyser Mikkel at han sjølv fekk «ansigtsrosen» i 1903, og måtte halde seg i ro i tre veker.  

Arkivet
Protokollane frå Mikkel er fyrst og fremst eit monument over arbeidet hans. Men notatar av meir personleg karakter er òg iaugefallande, og gjev verdfull tilleggsinformasjon om mennesket bak smeden og arbeidsmannen Mikkel.

Dagboka er ført frå 1878 til 1912. Mikkel fører opp arbeidet han gjer, namn på kundane og prisen han tek. Det er ikkje vanskeleg å vere samd med Jarle Bondevik i at protokollen er «ein eineståande dokumentasjon av eit langt arbeidsliv.»

Lillebogen er ein protokoll med konti for kvar kunde. Byrjar i 1873 og går fram til 1912. Viser kva arbeid som vart gjort for kvar person.

Optegnelser er ei mindre bok med ymse innhald. Her finst til dømes rådgjerder mot «brystsygen» og blodforgifting.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. SFF-2012118 Stenehjem, Mikkel Larsson. Dagbok 


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. SFF-2012118 Stenehjem, Mikkel Larsson. Lillebogen


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. SFF-2012118 Stenehjem, Mikkel Larsson. Optegnelser


Bondevik, Jarle: Smed i Sogndalsfjøra : Mikkel Larsson Stenehjem. Bergen : Bodoni Forlag, 2011

PERMANENT IDENTIFIKATOR