Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Kinsedalen og draumen om det kvite sølvet i gråsteinen



Inne i Lustrafjorden ligg Kinsedalen. Den har fått namnet sitt etter elva Kinsa, eller kanskje det er omvendt. Ei frodig vik med smågardar i liene og på nesa. Bratt og ulendt er der, men frukta trivst utruleg godt i skredjorda og det milde klimaet, medan frodige beite i lier og fjell til alle tider har gjeve grunnlag for drift med småfe.

Kaien i Kinsedalen med kompressorhus, verkstad og transportanlegg.

Kaien i Kinsedalen med kompressorhus, verkstad og transportanlegg.

Eigar: Norsk Hydro.

Datering: 1941 - 1942.

Fotograf: Ukjend.

Labradorstein: gråstein med alumininuminnhald

Fjellgrunnen i Kinsedalen består for det meste av labradoritt som inneheld opp til 30 % aluminiumoksid. Mineralet vert også kalla anortositt. Heilt frå aluminiumsindustrien i Noreg starta i Stongfjorden i 1908 på grunnlag av innført aluminiumsleire (bauxitt) har ingeniørane arbeidd for å få ein prosess der labradoritten kan brukast i framstillinga av aluminium. Det greidde dei tidleg, men prismessig kan ikkje anortositt tevla med bauxitt som inneheld 50 % aluminiumsoksid, så dei rike mineralmengdene i Kinsedalen fekk lenge liggja i fred.

Tyskland sigrar på alle frontar

I 1940 - 1941 valsa Tyskland all motstand overende og rådde over storparten av Europa. Eitt av slagorda var "Nyordning". Alt skulle effektiviserast og moderniserast, og alle hender skulle i arbeid til gagn for "Riket". Den tyske Organisation Todt fekk i oppdrag å byggja ut vegar, jernbaner, naturressursar og festningsanlegg i alle okkuperte land.
I Sogn arbeidde Todt ut ein stor plan for utbygging av dei store fossefalla i Årdal og bruk av krafta i ein aluminiumsfabrikk i Øvre Årdal, medan råstoffet til aluminiumsproduksjonen skulle brytast i Kinsedalen. Slik skulle mangelen på aluminium i den tyske krigsindustrien løysast.
Tyske og norske ingeniørar i firmaet Nordag og Norsk Hydro vart sette i sving med planlegginga, og i løpet av kort tid var norske arbeidsfolk og krigsfangar frå mange land i full gang med alle tre prosjekta.

"Arbeiten! Arbeiten!"

I Kinsedalen vart det plassert om lag 400 mann. Hovudentreprenør var Selmer. Dei bygde brakker for arbeidsfolk, messer og bustader for ingeniørar og leiarar. Rett nedanfor bruket Sjøtun vart ein kai for store lasteskip bygd. Den står framleis og er eit prov på at når det gjaldt betongteknologi, låg ingeniørane i fremste rekkje, for betongen er framleis mest uskadd, etter 60 år utan vedlikehald.
Det vart også bygt trallebaner oppover lia til tunnelane, der brytinga av labradorstein kom i gang. Ei for persontransport og ei for stein. Dei prøvebora ned til 130 meter, og det var mykje med den tidas utstyr. Både dagbrot og stollar inn i fjellet vart nytta. Det vart også etablert knuseverk for produksjon av pukk til alt betongarbeid i Årdal. Den stille grenda med sine små gardsbruk var ikkje til å kjenna att. Det vrimla av folk og maskiner overalt. For å få straum til anlegget måtte dei byggja spenn over fjorden og linje frå Årøy kraftverk.
Steinen vart sprengd ut og knust ved uttaket, og gjekk så med trallebane ned til kaien. Båtar førte råstoffet til Herøya ved Hydro sitt anlegg for vidare foredling, heilt til eit flyåtak i 1944 la denne fabrikken i grus.

El Alamein og Stalingrad

Så kom tilbakegangen for Tyskland. I Afrika vart Rommel sine styrkar slått ved El Alamein, og ved Stalingrad vart marskalk Paulus sin arme gjort om inkjes av russiske divisjonar. Trua på tysk siger minka, og motløysa spreidde seg i Organisation Todt. Tempoet gjekk ned, og sabotasjen mellom dei tilsette auka. Det var mangel på reiskap og materialar, og matløysa gjorde seg gjeldande overalt. Arbeidsfolk var det nok av, men lite vart gjort, og mykje vart ståande halvferdig. Tyskarar var berre ein sjeldan gong å sjå ved anlegget.

Flagga til topps

Ein vårdag i året 1945 gjekk alle flagg til topps. Tyskarane vart borte. Krigsfangane likeså, og arbeidarane forsvann stille kvar til sitt. Men i Kinsedalen stod det att ein hypermoderne kai med lasteanlegg som ingen hadde bruk for. Brakkene vart rivne. Kantinebygget vart ståande att og vart i nokre år brukt til yrkesskule, og mange er dei sogningar som fekk sin fyrste yrkesutdanning der. I skog og mark vart skrot frå trallebana og taubana liggjande og rusta, til plage for folk og beist, og framleis går du deg på meiningslause betongklossar i tettaste skogen. Dei ligg som eit minne frå den gongen tyskarar og nordmenn ville gjera labradorstein frå Kinsedalen om til det kvite sølvet, - aluminium. Nordmenn for arbeidplassar og valuta. Tyskarar for krigsfly og rakettar.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Karl Børtnes, Øvre Årdal.
Eirik Røysi, Ål.

PERMANENT IDENTIFIKATOR