Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Portesteinen - naturleg portal mellom to gardar



På grensa mellom gardane Porten og Storakeren ligg Portesteinen i eit skar i fjellet. Ferdsla over land mellom dei to gardane gjekk gjennom ei grind under steinen, - fram til 1960.

Portesteinen i fjellskaret mellom gardane Porten og Storakeren sett frå  sørsida. To medlemer av Hyllestad Lærarlag, den eine med ein gutepjokk med seg, vil ta turen under steinen.

Portesteinen i fjellskaret mellom gardane Porten og Storakeren sett frå sørsida. To medlemer av Hyllestad Lærarlag, den eine med ein gutepjokk med seg, vil ta turen under steinen.

Eigar: Per Bygnes.

Datering: 1970-1975.

Fotograf: Per Bygnes.

Portal mellom to gardar

Portesteinen er ei stor og kanta steinblokk som har kilt seg nedi eit skar mellom dei to store gardane Porten og Storakeren. Mellom steinen og austre bergveggen er det ei opning, stor nok for folk og fe til å passera igjennom.

Til nytte for folk og fe

Under steinen er det nokre meter med gjerde med ei grind i. Dette var det einaste gjerdet mellom desse to gardane, og dette gjerdet var under tak. Frå Porten i nord måtte ein gå den bratte Portebakken opp mot steinen. Frå Storakeren i sør var det eit slakare lende opp mot steinen.

Heilt fram til det kom veg ved sjøen i 1960 gjekk den vanlege ferdsla mellom gardane i grenda under denne steinen. I tillegg til hovudbruka i Porten og Storakeren hadde også andre gardar og husmannsplassar nytte av ferdslevegen under Portesteinen. Truleg har garden Porten fått namnet etter denne "porten" i fjellskaret.

Stien under Portesteinen var ei godt trakka rås når folk skulle fram til skule, lokal butikk, post og kai. Ikkje minst viktig var det å treffa grannar kvar gong rutebåten kom. Særleg stor stas var det for ungdomen å koma saman kvar gong rutebåten la til kai.

Tung veg til dampskipskaien

Rutebåtstoppestaden heitte Storakersund og låg vest for Portesteinen, på garden Storakeren. Sidan gardane ytst på halvøya ikkje hadde vegutløysing, måtte dyr til slaktehusa førast med båt frå Storakersund kai. Det var eit stort slit for folk frå Porten-sida å få kyr og oksar fram til kaien. Største slitet var å koma opp Portebakken mot grinda under Portesteinen. Om vinteren, på isa og frosen mark i nordhallet, var det eit endå større slit. Folk måtte gjerne strø for å få dyra opp. Kyr skulle ikkje berre til slaktehuset, men også til okse, - med same slitet. Sauer vart førde fram til kaien med småbåt og fekk såleis ikkje "oppleva" turen under Portesteinen.

Lite brukt etter 1960

I 1960 vart ein kort vegstubb med halvtunnel under brattaste hammaren nede ved sjøen ferdig. Vegen letta livet for folket på gardane i grenda. No vert stien under Portesteinen lite brukt. Før kunne ein sjå frå Portesteinen og ned i tunet i Porten. Men nå har det vakse til lauvskog i Portebakken. Men det er ein fin fottur å fylgja den gamle råsa i eit spanande konglomerat-landskap.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Kellmer, Inger og Førsund, Finn B. (red): Hyllestad bygdebok. Soga om folket. Bind 2. Hyllestad kommune 1993.
Notat frå 16.11.99 etter telefonsamtale med Harry Porten, Hyllestad.
Notat frå 04.09.01 v/Per Bygnes etter samtale med Harry Porten.
Notat frå 30.09.01 v/Per Bygnes etter telefonsamtale med Harry Porten.

PERMANENT IDENTIFIKATOR