Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. februar 2003

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Hyen kyrkje



Hyen kyrkje er ei langkyrkje i tre på Straumsholmen i bygda Hyen i Gloppen kommune. Kyrkja, som har 300 sitjeplassar, vart vigsla 14. juni 1876 av biskop Peder Hersleb Graah Birkeland. Målaren Karl Kristian Uchermann laga teikningane. Hyen kyrkje er soknekyrkje for Hyen sokn i Gloppen prestegjeld.

Kyrkja i Hyen ligg flott plassert som eit landemerke på Straumsholmen i botnen av Hyefjorden. Tårnet reiser seg høgt over vestgavlen og står godt i stil med resten av bygget.

Kyrkja i Hyen ligg flott plassert som eit landemerke på Straumsholmen i botnen av Hyefjorden. Tårnet reiser seg høgt over vestgavlen og står godt i stil med resten av bygget.

Eigar: I Soga om Gloppen og Breim, band III.

Datering: 1941.

Fotograf: Ukjend.

Fleire hundre år utan kyrkje

Bygda Hyen var utan kyrkje i mange hundre år. Kanskje var det ikkje så mange som ville tale saka til småkårsfolka i Hyen. Eller kanskje var det prestane i tidlegare tider som ikkje var særleg lystne på å reise så langt av stad. Kven som helst kunne kvi seg på ein slik kyrkjeveg. For hyarane var det uansett ingen veg utanom. Gjennom generasjonar var dei nøydde til å leggje ut på dei mest strabasiøse kyrkjeferder for å kome seg til soknekyrkja på Vereide. Langt tilbake i tida hadde dei ei kyrkje i bygda, truleg plassert i nærleiken av bautaen som i 1950 vart sett opp på Hope. Denne kyrkja har enten ramla ned eller vorte rivi, truleg i tida like etter Svartedauden (frå 1349). Gjennom dei neste 500 åra måtte hyarane søkje til Vereide kyrkje.

Kampen for eiga kyrkje vann fram

I 1801 bad prost Peder Pavels Bjørgvin stiftsdireksjon om at hyarane måtte få kapell og eigen gravstad på Straume. Responsen var dårleg, og saka vart lagt bort. I 1827 vart det gjort eit nytt forsøk. Då prøvde tingmann Ola Hjemsæter å få styresmaktene i Kristiania med på å flytte Gimmestad kyrkje til Hyen. Framlegget vart avslått. Og endå eit avslag følgde då 44 bønder i Hyen i 1838 føreslo at Gimmestad kyrkje vart flytta til Hyen.

Fyrst i 1868 byrja ting å skje. Då søkte den nyutnemnde soknepresten i Gloppen, Arnt Uchermann, på vegner av bygdefolket i Hyen, om at heradsstyret måtte løyve midlar til kyrkje i Hyen. Og sjølv om saka vart utsett, auka presset frå bygdefolket jamnt og trutt. Då varaordførar Jakob Eimhjellen fire år etter reiste spørmålet om kapell eller kyrkje i Hyen, vart det omsider gjennomslag. Målaren Karl Uchermann, son til soknepresten, laga teikningane. På denne tida budde det nærare 600 menneske rundt om i dei små grendelaga. Kvart bruk med skog måtte skaffe ei viss mengde materialar, og dei som ikkje hadde skog, måtte svare sin del med pengar. I tillegg kom sjølve pliktarbeidet som alle måtte utføre under sjølve bygginga. Tomta fekk kyrkjelyden i gåve av ekteparet Abel og Eli Straume. Etter at kyrkja var komen i bruk, fekk varaordføraren frå Hyen også gjennomslag for at bygda vart skilt ut som eige sokn. Dermed slapp hyarane å betale på utgiftene til dei to andre soknekyrkjene.

Om byggjearbeidet vert det fortalt at bøndene i Hyen førebudde dette i fleire år. Ein mann dei kalla Hole-Per frå Eimhjellen hadde fått i oppgåve å skaffe svillene i skipet, og han sette si ære i å finne tømmer i 12 meter lengde. Stokkane hogg han på Eimhjellevassenden og derifrå frakta han dei til Eimhjellen. Per Eimhjellen døydde før svillene kom lenger, men etter ei tid vart dei kappa og frakta vidare til kyrkjetomta på Straume.

Kyrkja

Kyrkja i Hyen ligg flott plassert som sjølve landemerket i botnen av Hyefjorden. Tårnet reiser seg høgt over vestgavlen og står godt i stil med resten av bygget. Nedste delen av tårnfoten er våpenhus, og på sidene vart det til 100-årsjubileet i 1976 bygt til toalett på sørsida og dåpssakristi på nordsida. I kjellaren under dåpssakristiet vart det laga til bårerom. Prestesakristiet framme i forlenginga av koret vart bygt til då kyrkja var ny. Frå rundt århundreskiftet var det vedfyring i kyrkja, og fyrst i 1963 fekk ho elektrisk oppvarming. Tre år i førevegen vart det montert elektrisk lys.

Fargane i kyrkja i dag er dei same som då ho var ny. Eikefargen går att både på benker, gallerifronten og preikestolen. I koret er veggene kvite, med unnatak av austveggen som er måla i ein lys ferskenfarge. Den same fargen har veggene i skipet. Taket i skipet er inndelt i felt med gulmåla bjelkar imellom. På kvar av veggene i skipet er der to boga vindauge. På korveggene er der eit fint arbeidd vindauge med stiliserte liljer som pynt og Kristusmonogram. Glasmåleria er frå 1982, og er laga av Arne Haugen Sørensen frå Danmark. Over korbogen er det måla "Aaret 1875". Det er det synlege uttrykket for at kyrkja stod ferdig i 1875. Sommaren 1876 vart ho vigsla.

Altertavla

Altertavla frå 1926 er måla av Ferdinand Kierulf Tranaas, til 50-årshøgtida for kyrkja. Ho viser Jesus i bønekamp i Getsemane. Tre læresveinar søv, men ein lysande engel er hjå han og legg høgre handa på hovudet og styrkjer han. Innskrifta under tolkar Getsemane-kampen som offer: "Sjaa det Guds Lamb." Dette er Johannes Døyparen sitt vitnemål om Jesus (Joh. 1,29). Ramma til tavla understrekar på tradisjonell måte at alteret er det sentrale i kyrkjerommet, som eit hus i huset. To parallelle søyler på kvar side endar i eit spir med gullkross på toppen, og tilsvarande eit spir over hovudfeltet.

Kunst og inventar

Antependiet er truleg frå 1876. Det er raudt med brodert solkross. På alteret står to lysestakar i messing frå 1928, med innskrifta "Anno 1928", og ein trearma lysestake i sølv. Nattverdsutstyret er ein kalk, ein disk, ei brødøskje, ei vinkanne, og eit krus med gullkross.
Preikestolen, med enkel sjablonmåling, og døypefonten, er begge frå 1876. Dåpsfatet og dåpsmugga er i kopar, mugga har innrissa ei due som symbol for Den Heilage Ande.

Måleriet frå 1876, laga av arkitekten for kyrkja, Karl Uchermann, var altertavle fram til 1926. Motivet er "Jesus i Getsemane", det same som på noverande altertavle. Biletet framstår i dag som nokså mørkt og tungt i fargevalet. Biletet låg lenge i sakristiet, men vart for nokre år sidan sett opp på nordveggen i skipet, og då i si opphavlege ramme, og med innskrifta "See det Guds Lam som bærer Verdens synd".
Orgelet frå 1972 har 12 stemmer, og er bygt ved Vestlandske Orgelfabrikk. Kyrkjeklokka frå 1876 er laga i Bergen.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR