Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Garden Dyrstad



Garden Dyrstad ligg på vestsida av Berstadvatnet i Berstaddalen, vel 200 m o.h. Vegen frå vatnet opp til dei gamle tuftene er bratt, og garden har i følgje gamle kjelder fleire gonger vore lagd øyde av skred.

Dyrstad. Biletet er teke mot nord. Til venstre i biletet ser vi murrestane etter huset lengst mot nord. I skogkanten bak i biletet ligg restane etter eit fjøs som vart bygd i stølstida. Nyttårsorkanen i 1992 øydela dette fjøset.

Dyrstad. Biletet er teke mot nord. Til venstre i biletet ser vi murrestane etter huset lengst mot nord. I skogkanten bak i biletet ligg restane etter eit fjøs som vart bygd i stølstida. Nyttårsorkanen i 1992 øydela dette fjøset.

Eigar: I Høgskulen i Sogn og Fjordane sin rapport nr 4/96.

Datering: 1994.

Fotograf: Inger Eikeland Flåten

Periodevis øyde

Namnet Dyrstad kjem truleg av mannsnamnet Dyri. Garden er nemnd første gong i 1612, då Oluff Torsteinson Diurstad budde her og la skatt og tiende. I 1626 heiter det i jordboka at garden for ei tid sidan "af Sne- og Fjeldskred ganske med Huse og Anmark (krøter) blev borttagen og nu igjen er saaed".

Dyrstad, eller Dalen, som han òg har vore kalla, låg til St. Jørgens hospital i Bergen, og i 1667 var skylda nedsett til 18 merker fisk eller 9 merker smør. Truleg vart skylda redusert fordi garden igjen hadde lide skade. Visst er det at garden i periodar ikkje var busett, til dømes i 1690-1701 og i 1812-1814.

I periodar har garden vore utan hus, og slåtten har då lege til ymse bruk nede i bygdene. Seinare ser det ut til at garden har vore delt og også tidvist nytta til seterdrift.

Gamle husmurar

I dag er det tre bruksnamn på den tidlegare garden Dyrstad: Dyrstad (bnr. 1), Sagabråten (bnr. 3) og Bakkebu (bnr. 5).

Vegen frå Berstadvatnet opp lia til Dyrstad er ganske bratt, men landskapet flatar seg ut når ein kjem opp mot innmarka. I den øvre enden av innmarka ligg murrestane etter dei tidlegare husa på garden. Det er registrert to tufter her. Begge tuftene er rektangulære. Den nordlegaste er ca. 9 x 4 m, den andre 10 x 4 m. Kring og inne i dei gamle murane veks det einer og litt bjørk. Også innmarka held no på å gro til.

Gjekk gjennom isen

I utmarka vest for Berstadelva skal det ha lege ein gard som heitte Solemb. Det heiter at folka på Solemb var i slekt med folka på Dyrstad. Ei segn fortel at ein gong skulle folka på Solemb i juleselskap til Dyrstad. Då gjekk dei gjennom isen på Berstadvatnet og alle drukna.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Flåten, Inger Eikeland og Austad, Ingvild: Vegen over Berstadeidet. Ei natur og kulturhistorisk undersøking langs den gamle ferdselsvegen i kommunane Selje og Vågsøy. Rapport nr 4/96. HSF, avd. for naturfag. Sogndal 1996.
Aaland, Jacob: Selje, Nord- og Sør-Vågsøy. II Gards- og ættesoga.

PERMANENT IDENTIFIKATOR