Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 13. juni 2006

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Eggjane-Smørkletten til fots



Ein interessant fottur i Leikanger går frå garden Eggja til Smørkletten. Stien går i vekslande utmarkslandskap, - gjennom tett, planta granskog og opne stølsområde, opp ein bakkeskråning der eineren dominerer, gjennom blandingsskog - mest older og bjørk, men også osp og rogn. Lengst oppe - i regionen mot tregrensa - er landskapet prega av myrstrekningar og småbjørk. På Smørkletten er det vidt utsyn i alle himmelretningane. Dessutan byr turen på fleire interessante kulturminne.

Utsyn frå Smørkletten mot aust-sør-aust. Me ser indre del av Hermansverk og innløpet til Sogndalsfjorden. Til høgre Ramnaberget der to fjordspenn går ut, bukta inn til Fresvik og Fresvikåsen. Lengst inne går Aurlandsfjorden sørover (til høgre) og Sognefjorden  vidare innover i landet i aust-nord-austleg retning (til venstre i biletet.) Det snøkledde fjellet i bakgrunnen til venstre i biletet, er Blegja i Lærdal kommune.

Utsyn frå Smørkletten mot aust-sør-aust. Me ser indre del av Hermansverk og innløpet til Sogndalsfjorden. Til høgre Ramnaberget der to fjordspenn går ut, bukta inn til Fresvik og Fresvikåsen. Lengst inne går Aurlandsfjorden sørover (til høgre) og Sognefjorden vidare innover i landet i aust-nord-austleg retning (til venstre i biletet.) Det snøkledde fjellet i bakgrunnen til venstre i biletet, er Blegja i Lærdal kommune.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2006.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Stølsvegen til Grindsdalen

Turen startar ved snuplassen heilt i enden av Eggjavegen. Me fylgjer den gamle stølsvegen som går gjennom eit område kalla Hagane og gamle Høygarden, opp til heimestølane til bruka på gardane Fosse og Eggja. Sela (stølshusa) ligg på rekkje over gamle Høygarden. Fosstølen ligg rundt 6-700 m frå snuplassen. Stølsområdet er brattlendt. Selet ligg i øvste kanten; restane av ei utmarksløe heilt nede. Stien (som er godt merka med raude malingsmerke) går vidare oppover lia og nord til fjellstølen til Fosse og Eggja, Nyastøl, som ligg rundt 4 km nord i Grindsdalen. Eitt bruk på Fosse og eitt på Eggja hadde fjellstølen sin i nedre Rommedal, ein sidedal i same dalføret rundt åtte kilometer lenger nord.

Tett granskog

Mykje av utmarka på Eggjane er planta til med gran. Ein del av skogen er hogstmogen. Skogplantinga starta for alvor frå ca 1960 og utover. Å planta skog var ei god samfunnssak på den tida. Skulane hadde plantedagar, gardbrukarane fekk offentleg tilskot til å kjøpa granplanter og mange kommunar hadde eigne skogakarar i arbeid. Frå eit snaufelt midt i området med skog kan me sjå over til Feios. Der dreiv dei óg med skogplanting. Plantefelta viser godt att i utmarkslandskapet.

Skålgropfelt

Eit kort stykke etter snaufeltet kjem me til ei stor myr som heiter Kjeringamyri. Me kryssar ein liten bekk i vestkanten og gjer straks etter ein stogg, attmed eit svaberg. Sjå godt etter. Her er tett i tett med skålgroper, eller også kalla offergroper. Arkeologen Per Fett ved Historisk Museum i Bergen registrerte dei i 1941. Skålgropene er eit slag helleristingar knytte til jordbrukskulturen. Fagfolka meiner dei er over 1000 år gamle. Utanom skålgropene ved Kjeringamyri er det oppdaga skålgroper ein annan stad i Leikanger, ved Svolset i Friksdalen. (Sjå tilvising til meir om skålgropførekomstane i Leikanger nedanfor).

Kraftline

Eit par hundre meter etter Kjeringamyri kjem me til ei svær kraftline. Ho kjem austanfrå og fer vestover. Heile vegen er det ei rundt 50 m brei snauhoggen gate. Kraftlina vart bygd midt på 1960-talet.

Kross i stein

Ikkje langt oppom kraftlina står det ein stein med innhoggen x (kross) tett i vegen. Steinen merkjer seg elles ut ved at einkvan ein gong nytta steinen som merkefelt for raudmaling. Det er fleire krossar i utmarka her. Dei vart innhogde under utskiftingar (deling av felleseige) som vart haldne frå ca 1956 og utover.

Krossar er grensemerke mellom jordeigedomar. Me kan lesa om grenseforretningar (utskiftingsforretningar) i sorenskrivaren sine tingbøker. Der står det kor grensene blei dregne og kor det blei markerte med x, enten i berg, jordfast stein eller nedsett stein. ".. hvor x blev hugget", står det ofte i teksten. Grensesteinar har vore brukt i hundrevis av år. Me høyrer om dei mellomalderdiktet Draumkvedet. Det kom til å gå dei ille, dei som utan å ha rett, let seg freista til å flytta grensesteinar. "Gud nåde dei syndesålene, som flytte deilder [grensesteinar] i skog."

Offerstad

Nesten oppe på det høgaste er der ein liten bergknaus attmed vegen. Ei bjørk viser på lang avstand. Oppå bergknausen, som vert kalla Fjellmann, ligg ein heil haug med stein. Det er steinar som folk opp gjennom tidene har lagt frå seg her, steinar dei harofra. Eldre folk har fortalt at dei vaksne alltid kom med påminning til borna om å hugsa på "å ofra", og dei spurde når nokon kom heimatt: "De hugsa vel på å ofra?"

Me kjenner til to andre offerstader i Leikanger der folk har hatt for vane "å ofra" når dei har fare forbi, den eine på vegen mellom Bjørgahaug og Hangsete (småstein), den andre på den gamle stølsvegen til Stokksete (skogsbær eller blomar i "Gåsi", ei grop i berget som liknar på ei gås. Sjå tilvising til eigen artikkelnedanfor.)

Smørkletten - namnet

Frå gamalt går det ingen sti opp på punktet Smørkletten. Difor har Tur- og trimgruppa i idrottslaget Syril merka ei rute frå den gamle stølsvegen opp på toppen. Tett attmed vegen ligg det ei lita tjørn og ein fjellformasjon som vert kalla Trollakyrkja. Stadnamnet Smørkletten har to ledd, smør og klett. Klett tyder klump (svensk: klimp), fjellknaus. Klepp og Kleppa tyder det same. Korleissmørskal forklarast i denne samanhengen, er verre å svara på. Kanskje det i førhistorisk tid var ein offerstad på Smørkletten, der dei ofra smør i skålgroper?

Trigonometrisk punkt

Smørkletten er namnet på eit noko vidare område, og det høgaste punktet ligg på 822 moh. Bergknausen der turen Eggjane-Smørklett endar, ligg 12 m lågare, på 810 moh. Her er spor etter ei trigonomterisk markering, ein bolt i fjellet og fleire augeboltar rundt, dessutan rusta streng og halvrotna trestykke med kvite malingsrestar. Det er alt saman spor etter eitbardunsignal(markering på trigonometrisk punkt) som Norges Geografiske oppmåling (no Statens Kartverk) sette opp her i 1963 i samband med oppmåling for eit nytt økonomisk kartverk. Arne Njøs gjorde jobben.

kjelder:

Opplysningar frå:
Hans Hamre, Leikanger.
Statens Kartverk, juni 2006.
Sognekraft, juni 2006.