Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. mars 2009

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Ferdslevegen opp Sværaskardet



Garden Sværen ligg inst i Sværefjorden. Frå innmarka går det ein godt merka sti opp Sværaskardet og vidare nordover forbi Torsnesstølen til riksvegen over Gaularfjellet. Stien er ein del av ein eldgamal ferdsleveg gjennom Sogn og Fjordane.

Utsyn mot Sværen og Sværaskardet frå austsida av Fjærlandsfjorden. Sværafjorden er ein arm av Fjærlandsfjorden. Den gamle ferdslevegen opp frå Sværen går på austsida av elva.

Utsyn mot Sværen og Sværaskardet frå austsida av Fjærlandsfjorden. Sværafjorden er ein arm av Fjærlandsfjorden. Den gamle ferdslevegen opp frå Sværen går på austsida av elva.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2007

Fotograf: Hermund Kleppa

Sværen - Sværaskardet

Frå vidt og flat lende ned mot sjøen i Sværen, smalnar dalen oppover til ein typisk v-dal med Sværaskardet øvst oppe. Stien går på austsida av elva, gjennom vekslande terreng med rik blanding av alt som veks og gror.

Bilvegen over Gaularfjellet vart opna seinhaustes i 1938. Vegen har i alle år vore vinterstengt. Gaularfjellsvegen endra mykje på ferdsla over Sværaskardet. Medan stien Sværen - Sværaskardet - Torsnesstølen - Gaularfjellet i dag (2009) først og fremst er ein interessant turveg, var den tidlegare mest brukt som nytteveg for farande folk i ulike slag ærend. Ei tid ferdast driftekarar med fedriftene sine gjennom Sværaskardet på veg til Austlandet og Bergen for å selja dyra sine.

I bygdebok for Balestrand har Gunnar Urtegaard har fortalt om den gamle ferdslevegen over Sværaskardet - som drifteveg og nytteveg:

Driftene hadde beiterett

Den gamle ferdslevegen over det indre Vestlandet gjekk gjennom Sværaskardet. Etter gamalt hadde driftene beiterett i 3 dagar på Torsnesstølen og 2 dagar nede i Sværen. Dei fyrste driftene kom gjerne ved jonsoktider, og ferdsla varte 2-3 veker kvart år. Det hende det samla seg so mykje driftebeist i Sværen at nye drifter vart liggjande og venta på Mjellshaugen, Langestølen eller Torsnesstølen.

Frakt med båt

Frå Sværen skulle beisti fraktast til Vik, Aurland eller Lærdal. Karane tinga seg driftebåtar. Lars Dale (Margreta-Lars) hadde båt som tok om lag 35-40 beist. Endre Torsnes sin båt kunne lasta 40 beist og Skåsheimbåten 35.

Ofte kom det skøyter frå andre bygder. "Lærdal" [tilhøyrde Fylkesbaatane] kunne ta opp til 7 båtar på slep. "Lærdal" vart og lasta med driftebeist. Beisti vart tekne om bord i Lasteviki i Sværen eller Øyeskredviki. Staden der båtane la til i Lasteviki, heitte Lastehammaren. Der var fjorden djup, og "Lærdal" kunne leggja heilt inn til land. Riksvegen øydelagde denne lasteplassen.

Dei narra ungane

Når driftekarane kom til Sværen, lova dei gjerne ungane skillingar om dei ville hjelpa dei å jaga på dyri so dei fekk dei om bord i båten. Når arbeidet var gjort, hende det nok diverre at driftekarane kunne gløyma slike lovnader. Ikkje alle var slik, men dette førte dårleg ry på driftekarane.

Driftene vart som oftast lasta inn om natti. Det vart gjort fordi dei ville nytta dagen til turen. Like før århundreskiftet [1800/1900] var frakti frå Sværen til Aurland ei krone for kvart beist.

Når ferdi møtte motvind, vart dyri trøytte og svoltne. Då stogga dei og sette dyri på land. Det kune skje i Njøsaholten eller i Borlaugskroken.

Idlasvaet

Vegen ned frå Sværaskardet var vanskeleg fleire stader. Her kunne vera so trongt at berre eitt beist kunne passera om gongen. Om lag midt i skardet var Idlasvaet. Det var eit sleipt og skrått sva. Det hende beist gleid ufor her og miste livet. Folk slo jarnboltar i berget og la ein stokk over for å førebyggja slike ulukker.

Lusagrovi og Sokkasteinen

Nær bøgarden [skiljet mellom innmarka og utmarka] i Sværen ligg Lusagrovi. Det er ei liti oppkome som aldri turkar inn. Der kvilte ferdafolk frå Sunnfjord, og dei skifte gjerne klede. Dei ville koma velflidde til gards. Ved Sokkasteinen tok folk av seg sokkane og kom berrføtte ned til Sværen. Eirik Nordnes frå Norane i Sogndal var den siste som kom ned Sværaskardet med fedrift. Det var i 1906 eller 1907.

Smågrisar i sekker

Vegen gjennom Sværaskardet var godt vegval for andre enn driftekarane. Det var ferdsle heile året. Vinterstid kunne sunnfjordingane koma til Sværen på grisehandel. Dei for kring på gardane og kjøpte seg smågrisar. Grisungane bar dei heim att i sekker.

Svarvabidne

På etterjulsvinteren, kring kyndelsmesse, drog folk opp Sværaskardet. Dei skulle nordover på handel. Sunnfjordingar kom og over skardet om vinteren og handla fisk og sild. Ofte hadde dei med seg ymse husflidsting som målatøy og svarvabidne [dreia trekar]. Prisen på svarvabidne vart fastsett på det viset at seljaren fekk det fylt med bygg utan omsyn til storleik.

Til nedfalls - sett i stand på nytt

Då vegsambandet over til Vadheim kom (..) , og seinare veg over Gaularfjellet [1938], minka ferdsla over Sværaskardet mykje. Den gamle vegen vart til nedfalls. Sommaren 1976 skipa bygdefolket i Sværen og på Torsnes til dugnad for å få den gamle vegen sett i stand og farande på nytt.

Gamalt ferdaynske

Når folk forlet Sværen på veg mot skardet, fekk dei gjerne fylgjande gode ferdaynske frå folki der:

"Vårherre vara dykk for svartantran og trippelur og skjerranvipp og kastanrus og for alt vondt som går att og fram i Sværaskardet. Han vara dykk og for gaupe, ulv, bjørn, oter og rev."
 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Urtegaard, Gunnar: Balestrand. Bind II - Gards- og ættesoge. 1991.

PERMANENT IDENTIFIKATOR