Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 13. januar 2011

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Selje bedehus



Selje kommune har tre bedehus: Nordstranda bedehus på Ytre Stadlandet, Nordpoll Samlingsheim i Nordpoll og Selje bedehus i hovudbygda. Hausten 1959 selde Selje Sparebank det gamle bankhuset sitt til Selje Indremisjonsforeining. Etter nødvendig ombyggingsarbeid vart huset vigsla som bedehus i 1965.

<p>Selje bedehus, &rdquo;Bedehuset&rdquo;, sett fr&aring; s&oslash;rvest ein vinterdag i januar 2010. Hovudinngangen er p&aring; oppsida/baksida av huset. Inngangstrappa p&aring; framsida er fr&aring; den tida huset var bankbygning, 1905-1959.&nbsp;</p>

Selje bedehus, ”Bedehuset”, sett frå sørvest ein vinterdag i januar 2010. Hovudinngangen er på oppsida/baksida av huset. Inngangstrappa på framsida er frå den tida huset var bankbygning, 1905-1959. 

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2010

Fotograf: Hermund Kleppa

Selje bedehus

Selje bedehus ligg om lag ein kilometer aust for sentrum. Det er ein tømra bygning på 1 ½ etasje med full kjellarhøgd. Huset vart oppført i 1905 av Selje Sparebank med rom for bankekspedisjonen og rom for andre føremål. Indremisjonen overtok huset i 1959 og føretok etter kvart ombygging til høveleg bedehus med to kombinerte møtesalar, kjøkenavdeling og toalett. Hovudinngangen vart flytta til nordsida/baksida av huset utan at den opphavlege inngangstroppa og inngangsdøra på framsida vart fjerna. Alle opphavlege vindauga er bytte ut.

Selje indremisjon

Sogeskriftet Nordfjord Indremisjon (..) 1879-1979 har nokre opplysningar om Selje indremisjonsforening. Foreininga var kan henda den fyrste indremisjonsforeninga i Nordfjord, skipa så tidleg som 1869. Det føreligg ikkje annan skriftleg dokumentasjon enn at det i 1929 vart halde 60 årsjubileum. Eit brev i Landsindremisjonen sitt arkiv, datert 17.02.1885, er underskrive av sokneprerst Strømme. Presten ber om å få eit bibelbod, ein utsending frå Indremisjonen til å koma på besøk. Han ønskjer å oppretta ei foreining for Selje. To år seinare melde han frå om at foreininga var skipa. Dette går ikkje heilt i hop med 60 års-jubileet i 1929. Er det tale om ei heilt ny foreining, eller ei nyskiping av ei tidlegare passiv/nedlagd foreining?

Vekkingar i Selje

Vekkingar og bedehus høyrer saman, at folk blir omvende og blir sterkare opptekne av kristenlivet. I 1890-åra var emissær Pedersen frå Ålesund i Selje. Han var svær til å syngja, og ”folk strøymde til møta hans i så stort omfang at alle stover blei for små.” Pedersen fekk ord på seg for å vera ein uvanleg sterk forkynnar.

Hausten 1932 kom Ruben Ekrem og Sigurd Dragsund til bygda for å ha møteserie. Om dagane gjekk dei på husbesøk.

Møtelokalet i det gamle bankbygget (utheva her) var fullsett av folk kveld etter kveld.” Hjelpeprest Sverre Nybø deltok av og til og ein ung gut frå Skorge (Hans). Ikkje så få kom med [blei omvende], og bygda fekk ein ”god og trufast veneflokk.”

Vigslingshøgtid

Det er alt nemnt at Selje Sparebank sitt hus frå 1905 var meir enn ekspedisjonslokale for bankforretningar. Det var eit møterom der, som Indremisjonen også gjorde seg nytte av. Men i lengda var ikkje dette godt nok. I mange år snakka dei om å få seg sitt eige samlingshus, eit bedehus. Det var såleis ei stor hending då indremisjonsfolket kunne be inn til vigslehøgtid, søndag 23. mai 1965.

Tilreisande talarar var generalsekretær Torvald Øberg frå Landsindremisjonen, krinssekretær Knut Myrstad i Nordfjord Indremisjon, og krinsen sin faste arbeidar i mange år, Johannes Holsen. Mykje folk frå bygda var tilstades og mange tilreisande frå dei ytre Nordfjord-bygdene. Avisa Dagen i Bergen hadde eit langt stykke om vigslinga.

I kyrkja

Høgtida byrja i kyrkja der Myrstad ynskte velkomen. Øberg gjorde teneste ved altaret og heldt preike over dagsteksten frå Matt. 7: Bed så skal de få. Etter preika gjorde sokneprest Eidem alterteneste. Eit nystarta blandakor song og det vart teke opp offer.

På bedehuset

Etter samlinga i kyrkja heldt høgtida fram med vigslefest på bedehuset. Begge salane var ”fylte til trengsel”. Anna Myrstad, leiar i Selje indremisjonsforeining, ønskte velkommen og etter henne tok Knut Myrstad over leiinga. Herman Håvik las festprolog. Myrstad greidde ut om arbeidet med å skaffa bygda bedehus, frå dei fyrste planane til ”at det heile no var ført fram til ei lukkeleg løysing”. Han mintest særleg ”dei eldre” som hadde ”brunne” for bedehus-saka, og nemnde særskilt nyleg avdøde kyrkjesongar Hilmar Ervik i ein kort minnetale.

Øberg heldt vigslingstalen ut frå 1. Kor. 9.23: Alt gjer eg for evangeliet si skuld. Under sjølve vigslinga var det skriftlesing ved Magnhild Sandnes, Johanne Marta og Vigdis Myrstad. Ein mannskvartett frå Vågsøy, leia av Reidar Berg, song fleire songar.

Etter matpause med kaffi, smørbrød og kaker bar fleire fram helsingar. Arne Udberg helsa frå Misjonsselskapert, sokneprest Eidem frå kyrkja og Alv O. Bergset frå Nordfjord Indremisjon. Myrstad retta ei hjarteleg takk for all velvilje og hjelp frå alle hald. Han nemnde særskilt byggenemnda, Aksel Dybedal, Paul Myrstad og Leif Hove og kasseraren Jenny Hjelle.

Som avslutning tala Johannes Holsen ut frå bibelordet: ”Gud er mektig til å gjeva dykk all nåde i rikt mål”, og Øberg avrunda med å takka og lysa velsigninga over den store festlyden.
 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Avisa Dagen, 02.06.1965
Selje Sparebank. Gjennom 75 år.
Nordfjord Indremisjon 100 år. 1979.

PERMANENT IDENTIFIKATOR