Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. april 2011

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Samlingsheimen ved Storebru



Bedehuset på Storebru - som har namnet Samlingsheimen - står tett attmed vegkrysset der vegen til Hyen og Nordfjord tek av frå riksvegen mellom Førde og Florø. Soga til Samlingsheimen går tilbake til 1934 då tanken om å byggja bedehus ved Storebru kom opp. Huset vart bygt og teke i bruk i 1942, men ikkje vigsla før i 1949.

<p>Samlingsheimen ved Storebru 24. juni 2007, f&oslash;r omv&oslash;le d&aring; det mellom anna vart sett inn d&oslash;r til kjellarh&oslash;gda p&aring; nedsida. Inngangen er p&aring; oppsida.</p>

Samlingsheimen ved Storebru 24. juni 2007, før omvøle då det mellom anna vart sett inn dør til kjellarhøgda på nedsida. Inngangen er på oppsida.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2007

Fotograf: Hermund Kleppa

Soga fram til 1961

Me har ei utførleg utgreiing om soga til Samlingsheimen fram til 1961. Ho er skriven av lærar Albert Leirvik. Han kom til bygda i 1931. Skulekrinsen heitte Langedalen. Leirvik blei ein føregangsmann i arbeidet med å få reist bedehus. Sist på 1950-talet fekk han oppmoding frå folkehøgskulestyrar Otto Huseklepp om å skriva soga om Samlingsheimen. Det gjorde han, men arbeidet førelåg berre som kladd då han døydde. Judith Leirvik reinskreiv arbeidet hans for årsskriftet Jul i Sunnfjord 1964. I artikkelen fortel Leirvik om korleis tanken om bedehus kom opp, om byggjearbeidet, vigslinga og kva huset hadde vorte nytta til. Artikkelen her er todelt. Den eine delen omfattar Leirvik sin artikkel i noko avkorta og redigert form. Den andre delen handlar om vigslinga i 1949.

Vekking

”Ved påsketider 1932 fekk vi vitjing av ein ung emissær, Ådland frå Fana. (…) Han hadde møte her i påsken. Frammøtet var stort, så skulehuset vart for lite. Her vart vekking. Den unge indremisjonstalaren Severin Ådland verka her ein heil månad og vekkinga heldt fram. Både unge og eldre vart med [vart omvende]. Dei var frå grendene Knapstad, Løkebø, Ramsdal, Svarthumle, Sunnarvik og dessutan frå Langedal krins.

Kristeleg ungdomslag

I denne tida var her ikkje organisert indremisjonsarbeid, men ungdomane ville gjerne at her skulle skipast kristeleg ungdomslag. Såleis vart Dalen kr. Ungdomslag skipa 1932. Laget arbeidde godt i åra framover, og vart innmeldt i Sunnfjord krins av N.K.U.F. [Norges Kristelige Ungdomsforbund.]

Kvinnelag

I 1934 vart Indremisjonens kvinnelag skipa og innmeldt i Sunnfjord krins. Det var lenge berre fire kvinner som trufast heldt saman, og arbeidet har bore frukt. I dag [kring 1960] er det 15 aktive lemer, og laget heiter: Samlingsheimens kvinnelag.

Tanken om bedehus

(…) På eit av desse små kvinnelagsmøta var det at tanken om eit bedehus slo rot. (..) Eg minnest så godt at dei var samla i den vesle heimen vår, som då var på Eikevoll. Eg las til dei or boka åt Lars Rustbøle om "Den gamle låven" som vart til bedehus. Og kring bordet og kaffikoppen vart det så slege fast at her skulle byggjast bedehus. Helga Torheim lova med ein gong fri grunn til bedehuset. Det fall i min lodd å realisera tanken. (...)

Samarbeid

Men berre fire kvinner var for lite. Vi måtte ha ein større flokk til dette arbeidet. Og så vart det samarbeid med Dalen kr. ungdomslag. I denne tida var det Sverre Myklebust som var kapellan her [Kinn prestegjeld, Eikefjord kyrkjesokn], og han fekk mykje å seia for utviklinga av byggjeplanane.

Tomt og frivilleg innsats

Det ordna seg godt med tomtespørsmålet. Forutan den grunnen som før er nemnd, vart ein også tilbydd fri grunn av Gabriel Eikevoll. Den siste vart vald, og det var ein lagleg stad, der ved vegkrysset. Brørne Albert og Sigvard Eikevoll bygde huset. Far deira, Hans Eikevoll, var den fyrste som lova materialar til bygget, 10 furer på rot. Seinare var det mange som ytte liknande gåver. Dessutan vart det gjeve gåver i form av dagsverk, bilkøyring, m.m.

Milestolpar

I oktober 1939 vart grunnsteinen lagd, og presten Birkeland – som nett då var her – hadde ei kort andaktsstund på tomta. Grunnmuren vart 14 x 8 x 2,5 meter. Det var meininga å byggja i 1940, men så kom krigen [9. april 1940] og sette ein stoppar for det.

I 1942 vart så huset reist – og sett i stand så ein kunne ta det i bruk til møter og festar, men noko bra lokale var det sjølvsagt ikkje.

Fyrst i 1949 kunne ein så innvigja [vigsla] huset. Det var biskop Indrebø som vigde heimen, og det var første innvigjinga han hadde som biskop. Vigsledagen 10. juli 1949, var ein varm og strålande sumardag, og 4-500 menneske var samla, ikkje berre frå Eikefjord, men frå mange stader i Sunnfjord. (...)

Møtehus for bygda

Samlingsheimen er førd opp av reisverk og kledd med huntonitt. I kjellarhøgda er det stor matsal, og der kan 90-100 menneske sitja til bords samstundes. Der er stort kjøken, vel utstyrt med alt som trengst. Oppe er det storsal og småsal. Samanslegne gjev dei sitjeplass til 150 menneske. Huset er stort nok til møtehus i bygda. Kjellaren har ofte vore utleigd til prkatiske kurs, t.d. snikkar-, vev- og kokekurs. I fleire år heldt framhaldsskulen til her. Småskulen likeeins. Sidan sentralskulen vart ferdig i Eikefjord [0000] vart det ikkje bruk for Samlingsheimen til skule.

Namnet

Før huset hadde fått namn kom Matias Orheim på vitjing her [forkynnar frå Stårheim]. Då sa han: ”Kall huset: Samlingsheimen. Det heiter bedehuset vårt på Stårheim og.” Han forklåra at samling skriv seg frå den tida dei kalla oppbyggjingsmøte for samlingar. Heim er også eit godt ord. Vigsledagen kom det telegram frå Maria og Matias Orheim: ”No er me namnesysken to, Stårheim Samlingsheim helsar. Guds hage i Noreg må kring oss gro trygt for vår Frelsar.”

Orgel

I 1961 vart det kjøpt eit stort og godt orgel frå Vestre orgelfabrikk. Det hadde heile tida vore eit sakn at der ikkje var instrument i bedehuset. Og eg trur ikkje nokon no ville vera forutan den hugnad som orgeltonane gjev.

Sluttord

Må så heimen verta brukt til ære for Guds namn! Og må så små og store gå der flittige og høyra Ordet om Frelsaren, så Samlingsheimen kan bli til signing for bygda, då er ikkje arbeidet til fånyttes.” (Så langt Albert Leirvik 1961)
 

Om vigslehøgtida

Albert Leirvik nemnde i artikkelen sin at Samlingsheimen ved Storebru vart teken i bruk i 1942, men ikkje vigsla før sju år etter, søndag 10. juli 1949. Florøavisa Firda Folkeblad hadde dagen etter eit utførleg stykke om den høgtidlege hendinga.

Mange tilstades

Det var folksamt i Eikefjord i går. Samlingsheimen ved Storebru skulde vigslast. Ingen ringare enn formannen i N.K.U.F., biskop Indrebø, skulde vigsla han. Og både bispen og godvêret drog folk til Storebru. Det var minst 600 menneske samla. Alle kom ikkje inn sjølvsagt. Men det var ordna med høgtalar, slik at vel halvparten fylgde med ute. Det interessante var at folket var frå nær sagt alle bygder i Sunnfjord.

Biskopen i Bjørgvin

Vigslehøgtida vart opna i 15-tida, av lærar Leirvik. Han opna med nokre ord frå 103. Davids salme, og ynskte alle vel møtt. Serleg ynskte han bispen velkomen, og i samband med den helsinga song Leirvik og frua eit velkomedikt til Bjørgvinbispen, skrive for dette høvet.
Krinsformannen, kyrkjesongar Flaten [frå Førde] tok so over leiinga og viste seg som ein flink leiar, – som vanleg. Eikefjord songlag song eit nummer, og deretter heldt biskop Ragnvald Indrebø..
 

Vigsletalen

Bispen gjekk ut frå Paulusbrevet der det heiter: - "Lat Kristi ord bu rikeleg hjå dykk". Det vert produsert utruleg mange ord no til dags, i tale og serleg skrift, sa bispen. Og vi skal ikkje vanvyrde orda, dersom dei ikkje misser sitt verd. Men ogso orda kan verta ute for inflasjon, slik at dei får svært lite verd, - vert berre ord og atter ord. Tenkjer vi likevel på all denne uhorvelige mengd av ord som vert aust ut over oss, so er det sams for dei alle at det gjeld noko som forgår. Hadde vi ikkje eit ord som kunde vise oss veg til himmelhamn, var vi lite hjelpne. Kristi ord er det einaste som har denne evne til å vise ut over det forgjengelege.

Memento mori! - hugs at du skal døy. Det er noko som vår tids menneske treng å verta mint om. Dei veit det, men dei flyr frå det. Dersom ikkje menneska rømde frå den realiteten, so skulde dei sjå at dei hadde meir bruk for Kristi ord.

Dette skulde vera ein heim der folk kan samlast og lyda til Kristi ord, sa bispen. Vi har andre heimar og, der Kristi ord burde lyda. Kvar heim i denne bygda og i alle bygder burde vera ein samlingsheim for Kristi ord. Eg vil ynskja at Gud må leggja si signing rikeleg til det ordet som skal verta forkynt i den samlingsheimen som her er reist. Og so seier eg dette huset innvigt til sitt heilage bruk i namnet åt Faderen, Sonen og Den heilage ande.

Soknepresten i Kinn

Sokneprest Tjelta tala etterpå, og streka under at vi må ikkje gløyma å gå i dei husa vi byggjer til Guds ære. Gud gjeve at vegen opp til dette huset ikkje må gro til, men at de trufast må samlast her om Guds ord. Det vart no ei kvild, og det vart servert rømmegraut. Neimen om det var liketil å greia det til so mange.

Helsingar

Etter matkvilda las Flaten eit par helsingstelegram som var komne, og so fekk ungdomsskulelærar Garlid ordet. Han heldt ein tankerik tale ut frå nokre ord i brevet til romarane: ”Ver brennande i åndi, ten Herren”.

Kantate

Eikefjord songlag førde so fram ein kantate, som A. Leirvik hadde skrive til denne vigslehøgtida. Kanaten slutta slik:

Her stend han Samlingsheimen
på faste, sikre grunnen bygd.
So kom då utor sveimen
og høyr Guds gode ord med frygd.
Kom lat oss samlast alle:
Kom gamal og kom ung!
Ja kom og høyr Gudskallet:
Kast syndebyrdi tung.
So lat då opp ditt hjarta,
og bed din frelsar inn.
Med han du trygt kan starta!
Du sigerprisen vinn!”
 

 

kjelder:

Jul i Sunnfjord, 1964
Firda Folkeblad, 11.07.2011
 

PERMANENT IDENTIFIKATOR