Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Sognefjellsvegen



I 1938 stod køyrevegen over Sognefjellet ferdig. Det var dei harde økonomiske forholda i 1930-åra med stor arbeidsløyse som var den direkte årsaka til at Sognefjellsvegen og mange andre vegar i landet vart bygde. Den er Noregs høgaste høgfjellsveg - og har ord på seg for å vera ein av våre aller vakraste turistvegar.

Biletet er frå Sognefjellsvegen sine første dagar. Her er det turkøyring med opne rutevogner. Vegdekket var grus, og køyrebreidda veksla frå 3 m i kostbart terreng til 5 m på parti der ein auke i vegbreidda ikkje påverka kostnadene. I ein kommentar til vegstandarden seier Sogns Avis i 1938, at nedanfor Turtagrø var det eit stykke av vegen som ikkje var vidare godt å køyra, men at det likevel ikkje var verre enn at bilane kunne komma fram. Dette partiet vart utbetra i 1939.

Biletet er frå Sognefjellsvegen sine første dagar. Her er det turkøyring med opne rutevogner. Vegdekket var grus, og køyrebreidda veksla frå 3 m i kostbart terreng til 5 m på parti der ein auke i vegbreidda ikkje påverka kostnadene. I ein kommentar til vegstandarden seier Sogns Avis i 1938, at nedanfor Turtagrø var det eit stykke av vegen som ikkje var vidare godt å køyra, men at det likevel ikkje var verre enn at bilane kunne komma fram. Dette partiet vart utbetra i 1939.

Eigar: Statens vegvesen

Datering: Ukjend

Fotograf: Elen Loftesnes, Sogndal

Sysselsettingsarbeid
Vegprosjektet kom i gang avdi Sosialdepartementet i 1935 avgjorde at det skulle løyvast ekstra midlar til naudsarbeid for arbeidslaus ungdom. Pengane kom vinteren 1936, og våren etter kunne dei starta opp på begge sider av fjellet. Samstundes vart det sett av løyvingar til ei rask sluttføring av den alt påbyrja vegen frå Fortun til Turtagrø. I to somrar arbeidde ungdommen oppe på fjellet og om vintrane nede i dalen.

På sognesida var det om lag 120 ungdommar og på opplandssida om lag 100. Dei kom stort sett frå Sogn og Fjordane og Oppland og hadde ulik erfaring og bakgrunn. Ved sida av vegarbeid fekk ungdommane opplæring i skomakar- og snikkararbeid. For mange var vegarbeidet uvant arbeid, men det gav nok ungdommane kjensle av å høyra til i samfunnet og gjera nytte for seg. Vegen vart opna for trafikk sommaren 1938 og fekk riksvegstatus. Til saman kosta vegen 756.000 kroner frå Lom til Skjolden, ei strekning på tilsaman 83 kilometer.

Vegdirektør Krag ville ha veg over Sognefjellet
Første gong spørsmålet om veg mellom Sogn og Gudbrandsdalen kom opp var i 1850. Det var gudbrandsdølene som ivra for ein veg vestover til fjordane på Vestlandet. Veglina var eit ope spørsmål: Skulle dei nytta den gamle ferdselsvegen over Sognefjellet til Luster, eller skulle dei byggja vegen gjennom Skjåk og Grotli ned til Stryn?

Veg over Strynefjellet stod ferdig i 1898. Vegdirektør Krag hadde arbeidd med å få rideveg over Sognefjellet. I 1903 reiste han til Luster og kalla saman kommunestyret på ein søndag, endå vegdirektøren var ein svært religiøs mann. Møtet i Luster vart opna med andakt, og fru doktor Paasche las dagens evangelium. Per Urdal las fadervåret, og dei song eit par salmevers. Då diskusjonen om vegen byrja, var det slutt på all semje. Nokre ville ha veg over Sognefjellet, andre gjennom Mørkridsdalen til Sotaseter i Oppland, og ein ville ha veg om Jostedalen. Det er sagt at vegdirektøren skal ha slege protokollen saman og avslutta med at han hadde håpa at dette skulle bli hans store livsoppgåve, men når lustringane varsplidaktige med seg sjølve, så kunne dei ikkje få vegen.

Låge kostnader
Ingen av dei to fylka hadde vegen med i sine vegplanar. I 1932 vart det første gong løyvt 145.000 kroner til anlegget Fortun-Berge med ½ statsbidrag, og i 1936/37 vart Optun-Turtagrø teke opp på vegbudsjettet med 7/10 statsbidrag (2 av 6,4 km vart finansiert over postenungdomsarbeid). Begge parsellane var bygdeveganlegg. I premissane for løyvingane låg at vegen skulle byggjast vidare over høgfjellet, men som ein lett veg til kr 10,- per m. Vegbreidda skulle vera 2,5 m. Grunnen til at det vart så billeg, var at det ikkje skulle sprengast, og at det var få bruar som skulle byggjast. På den andre sida av fjellet var det ein gammal bygdeveg frå Lom til Elvesæter, og vidare til Krossbu var det ein seterveg bygd av grunneigarar og telegrafvesenet. Det stod då berre att 20 km mellom Turtagrø og Krossbu. For denne parsellen vart det ikkje kravd bidrag frå distriktet.

Billeg arbeidskraft og hardt arbeid
Det måtte gjerast mykje førebuande arbeid før ungdommane kunne byrja arbeidet. 150 tonn brakkematerialar og utstyr vart frakta til Oscarshaug. Dei første 11 km kunne dei køyra med bil, medan dei måtte nytta hest på til dels dårleg veg dei neste 9 km. Prisen på heile transporten vart 9000 kroner.

Den 21. juli 1936 starta vegarbeidet opp på sognesida med 50 mann. Den 10. august kom det 70 mann til. Dei vart delte inn i lag med ein bas og fem gutar. Basen var i regelen ein røynd vegarbeidar. Arbeidet var lagt opp som akkordarbeid. Reiskap og utstyr var som vanleg på den tida: hakke, spade, feisel og bor. Dei hadde og stubbebrytarar, men ofte gjekk det for seint når ein skulle bruka desse, då det tok lang tid å flytta dei og setta dei opp. Basen ville helst ha det på gamlemåten med å få steinen på plass med handemakt og spett. To mann drog steinen med tog, medan to mann gjekk etter med spett og styrde. Om hausten når dei slutta arbeidet på fjellet, vart arbeidsstyrken nytta til å utbetra vegane på begge sider av fjellet.

Gutane fekk ein gjennomsnittleg timepris på kr 0,65 og formennene kr 1,06. Med det greidde dei å halda utgiftene nøyaktig på kr 10,- per m. Betalinga ungdommen fekk vart ikkje stor, for kvar veke vart det trekt kr 12,25 i kostpengar, kr 0,45 i trygdepengar og ei krone i brakketrekk. Til saman utgjorde dette nær 50 % av vekelønna.

Vegopning 50 år etter
Sognefjellsvegen vart opna for bilferdsle i slutten av juli 1938, men først vart vegen inspisert av vegvesenet. Laurdag 16. juli var det synfaring med vegdirektør Bålsrud, fylkesmann Seip frå Sogn og Fjordane og fylkesmann Ihlen frå Oppland, i tillegg til alle vegingeniørane som hadde hatt med vegen å gjera. Med var også ordførarane i Lom og Luster. Det var festmiddag på Turtagrø og mange vakre talar om vegen og ungdommane som hadde bygd han. Framleis sto det ein del arbeid att, og korkje bussar eller lastebilar fekk førebels løyve til å køyra over fjellet. Derimot var vegen open for drosjebilar.
Det var meininga at vegen skulle ha ei offisiell opning i 1939, men det skjedde ikkje. Først 50 år seinare var det offisiell opning, då vegetaten i begge fylka markerte Sognefjellsvegen sitt 50-årsjubileum i 1989.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sogns Avis. 08.07.1938.
Rosenlund, Oddvar: Sognefjellsvegen. I Vegstubben, s. 25-26, jubileumsnummer 1989.
Handeland, Olav: Sognefjellet var ein god arbeidsplass. I Vegstubben, s. 27-28, jubileumsnummer 1989.
Handeland, Olav: Vegen over Sognefjellet 50 år. I Vegstubben, s. 8-9, nr. 3-1989.
Ese, Kristin: Turistvegar. I Vegstubben, s. 17-22, nr. 2-1997.
Vegvalg, Nasjonal verneplan. Statens vegvesen Vegdirektoratet 2002.

PERMANENT IDENTIFIKATOR