Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 13. mars 2005

Sist oppdatert 19. mai 2020

Kategori

Rå-data

1905 - Regjeringa Christian Michelsen - eit oversyn



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen er eit oversyn over regjeringa Michelsen som vart utnemnd tre gonger: av den norsk-svenske kronprinsregenten, av Stortinget og av den nye norske kongen.

Regjeringa Michelsen, utnemnd tre gonger i 1905. Framme frå venstre: Olssøn, Arctander, Michelsen, Løvland, G. Knudsen, Vinje. Bak frå venstre: Bothner, Hagerup Bull, Lehmkuhl, Chr. Knudsen.

Regjeringa Michelsen, utnemnd tre gonger i 1905. Framme frå venstre: Olssøn, Arctander, Michelsen, Løvland, G. Knudsen, Vinje. Bak frå venstre: Bothner, Hagerup Bull, Lehmkuhl, Chr. Knudsen.

Eigar: I Norge 1814-1914 Jubilæumsutgave..

Datering: 1905.

Fotograf: Ukjend.

Tre gonger regjeringa Michelsen

Den 1. mars 1905 søkte regjeringa Hagerup-Bull avskil. Ti dagar seinare, den 11. mars, vart regjeringa Michelsen utnemnd. Det var ei samlingsregjering som hadde som hovudoppgåve å oppretta eige norsk konsulatverk. Regjeringa Michelsen vart oppnemnd tre gonger i løpet av åtte månader:

Fyrste gong:

11. mars 1905 oppnemnde regenten, kronprins Gustaf, regjeringa Michelsen-Løvland. Regjeringa hadde på denne tida ei avdeling i Stockholm. Leiaren av Stockholms-avdelinga vart nemnd som "den norske statsministeren i Stockholm." Jørgen Løvland var statsminister i Stockholm i den nye regjeringa.

Andre gong:

7. juni 1905 oppnemnde Stortinget regjeringa Michelsen som mellombels regjering. Bakgrunnen var at kong Oscar II hadde nekta sanksjon på konsulatlova 28. mai. Kongen hadde óg nekta å ta imot regjeringa sin avskilssøknad av di det var uråd for han å danna ei anna regjering. Av "hensyn til fedrelandet" kunne ikkje regjeringa halda fram. Den 7. juni la regjeringa ned embeta sine i Stortinget "sine hender". Stortinget ba regjeringa å halda fram, og ga mynde til mellombels å utføra regjeringa sine oppgåver. Regjeringa var no kalla "Den norske regjering", og i ettertida "7. juni-regjeringa."

Tredje gong:

27. november 1905 oppnemnde Kong Haakon VII regjeringa Michelsen i hans fyrste statsråd som konge i Norge. Utnemninga var den einaste saka.

Regjeringsmedlemmene og regjeringsperiodane Nedanfor er sett opp ei alfabetisk liste over dei som var med i Christian Michelsen si regjering i året 1905. Det var eitt skifte. Finansminister Gunnar Knudsen søkte avskil 31. oktober etter at Stortinget hadde vedteke å fremja kongeval. Det vart ikkje utnemnd ny statsråd.
Oversynet over dei tre regjeringsperiodane har med etternamn og departementsansvar.

Regjeringa Christian Michelsen - medlemmer i 1905

CHRISTIAN MICHELSEN (1857-1925), fødd i Bergen, overrettssakførar og skipsreiar.
SOFUS ARCTANDER (1845-1924), fødd i Christiania, tollskrivar i Kristiania.
HARALD BOTHNER (1850-1924), fødd i Halden, sorenskrivar i Stjørdal.
EDVARD HAGERUP BULL (1855-1938), fødd i Bergen, høgsterettsdommar.
CHRISTOPHER KNUDSEN (1843-1915), fødd i Drammen, sokneprest i Tønsberg
GUNNAR KNUDSEN (1848-1928), skipsreiar og fabrikkeigar.
KRISTOFER DIDRIK LEHMKUHL (1855-1849), fødd i Bergen, børskommissær og forretningsmann.
JØRGEN LØVLAND (1848-1922), fødd i Evje i Setesdal, lærarutdanning, politikar.
CHRISTIAN OLSSØN (1844-1915), fødd i Horten, generalmajor, børskommissær.
AASMUND H. VINJE (1851-1917), fødd i Etne, lensmann i Skudesnes.

Regjeringa Michelsen - oversyn over dei tre periodane:

a) 11. mars 1905 - 7. juni 1905:

1. Michelsen. Statsminister i Kristiania.
2. Løvland. Statsminister i Stockholm.
3. Arctander. Sjef for Handelsdepartementet.
4. Knudsen, G. Sjef for Finansdepartementet og Revisjonsdepartementet.
5. Olssøn. Sjef for Forsvarsdepartementet.
6. Bull. Medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm.
7. Knudsen, Chr. Sjef for Kyrkjedepartementet.
8. Bothner. Medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm.
9. Vinje. Sjef for Landbruksdepartementet.
10. Lehmkuhl. Sjef for Arbeidsdepartementet.

b) 7. juni 1905 - 27. november 1905:

1. Michelsen. Statsminister og regjeringsformann.
2. Løvland. Sjef for Utanriksdepartementet.
3. Arctander. Sjef for Handelsdepartementet.
4. Olssøn. Sjef for Forsvarsdepartementet.
5. Knudsen, G. Sjef for Finansdepartementet.
6. Bull. Sjef for Justisdepartementet.
7. Knudsen, Chr.. Sjef for Kyrkjedepartementet.
8. Bothner. Sjef for Revisjonsdepartementet.
9. Vinje. Sjef for Landbruksdepartementet.
10. Lehmkuhl. Sjef for Arbeidsdepartementet.

c) 27. november 1905 - (23. oktober 1907)

1. Michelsen. Statsminister og sjef for Revisjonsdepartementet.
2. Løvland. Sjef for Utanriksdepartementet.
3. Arctander. Sjef for Handelsdepartementet.
4. Olssøn. Sjef for Forsvarsdepartementet.
5. Bull. Sjef for Finansdepartementet.
6. Bothner. Sjef for Justisdepartementet.
7. Vinje. Sjef for Landbruksdepartementet.
8. Knudsen, Chr. Sjef for Kyrkjedepartementet.
9. Lehmkuhl. Sjef for Arbeidsdepartementet.

Merknad: Christian Michelsen var statsminister til 23.10.1907. Det var fleire ministerskifte i tida 1906-1907.

"Leve den norske regjering!"

Christian Michelsen og regjeringa hans hausta mange lovord då det hendingsrike året 1905 gjekk mot slutten. I Florø heldt dei stor folkefest for å feira kongeinntoget og frigjeringsverket i 1905. Lærar E. M. Hole heldt tale for regjeringa. Han samanlikna med ein seilas i tidvis hardt vêr og ureint farvatn. Under slike høve har mannskapet alt å seia. Hole nemnde særskilt Karlstadforhandlingane. Det var eit offer å gå med på leggja ned grensefestningane, men det var eit nødvendig offer for å sleppa krig og ulukker. "Og", sa Hole mot slutten, "vi ved, hvad vi har opnaaet, - det frie Norge staar der fuldt ferdig til at optage arbeidet indad og udad." Han slutta med desse orda:

"Derfor feires der fest over Norges land. Men under disse festligheder gaar vore tanker til de mænd, som i disse vanskelige tider har ledet Norges folk. Det er sandt, de har havt en god støtte i et enigt storting og et enigt folk. Men alligevel, det er dog regjeringen som mer end nogen anden har baaret dagens byrde og hede, følt det tunge ansvar og udført det store verk. Det er dog først og fremst den vi har at takke for, at vort statskib, er ført lykkelig i den trygge havn. Derfor: Et leve den norske regjering!"

kjelder:

Nielsen, Yngvar: Norge i 1905. Kristiania 1906.


Heiberg, J.V.: Unionens opløsning 1905. Kristiania 1906.


Lindstøl, Tallak: Stortinget og statsraadet 1814-1914. Bind 1, del 1, Bind 1, del 2. Kristiania 1914.

PERMANENT IDENTIFIKATOR